Sannsynsleikvis

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har ikkje alltid skrive nynorsk. Eg hadde bokmål som hovudmål dei fyrste elleve skuleåra. Og eg gav i grunnen ein lang faen i sidemålet mitt, som då var nynorsk. På vidaregåande skulle me lesa ei islendingesoge, Soga om Gunnlaug Ormstunge, og etterpå levera ein stil om den. Dette var mitt fyrste forsøk på skikkeleg nynorsk, og eg nytta ordboka flittig. Resultatet var at eg fekk karakter 3. Eg var glad til med det. «Sidemål spelar vel ingen rolle», tenkte eg. Dette var sjølvsagt før eg hugsa på at eg skulle ha eksamen i båe målformene, og før eg forstod kva sidemål eigentleg handla om. Same kva, her er stilen min (men ver merksam på at språket er grueleg dårleg!):

Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Referat:

Først i sagaen møter vi Torstein og kona hans Jofrid. Dei bur på Borg i Borgarfjorden.

Ei natt har Torstein ein draum der han såg ei svane på husmønet. Like etter kom to store ørnar får kvar sin kant, og dei byrja og sloss om svana. Det enda med at begge døyde, og da kom ein falk. Falken og svana flaug bort saman. Sidan islendingar på den tid trudde på lagnaden, så hadde den stor betying for historia vidare i sagaen. Drømmen blei tyda av ein mann, og det kom fram at Torstein skulle få en fager dotter som to menn skulle sloss om. Dei skulle drepe kvarandre. Så skulle ein tredje mann kome å be om handa hennas, og bli gift me ho.

Drøymen begynner å gå i oppfylling når Torstein får ei dotter. Torstein seier at han ikkje vil ha noen dotter, og at ho skulle bli sat ut i skogen. Jofrid lika ikkje det, så ho ba Torgjerd, Torsteins søster, om å ta vare på ho. Noen år seinere får Torstein rede på dette, men vil nå ha Helga, som dattera heite, tilbake.

Illuge Svarte og kona Ingebjørg har ein son som heita Gunnlaug Ormstunge. Tidleg vil Gunnlaug ut i verda, men far hans liker det dårleg. Når han blei større ble han lova Helga, som han hadde hatt eit godt auge til, av Torstein. Men under visse krav; han må skikka seg på reisene sine, og Torstein måtte lika huglyndet hans når han kom tilbake. Men viktigast av alt var at han måtte være tilbake etter tre år, elles fekk noen andre Helga.

Gunnlaug reiste rundt i Noreg og Storbritannia å kvad for kongar. Da han kom til Sverige trefte han ein mann som heite Ravn. Dei kvad begge for kongen, og krangla om kven som var best. Ravn drog til Island og fant det svake punktet til Gunnlaug, som var Helga. Gunnlaug klara ikkje å komme tilbake til Island til avtalt tid, og dermed kunne Ravn gifte seg med Helga. Han ble ikkje særleg blid da han høyrde at ho var gift med Ravn, og Helga ville heller vært gift med Gunnlaug. Dei sloss om henne, først på Island så i Noreg, sidan holmgang blei forbydt på Island. Kampen i Noreg ende med at både Ravn og Gunnlaug døyde.

Torstein gifta så Helga bort til ein mann som heitte Torkjell Hallkjellson. Alt gjekk som i drøymen til Torstein.

Analyse

Det finnast 29 islendingesagaer (eller ættesagaer som dei også blir kalla), og Gunnlaug Ormstunge er ein av dei. Handlinga føregår rundt år 1000 e.kr. Sannsynsleikvis blei den skreve ned i løpet av 1200-tallet, slik som dei fleste andre sagaene.

Verdt å merke seg er at denne sagaen føregår når kristendommen gjer sitt inntog i Noreg.

Sagaen startar med ein drøym, noe som er veldig sentralt i islendingesagaer. Folk trudde på lagnaden på den tida, og drøymen blei bruk som eit forvarsel.

Ein ting som går igjen i sagaen er kvad. Dette er avbrott frå historia i verseform, og skal førestille at folka finner dei på i farta.

Ein annan ting som går igjen, og som er eit av hovudpunktane i sagaen, er kjærleik.

Ein tredje ting som går igjen er oppramsing av namn. Ætta var visst veldig viktig på den tida, og ære var enda viktigare. Var noen i ætta utsett for noe, skulle det hemnast.

Det er tre ætter som i hovudsak blir beskrive i denne sagaen. Dei tre er Gunnlaug Ormstunges ætt, Ravn Ånundssons ætt og Helga den fagres ætt. Dei hadde alle stor rang, både sosialt og på tinget.

I sagaen er det to frå kvar si ætt sloss om ei tredje frå den tredje ætta. Ein kamp om å vinne ei fager kvinnes kjærleik. Dette er vanlig i islendingesagaer. Kvinnene stod ofte sentralt i feidane.

Det er ein kamp mellom «det gode og det vonde», eller kamp mellom den mørke svikefulle, og den lyse riddarlege. Gunnlaug er den lyse, som er lys både av oppførsel og utsjåande. Ravn er den mørke, og er mørk av utsjåande og oppførsel, og mindre riddarleg av seg. Dei er likevel ikkje så ulik, av styrke, storleik og ferdigleik.

Helga er den fagre piken som dei sloss om. Alt dette stemmer overens med drøymen til Torsten hadde heilt i begynninga av sagaen. Det at Helga var ein svane, betydde at ho var svært vakker. Svana blei/blir sett på som ein vakker fugl.

Mot slutten får vi enda eit eksempel på at ætta og æra var viktig, da Hermund Illugesson, Gunnlaugs bror, dreper ein av Ravns slektingar. Dette er blodhemn, og var vanleg på den tida.

I sagaen skjer det heile tida noe. Ikkje noe daudtid, bare handling. Dette kommer av at sagaen gjekk på folkemunne lenge, før den ble nedskreve. Bare hovudpunktane var tatt med da.

Huff og huff, her var det mykje rart! Kva i alle dagar er «sannsynsleikvis»?! Sånn går det når du tenkjer på bokmål når du skal skriva nynorsk, og dette provar at nynorsk og bokmål er to språk. Unge Høgre og somme andre folk som hevdar at målformene berre er to variantar av same språket tek ikkje berre feil, men har tydelegvis heller ikkje lært seg kva sidemål eigentleg handlar om.

Grunnen til at eg kjem med denne gamle skulestilen no, er at eg har lyst å testa meg sjølv:

Soga om Gunnlaug Ormstunge

Referat:

Fyrst i soga treff me Torsten og kona Jofrid. Dei bur på Borg i Borgarfjorden.

Ei natt drøymde Torstein at han såg ei svane på mønet. Like etter kom det to store ørnar frå kvar sin kant, og dei byrja å sloss om svana. Båe ørnane døydde, og då kom det ein falk. Falken og svana flaug bort saman. Islendingar trudde på lagnaden på den tida, så denne draumen hadde difor stor tyding for den vidare historia i soga. Draumen vart tydd av ein mann, og han meinte at Torstein skulle få ei fager dotter som to menn skulle gjera kur til. Desse mennene kom til å drepa kvarandre. Då skulle ein tredje mann koma og beda om handa hennar, og dei skulle gifta seg.

Drøymen byrjar å gå i oppfylling når Torstein får ei dotter. Torstein seier at han ikkje vil ha ei dotter, og at ho skulle setjast ut i skogen. Jofrid likte ikkje dette, så ho bad Torgjerd, systera til Torstein, om å taka vare på henne. Nokre år seinare finner Torstein ut dette, og tek dottera Helga attende.

Illuge Svarte og kona Ingebjørg har ein son som heiter Gunnlaug Ormstunge. Gunnlaug vil tidleg ut i verda, men Illuge liker ikkje det. Gunnlaug vert større, og Torstein lèt honom trulova seg med Helga. Men Gunnlaug må skikka seg på reisene sine då, og Torstein må lika huglyndet hans når han kjem attende. Gunnlaug må òg vera attende etter tre år, elles kjem Torstein til å gjeva Helga bort til ein annan mann.

Gunnlaug reiser rundt i Noreg og Storbritannia og kved for kongar. Når han kjem til Sverige, møter han Ravn. Dei kved for kongen, og kranglar om kven som var best. Ravn drog til Island, og her møter han Helga. Gunnlaug klarer ikkje å koma attende til Island til avtalt tid, og dimed kan Ravn gifta seg med henne. Gunnlaug er ikkje særskilt glad når han får høyra at Helga er gift med Ravn, og dei sloss om henne. Fyrst på Island, så i Noreg, sidan holmgang vart forbode på Island. Kampen i Noreg ender med at både Ravn og Gunnlaug døyr.

Torstein gifter så Helga bort til Torkjell Hallkjellson. Alt gjekk som i draumen Torstein hadde.

Analyse

Det er 29 islendingesoger (eller ættesoger som dei òg kallast), og Gunnlaug Ormstunge er ei av dei. Handlinga hender kring år 1000 e.kr. Soga vart truleg skrive ned på 1200-tallet, slik som dei fleste andre sogene.

Det er verdt å merka seg at denne soga utspeler seg medan kristendommen kjem til Noreg.

Soga byrjar med ein draum, noko som er sentralt islendingesogene. Folk trudde på lagnaden, og draumen var førevarsel om noko.

Ein sak som går att i soga, er kvad. Dette er avbrott frå historia i verseform, og skal syna fram at folka diktar dei i farta.

Ein annan sak som går att, og som er eit hovudpoeng i soga, er kjærleik.

Ein tredje ting som går att, er oppramsing av namn. Ætta var viktig på norrøn tid, og æra var endå viktigare. Om nokon i ætta vart råka av noko, så skulle dette hemnast.

I denne soga er det tre ætter som vert omtala. Desse er ætta til Gunnlaug Ormstunge, ætta til Ravn Ånundsson og ætta til Helga den fagre. Desse ættene var akta, både på tinget og elles i samfunnet.

Det er to menn frå kvar si ætt sloss om ei kvinne frå den tredje ætta. Dette er ein kamp om å vinne kjærleiken hennar. Dette er ganske vanleg i islendingesoger. Kvinnene stod ofte sentralt i feidane.

Dette er ein kamp mellom «den gode og den vonde», eller mellom den lyse riddarlege og den mørke svikefulle. Gunnlaug er omtala som den lyse, både i åtferd og utsjånad. Ravn er den mørke, og er ikkje like riddarleg som Gunnlaug. Dei er jamvel ikkje så ulike, og har sams styrke, storleik og dugleik.

Helga er den fagre kvinna dei sloss om. Alt samsvarer med draumen til Torstein. At Helga var ei svane, tydde at ho var svært vakker. Svana er er ein vakker fugl.

Mot slutten får vi nok eit døme på at ætta og æra var viktig, då Hermund Illugesson, bror til Gunnlaug, drep ein av slektningane til Ravn. Dette er blodhemn, og var vanleg på den tida.

Det hender noko heile tida i soga. Det er ikkje noko daudtid, berre handling. Dette kjem av at soga gjekk på folkemunne lengje, før ho var skrive ned. Ei slik munnleg tradisjon syter for at berre hovudpoenga vert teke med.

Som de ser, vart det straks litt betre. Men det er ikkje godt nok. Det er framleis bokmålstankegongen som ligg bak, og eg skreiv dessutan den opphavlege teksten utan å ha lese ferdig soga. Til alle skuleungdom som måtte snuble innom her no: les for all del soga ferdig før du skal skriva stil om henne. Og ikkje tenk bokmål når du skal skriva nynorsk.

Og til sist: Kyle Katarn er så tøff at vikingane lét seg kristna i frykt for å møta honom under vikingferdene sine!

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/sannsynsleikvis/

1 comment

  1. No gjer du noko eg hev tenkt på lengje. So ein fær nok sjå noko liknande hjå meg ein gong snart.

    Hugsar godt Gunnlaug Ormstunge, ja.

Comments have been disabled.