Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
DVD-omslaget hadde bilete av ein stor maisåker med såkalla kornsirklar i. Ein kornsirkel er, viss du ikkje veit det, geometriske formar i åkrar. Hugfolk1 til paranormale ovringar hevdar at kornsirklar kjem av at romskip frå verdsrommet har landa der, og Hollywood elskar sånt. Eg gleda meg til å sjå vitskapsdikting med sprø forklaring på kornsirklane.
Filmen starta skikkeleg bra med ein psykotisk mann, men handlinga gjekk vidare til ei skule. Då skjønte eg at dette kom til å vera ein typisk tenåringsskrekkfilm. Og det viste seg at det var nett det det var. Teknomusikk i skumle jaktscener, friflyt med alkohol og ikkje minst nakne puppar. Akkurat som tenåringsskrekk plar. Urk!
Nei, eg held meg til Signs av M. Night Shyamalan!
- Hugfolk er avløysar til det engelske «fans», jf. huglaug for «fan club». [↩]