Superman Returns

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne omtala skreiv eg for Filmforumet.no

Etter nesten tjue års fråvær, er Supermann attende på kinolerretet. Denne femte filmen om mannen i blå trikot og raud truse er regissert av Bryen Singer, mannen som gjenoppliva superhelt-sjangeren, men det følast mest som om blikket er vendt bakover.

Eit stort handklede knytast rundt halsen. Eg er fem år, og har sett Supermann for fyrste gong. No spring eg rundt med trusa på utsida av strømpebuksa, og trur at viss eg berre får handkledet til å sitja fast, så kan eg flyga eg òg. Eg er supersterk, supersnøgg, og heilt fryktlaus. Bamsen min får låna eit gammalt sjal av bestemor, og så flyg me ut for å redda verda.

Bryan Singer veit godt at det finst tusenvis av slike barndomsminne, men han veit òg at dei fleste med slike minner er vorte vaksne no. Supermann har ikkje har ein plass i livet hjå vaksne. Med dette som utgangspunkt har han kasta seg over Supermann-prosjektet med iver. Resultatet er ein super film som nettopp inneheld denne problematikken.

Kal-El, født på den døyande planeten Krypton, har vakse opp blant menneska her på jorda. Sjølv om han er oppfostra som mennesket Clark Kent, er han ikkje eit menneske. Han er noko meir, noko betre – han er Supermann.

Etter mange heltedådar rundt om i verda, forsvann Supermann plutseleg. Astronomar har funne Krypton, og Superman har reist dit for å leita etter heimen sin i det store Universet. Krypton er ein evig gravplass, og Supermann vender attende til jorda etter fem år – til den einaste staden han har følt seg heime: hjå Louis Lane. Men stoda har endra seg i løpet dei fem åra han har vore borte. Louis Lane har trulova seg med nevøen åt Perry White (redaktøren av Daily Planet), og fått ein liten gutunge. Det er ikkje plass i livet hennar for Supermann. Resten av verda har òg lært seg å klara seg utan honom, og Lane har vunne ein pulitzer-pris for artikkelen «Kvifor verda ikkje treng Supermann». Har ho rett? Er det ikkje rom for Supermann i verda?

Superman Returns ser bra ut. Me ser med ein gong at Metropolis er Metropolis, og Kent-farmen i Smallville er nøyaktig slik me trur me hugsar at han var frå barndomsminna av den fyrste filmen. Dette viser nok ein gong kvar Bryan Singer og medarbeidarane hans ville med filmen. Også musikken er utforma med dette utgangspunktet. Eg smånynna med heile vegen, sjølv om eg eigentleg berre kjende hovudtemaet att.

Singer har trykka på dei same knappane når det gjeld historia. Me gjenkjenner henne, men berre gjennom barneminnet. Viss me ser nærmare, vil me oppdaga at dette ikkje er historia som vart fortald i 1978 og 1980. Krystallpalasset Supermann har på nordpolen er der enno, og det er også Marlon Brando i rolla som Jor-El. Men dialogen er ikkje den same som før. Heller ikkje staden palasset låg på. Me får òg vita at Clark Kent har nytta briller sidan han var liten gut, og at kreftene hans tok til fyrst etter ein viss alder. Dette strid i mot mytologien i Superman frå 1978, der Supermann har kreftene sine frå fyrste stund på jorda, men nyttar briller berre som ein del av Clark Kent-kostymet sitt.

Filmen har heilt klåre manglar, og eg vart aldri heilt sikker på om eg verkeleg ville ha Supermann inn i livet mitt. Skodespelarane engasjerer ikkje så veldig, sjølv om Brandon Routh er litt snarlik Christopher Reeve. Kate Bosworth passa ikkje inn som Louis Lane, sjølv om ho gjorde så godt ho kunne. Det ser òg ut som om Kevin Spacey vantrivast i rolla som Lex Luthor.

Superman Returns starta fantastisk. Marlon Brando, hovudtemaet åt John Williams, opningstekstar i 3D – me er verkeleg attende til den fyrste filmen, eller rettare sagt: tilbake til barndomsminnet av den. Det er her, i nostalgien, at superkreftene til filmen ligg. Dette er ein film for deg som likte Supermann då du var liten, men trur du har vakse i frå strømpebuksa di.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/superman-returns/