«

»

Team America: World Police

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Trey Parker og Matt Stone er ikkje kjend for å vera så veldig greie mot korkje Hollywood eller sensuren. South Park-filmen vart nesten skamklyppa på grunn av den valdelege naturen og dei valdsamt verbale replikkane. Ordet «fuck» hadde aldri vorte nytta så mange gonger i ein animert film før, og foreldra (i USA, sjølvsagt) vart rasande av å sjå umoralsk teiknefilm (kva med å ikkje la ungane sjå ein film med 18-årsgrense, tåpforeldre?!). Før dette har Parker og Stone jamført pornobransjen med Jesus og sagt at kannibalisme er OK. Det var dimed store forventingar til den nye filmen deira, Team America: World Police.

Gary Johnston – ein snill men naiv skodespelar – vert ein dag verva til Team America, ei internasjonal antiterrorgruppe med berre erkeamerikanske folk i. Dei reiser rundt i verda for å drepa terroristar, og gjer eit godt arbeid. Nesten litt for godt. Dei gjer nemleg større skade enn terroraksjonane gjer, og dette vekkjer vondhug mot Team America og USA. Kjendisar frå Hollywood har danna sin eigen politisk idealorganisasjon, Film Actors Guild (eller FAG.), som berre vil ha fred og ro. Susan Sarandon, Tim Robbins, Sean Penn og andre politisk aktive kjendisar, fer difor på ein fredskonferanse hjå palasset til Kim Jong Il. Det dei ikkje veit, er at Kim Jong Il er ein skikkeleg skurkeskurk som har sendt masseøydeleggjingsvåpen til terroristar verda over. Det er opp til Team America å stogga planane hans, men interne kranglar er i ferd med å splitta laget.

«Å, så politisk,» seier folk. «Akk, så samfunnskritisk. Eg hatar Bush,» svarar andre folk. «Ah, eg elskar humoren i filmen. «Fuck Yeah!» Hahaha,» seier dei. Dei har fanden ikkje forstått mykje av filmen! Filmen inneheld korkje eit antiamerikansk bodskap, eller toaletthumor. Dette er ikkje eit politisk standpunkt, eller ein kritikk mot Bush-administrasjonen og antiterroraksjonane. Eg vert frustrert når eg les filmkritikk som peikar på at dette er hovudpoeng i filmen. Nei, nei, nei! Det filmen derimot er, er ein sabla god parodi på den alt for klisjéaktige «action»-filmen frå Hollywood. Det Trey Parker og Matt Stone har gjort, er å nytta Jerry Bruckheimer-produksjonar som mal for denne filmen. Ta Armageddon, sleng inn litt The Day After Tomorrow og kanskje litt Speed 2: Cruise Control, bland med Pearl Harbor, og krydra det heile med litt Independence Day, så har du ei handling stappfull av overamerikapatriotiske klisjéar. Så nyttar du marionettedukker i staden for skodespelarar (og dette er det einaste politiske utspelet Parker og Stone har i denne filmen: dei meiner skodespelarar er marionettedukker), og då alle ser kor urkomiske desse klisjéane eigentleg er. Og når du attpåtil har songtekstane til Trey Parker til heilt standard Bruckheimer-musikk, er resultatet ein skikkeleg artig parodi.

Filmen er ein monstersvær parodi i miniatyrstorleik, og latterleggjer Bruckheimer-produksjonen/Hollywood-måten å laga film på. Ta ei kva scene som helst i denne filmen, og jamstill henne inn ein samtidig spenningsfilm frå Hollywood. Hadde det ikkje vore for at det var dukker i Team America, så ville du ikkje sett forskjellen. Det er dette som er det festlege. Ikkje at sjefen til Gary vil at dei skal ha oralsex eller at Bush er dum.

America, Fuck Yeah-songen parodierer at i Bruckheimer-filmar er det alltid USA som har løysinga på eit internasjonalt problem. Kva hendte til dømes i Armageddon? Jo, ein amerikanar oppdagar asteroiden som kan drepa alt liv på jorda. Ein amerikanar kjem på ei løysing om å drilla eit hol i asteroiden, og sprengja han før han kjem til jorda. Berre ein amerikanar er god nok drillar til å gjera dette. Og det måtte ein amerikanar som ofra livet sitt til for at resten av verda kan jubla over dei amerikanske verdsheltane. Når filmen er over, og du går ut av kinosalen, seier du: America, Fuck Yeah! Kva hendte i Independence Day? Ein amerikanar oppdagar romskipa. Ein amerikanar er den fyrste som klarar å drepa ein av dei. Ein amerikanar klarar å finne ut korleis dei kan penetrera skjoldet på romskipet. Ein amerikanar ofrar livet sitt slik at dei andre amerikanarane kan verta verdsheltar. America, Fuck Yeah!
Altså er ikkje Team America anti-Bush, men faktisk anti-Bruckheimer. Det er altså ikkje toaletthumor berre for å ha toaletthumor, men toaletthumor for å visa kor Bruckheimer-filmar høyrar heime: i toalettet.

Eg liker framleis Cannibal! the Musical og Orgazmo hakket betre enn denne filmen, men han overgår lett South Park (både filmen og serien). Team America, Fuck Yeah!

1 innspel

  1. Synnøve

    Knallinnlegg – fuck yeah!

Gje innspel