The Guru

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Bollywood pumpar årleg ut tusenvis av filmar – og eg tykkjer at alle er kliss like. Eg tykkjer filmane deira alltid handlar om ein gjeng med indarar som springer rundt, og så treff dei på ei svært fin indisk jente som dei kurtiserer, men i staden for å styra henne mot senga, så hoppar dei rundt og synger songar. Gjerne saman med heile familien og resten av landsbyen. Det er Bollywood, det.

The Guru opnar med eit Bollywood-songnummer. Me er i kinosalen. Plutseleg går ein av tilskodarane – ein liten gut – ut for å sjå kva dei viser i salen ved sidan av. Det er eit songnummer her òg, men denne gongen med Olivia Newton-John og John Travolta. Filmen er Grease. Denne vesle scena fortel kva filmen skal dreia seg om: Bollywood i Hollywood.

Ramu Gupta, guten i kinosalen, vert snart vaksen. Han er ein danselærar ved eit lokalt dansesenter, og han lærer dei indiske damene korleis dei skal dansa til vestlege toner. I baklomma har han ein flybillett, for han har tenkt å reisa til USA for å vera skodespelar. Vel framme i statane, viser det seg at pengane ikkje er så lette å få tak i som han hadde trudd. Det er ein grunn til at det heiter «the american dream», og det er at det er ein draum. Frustrert tek han eit skodespelaroppdrag av litt mindreverdig art. Det han ikkje fekk med seg då han tok jobben, var at filmen han skal spela i er av pornografisk natur. Når han oppdagar dette, vert han litt brydd. Seinare på kvelden er han på vitjing hjå fetteren sin, som arbeider som servitør. Kaféen har fått eit heimeoppdrag, og rett som det er, står Ramu midt på golvet og leiker guru. Store pengar ventar.

Ideen er like tam som han er dårleg, og det hjelpar ikkje stort at Heather Graham har ein av hovudrollene i filmen. Sjølv ikkje Marisa Tomei kan redda filmen. Filmen kom med eit løfte om Bollywood i Hollywood heilt i starten, men leverte aldri dette. I staden fekk me nok eit Hollywood-kliss av ein romantisk komedie. Hadde dei berre hatt med fleire songnummer…

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/the-guru/