Voyage to the Bottom of the Sea

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Len deg attende og gløym alt du veit om fysikk, kjemi, biologi og sånne dumme ting; dette er ein kapplaup-film, ikkje ein vitskapeleg korrekt film.

Admiral Nelson har kommandoen over ein ny ubåt, ein superduperfantastisk kjempesnøgg atomubåt som har si jomfruferd på nordpolen. Men når Nelson og kompani kjem fram dit, er isen nesten borte. Van Allen-beltet (eit belte av elektrisk ladde partiklar rundt atmosfæren, vart oppdaga i 1958, og var eit heitt tema då USA kasta seg med i romkapplaupet til månen) har nemleg teke fyr! Atmosfæren brenner opp, og verdas forskarar klør seg i hovued. Dei ynskjer å vita tre ting: 1) Kva har hendt? 2) Er det farleg? 3) Kan me stogga det? Men forskarane er ikkje samde. Somme meiner at når Van Allen-beltet er utbrent, så vil temperaturen stabilisera seg att. Andre meiner at Van Allen-beltet vil ha brent bort heile atmosfæren innan det skjer, og då vil alt liv på planeten gå under. Nokon andre meiner at alt liv vil gå under lengje før dette att, sidan dei uvanleg høge temperaturane over heile verda vil føra til vassmangel og uttørking. Den snarrådige Admiral Nelson, som sjølvsagt er klokare enn alle verdas forskarar til saman, har rekna ut at verda kan reddast innan det er for seint, men då må dei reisa til austkysten av Afrika og fyra opp ein atomrakett retta mot Van Allen-beltet. Eksplosjonen vil ha nok kraft til å sprengja beltet bort frå gravitasjonsfeltet til jorda, og såleis slukka brannen.

Hehehe. Er ikkje dette herleg, så veit ikkje eg. Som med War of the Worlds, er altså atombombar den ultimate løysinga som skal berga alt liv på jorda. Så feil kan dei taka!

Det er litt festleg å sjå Voyage to the Bottom of the Sea i 2007, no når «global oppvarming» gjev 76 400 000 treff i Google. Viss denne filmen prøver å fortelja oss noko, så er det at me lyt sleppa atombomber over USA og Kina, slik at dei vert sprengd vekk frå gravitasjonsfeltet til jorda, og såleis syta for eit bærekraftig CO2-utslepp på verdsbasis. Eller kanskje ikkje… men han prøver i alle fall å seia at me må stå saman mot globale katastrofar, og det er ein lærdom mange kan ha godt av å høyra.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/voyage-to-the-bottom-of-the-sea/