«

»

Wilhelmskriket

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det har vore filmfestival her i byen, og eg flytta meir eller mindre inn på Nova Kinosenter i veka som gjekk. Torsdagskvelden vart avslutta med ein roleg, vakker skildring av landsbygda på New Zealand. Bortsett frå at det ikkje var så roleg og vakkert. Ein flokk med genmanipulerte, kjøttetande zombie-sauar er laus, og helten vår lid av noko som kallast «ovinophobia». Giss tre gongar kva det er! Same kva, då zombie-filmen var over, og eg prata med kjenningar utafor salen om opplevinga, oppdaga eg noko. Eg spurte «Haurð dåkk wilhelm?», og folk stirra blankt på meg. Eg prøvde meg på ny, med ikkje full så breid ranværing: «Høyrte de wilhelm?» Framleis berre tomme blikk. «Hørte Dere Wilhelm», sa eg så på pur riksmål. Dei reagerte med forsiktige ytringar om at dei ikkje gjorde det. Det viste seg nemleg at veldig få har høyrt om Wilhelm. Og desse skal liksom studera filmvitskap!

Wilhelm er ikkje ein mann, men eit hyl. Det er ein ljodeffekt, eit opptak av eit skrik, som har vore med i eit utal filmar. I starten var det berre hjå Warner Bros., sidan ljoden var i arkivet deira, og det var gjennom WB-filmar på femtitalet at den då unge ljodformgjevaren Ben Burtt forelska seg i skriket. Han spora det opp, og sette skriket inn i alle filmane han arbeidde med. Ein av desse filmane var Star Wars. Etter dette dukka det opp i Indiana Jones, Batman Returns, og flust av andre filmar.

Eg vert faktisk veldig glad kvar gong eg høyrer ein wilhelm. Gode filmar går inn for å skapa ein skilnad mellom den røynlege verda og filmverda, og for meg fungerer wilhelm som ein meta-ljod som nettopp skapar denne skilnaden. Når eg høyrer ein wilhelm, så vert eg umedvite merksam på at eg sit og ser ein film, og at hendingane ikkje er sanne. Og for meg er det nettopp dette filmar lyt gjera. Somme arvemateriale («sjanger», les Den kognitive tilnæminga for forklaring) har lettare for å gjera dette enn andre. Musikalen er eit glimrande døme. Kvar gong ein karakter bryt ut i song, og alle på gata heilt utan vidare kan songteksten og alle dansetrinna med det same, skjøner medvitet ditt at du ikkje er vitne til eit mirakuløst musikalsk samantreff i den røynlege verda, men ei oppdikta hending i ein film. Vitskapsdikting greier òg desse brasane godt. Kvasivitskapen du vert presentert med her er så fantastisk, at du instinktivt skjøner at rumpa di er planta i kinosetet, og ikkje i svevebilen. Anna arvemateriale er det litt verre med, men ikkje verre enn at det er mogleg. Melodrama, til dømes, skapar skilnaden med påtrengjande musikk og kamerakøyringer. Skrekk skapar skilnaden med klippinga eller ljoden og det overdrivne blodet. Det er hundrevis av andre ting filmskaparane kan gjera for å skapa denne skilnaden mellom filmverda og den røynlege verda. Ein av desse er altså wilhelm-skriket.

Eg har sett mange filmar, og ein rekkje av desse har hatt ein wilhelm i. Somme wilhelmar har eg hoppa i taket og jubla over, medan andre har gått meg hus forbi. Her er ei lita liste med mine favoritt-wilhelmar:

  • Batman Returns
  • Star Wars: Episode IV – A New Hope
  • Sky Captain and the World of Tomorrow
  • Sin City
  • Raiders of the Lost Ark
  • Wallace & Gromit in: The Curse of the Were-Rabbit
  • Reservoir Dogs

Nettstaden IMDb har ei liste med filmar, så det er berre å ta ein titt. Det artigaste er sjølvsagt å oppdaga det heilt på eiga hand. Under fjorårets Kosmorama-festival såg eg ein drittfilm som heitte Storm. Filmen var svensk, men det er ikkje godt å seia kva den handla om. Berre kaos og tullball heile vegen. Men det var tydeleg at filmskaparane hadde sett Star Wars, for her var både 327, 1138 og wilhelm. Den fyrste skandinaviske bruken av wilhelm, faktisk. Som nemnt var det ein drittfilm, og heile salen var skikkeleg trøytt og lei av filmen. Plutseleg høyrte alle i salen ein ranværing på bakerste rad ropa «Wilhelm!» medan han hoppa i setet. Så lite skal til for å underhalda meg.

På YouTube ligg det ei samling med mange Wilhelm-skrik:

Gje innspel