A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy’s Revenge

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne omtala ligg òg ute på Metropolis.

Allereie i film nummer to starta det å gå gale for ein filmserie som skulle få alt for mange dårlege oppfølgjarar. Me møter Jesse, som har flytta inn i huset til Nancy. Snart byrjar han å få skumle mareritt om Freddy Krueger. Den forbrente mordardemonen ynskjer å koma ut av draumeland og inn i den røynlege verda. Planen hans er å taka over kroppen til Jesse og dra på ein rå tenåringsmassakre.

Kloke menn har sagt at når du skal laga ein oppfølgjar, nyinnspeling eller filmatisering frå bok/teiknesere/anna materiale, så vil suksessen til filmen vera avhengig av eit einaste omstende: «do not mess with the basics». Lagar du ein film om Spider-man, så må du for gudanes skuld ikkje la Peter Parker vera ein attraktiv og populær 25-åring. Skal du laga ei nyinnspeling av War of the Worlds, så må du aldri finna på å la marsbuarane dø av eit moderne våpen. Skal du laga ein oppfølgjar til A Nightmare on Elm Street, så må du for all del ikkje la Freddy Krueger rusla rundt i den røynlege verda!

Filmen er proppfull av homoerotiske bodskaper. Alt frå den feminine protagonisten Jesse, til den sadomasochistiske gymlæraren. I ei scene ruslar helten vår rundt i ein homobar midt på natta, sånn heilt utan at dette byggjer på plottet? Ei anna scene står Freddy og lokkar Jesse, og ytrar «Eg treng deg, Jesse – du har kroppen…eg har hovudet». Denne replikken var ganske drøy. Det stoggar ikkje der. Jesse slossa med ein gut i klassen under fotballtreninga, og då river guten av honom buksa medan dei ruller rundt i grusen. Framleis ikkje nok til å overtyda deg? Kva med scena der Jesse drøymer om ein stor, feit slange som snor seg rundt honom? Eller kva med scena der han, iført store gullfarga solbriller, dansar rundt på guterommet – med Tina Turner-plakatar på veggane – til litt merkverdig discomusikk med tittelen «Touch Me» medan han gnid eit fallossymbol hardt men sensuelt i ein repetativ opp-og-ned-rørsle. Er du framleis i tvil, så har du attpåtil scena der Jesse ser den nakne gymlæraren vert piska av Freddy i dusjen.

Homoerotikk til side, filmen er nok diverre ein typisk filmstudio-oppfølgjar. Her har studioet endeleg fått smaken av suksess med A Nightmare on Elm Street, og vil mjølka denne kua til jura dett av. For å tena pengar på suksessen så snøgs som mogleg, kasta dei ut alt som heiter historie, integritet og sånt, og gav oppdraget til den fyrste som kunne skriva manus på kortast mogleg tid til billigast pris. På denne tida hadde Newline ikkje økonomisk tryggleik, og var berre eit av dei mange produksjonsstudioa som kom og gjekk i Hollywood. Jamvel om dei hadde teke mange snarvegar i denne produksjonen, klarte filmen lell å tena inn såpass mykje at Newline kunne satsa med endå ein oppfølgjar. Og endå ein. Og endå ein… Eg klarar ikkje heilt å sjå kvifor. Historia er syltynn. Etter at me forstår at Freddy vil forgjera Jesse, noko som hender ganske tidleg i filmen, er det ikkje mykje meir historieutvikling.

Enkel matematikk kan kanskje hjelpa oss. Filmen kosta rundt 3 millionar dollar å laga, og tente inn nesten alle utlogene i opningshelga: dei fekk inn 2,8 millionar denne Halloween-helga. For Newline var det signal nok til å halda fram. Folk strøyma til kinosalane, av di Freddy gjekk amok. Det var 10 stykker som døydde her, noko som gjer dette til den Freddy-filmen med høgast drapstal. Dette er, etter mi meining, òg grunnen til at dette er den Freddy-filmen med lågast kvalitet. Dette er ein klisjé-fylt «drep tenåringane»-film i same klasse som oppfølgjarane til Fredag den trettande, og er ikkje på noko vis lik den fyrste Freddy-filmen. Paranoiaen og den uuthaldelege skrekken er borte, erstatta av ein heilt vanleg skurk. Heller ikkje det gysande musikktemaet til Charles Bernstein er med. Det einaste ljospunktet er Robert Englund som Freddy, men det er på langt nær nok til å redda filmen frå å vera nok eit bidrag til oppfølgjarsøppeldynga.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/a-nightmare-on-elm-street-part-2-freddys-revenge/