Å stela godteri frå småungar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Metaforen om å stela godteri frå småungar fortel at noko er veldig enkelt å gjera, men som kanskje ikkje er heilt god skikk. I kveld fekk eg testa ut metaforen i praksis. Byt ut ordet godteri med mobiltelefon, småunge med drittunge og metafor med handling, så har du ein ganske god idé over kva eg gjorde.

Eg tok meg ein kinotur for å kopla litt av no midt i eksamenslesinga. Eg henta ut ein billett (og det er veldig kjekt å ha eit kontantkortsystem på kino; då kan eg sjå film når eg har lyst, også når eg ikkje har pengar!) til Spider-man 3, og kjøpte meg ei flaske med brus. Sidan førestillinga starta klokka 18, rekna eg med at det kom til å vera ein del ungar der. Eg beit tennene saman, og klarte å overtyda meg sjølv om at litt barneskvalder i rekkjene kom neppe til å skada filmopplevinga. Det var trass alt i THX-salen, så det skulle mykje til for å øydeleggja ljodbiletet. Og det var berre 1/5 av billettane som var seld då eg rusla inn.

Eg fann plassen min, og gravde rauva mi langt ned i setet. Kort tid etter kom det ein knisete gjeng av gutar i ti-tolv-årsalderen til rada føre meg. «Pytt sann,» tenkte eg, «viss dei bråker fælt kan eg berre beda dei om å halda munn.» Det kunne eg gjera ettersom dei satt rett framfor meg. Verre hadde det vore om dei satt lenger fram eller lenger bak. Reklamane gjekk no mot slutten, og eg var klar til hjernedaud heltedyrking.

Men noko gjekk gale. Ljoset gjekk ikkje av som det plar. Og ungar er gjerne litt ekstra pratsomme når ljoset er på. Fem minutt uti filmen gjekk eg ut og brølte ned i billettluka (det er to etasjar ned, om du ikkje har vore på Prinsen før; Difor brølinga) om at dei måtte skunda seg å få det av. Eg gjekk attende til plassen min, og eg hadde ikkje mista så veldig mykje. Berre ein song av Mary Jane, men eg trur dei nytta ei stuntsangerinne, for det var ikkje likt røysta til Kirsten Dunst. Ikkje før hadde eg funne rævgropa mi, så vart ljoset endeleg slått av. Og det var nesten som om nokon slo av volumet på ungane samstundes, for det vart stille med ein gong i heile salen.

Herleg. No kunne berre kangromannen boltra seg fritt!

Men med det same Spider-man endeleg dukka opp på skjermen, spratt det opp fem mobiltelefonar på rada framfor meg. Gut-jævlane sat og filma lerretet! Makan til tåpskap har eg ikkje sett makan til på lengje. Det skarpe ljoset frå telefonane skar i auga. Eg kakka ein av gutane i hovudet og kremta litt. Eg trudde dei tok hintet, men eg tok feil. Neste slosskamp spratt mobiltelefonane opp att. Eg kakka endå ein gong i hovudet på ein av smådjevlane, peikte på telefonen og mima at han skulle leggja han ned i lomma si.

Det gjekk fint ei god stund, men så, då Venom dukka opp, dukka mobiltelefonane opp nok ein gong. Og det var då eg fann ut at eg skulle tolka den gamle metaforen bokstaveleg. Eg bøygde meg fram, og snappa til meg den eine mobiltelefonen. Reaksjonen som fulgte var veldig festleg. Dei fire andre telefonane vart snøgt pakka ned i lommene, og gutane vart meir eller mindre stille. Når eg skriv meir eller mindre, så er det av di eigaren av telefonen eg stal ikkje var heilt stille. Han var sjølvsagt ganske skremd og opprørt over framferda mi (eg trur eg òg hadde vorte det om nokon hadde kakka meg i hovudet to gonger før dei stal mobiltelefonen min), og glytta bak til meg sånn kvart femte sekund resten av filmen. He-he-he.

Då filmen var over, og rulletekstane hadde starta, ville guten sjølvsagt ha attende telefonen sin. Eg lét dei andre på rada mi gå forbi fyrst, berre for å gjera snørrungen litt sveitt. Då det ikkje var fleire som ville gå forbi meg, reiste eg meg opp og gav honom ein leksjon i folkeskikk – fullstendig med breidt Rana-mål og bannskap. To av ungane sprang ut. Den tredje stod eit par meter borti salen og småfnisa. Og eigaren av telefonen hoppa og spratt for å få tak i han, livredd for at eg skulle levera han inn til kinopersonalet.

Så konklusjonen min er at å få fire gutar til å gøyma mobiltelefonane sine er like lett som å stela godteri frå småungar. Eller noko sånt. Og så kan me sikkert òg trekkja ein slutnad om at eg er litt vondskapsfull, men ikkje meir enn kva sunt er. Sjølv Obi-Wan Kenobi og Luke Skywalker nytta den mørke sida av Krafta! (Obi-Wan i Episode I og Luke i Episode VI, om du undrar)

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/a-stela-godteri-fra-smaungar/

4 comments

Skip to comment form

    • Simon on 11. mai 2007 at 14:57
      Author

    Tihi. Minna meg litt om ei filmmelding Rogert Ebert skreiv ein gong. Men fy og spy det var fæle fargar. ALDRI nytt svart til bakgrunn, det er berre sadistisk overfor lesarane.

  1. Fantastisk at du tok andsvar og lærte ungane noko om korleis ein oppfører seg på kino! Diverre kan dårleg kinoframferd tilskrivast folk i alle aldersgrupper.

    Ei av dei verste opplevingane eg har hatt av denne sorten, var nemleg med to gamle menn under «Et spill for piano» (som den slappe bokmålstittelen var). Dei sat akkurat langt nok vekke til at det var vanskeleg å snakka til dei utan å laga meir bråk og dimed gjera vondt verre. Men fy flate so irriterande dei var! I motsetnad til andre folk, som skjønar at ein må slutta å snakka når det er tydeleg at filmen er i ferd med å byrja, sat dei og kommenterte alt som hende. Seriøst. Dei kviskra ikkje ein gong. Kanskje var dei so gamle og døve at dei trudde at dei snakka lågt. Dei stadige «åhå, disse franskmennene, altså», «hva gjorde hun nå?» og «det var da en aldeles uhyggelig musikk» var usannsynleg plagsame.

    Eg snudde meg nokre gonger for å levera giftige blikk, men eg tvilar på at dei vart oppfatta. Argh. Kva får somme folk til å tru at berre av di dei har svara lusne 80 kroner i kinobillett, har dei rett til å øydeleggja for folk som har gjort nett det same?

    • Simon on 14. mai 2007 at 12:43
      Author

    Sant, sant. Røynslene mine seier meg at dei verste kinogjengarane du kan hamna i same sal med, er gutar (merk: ubunden form, fleirtal) i alderen 14–18 år. Dei er stridlynte og har ein instinktiv trass mot autoritetar og/eller eldre folk. Det hjelper ikkje å kjefta på dei, då vert dei berre verre. Desse går helst på kino på fredag til sundag. Den beste kinodagen – det vil seia den dagen det er minst sjanse å hamna saman med sekstanåringar – er tysdag. Men det er litt synd å måtte velja kinovitjingane sine utifrå kor mange tenåringar det er sannsynleg å sitja saman med. Dei store hjernedaude hollywood-filmane har eg gjerne litt lyst å sjå på premieredatoen, og det er ofte på fredag. Og di lågare aldersgrense, di meir bråk er det på desse premierene. Eg tør ikkje tenkja på kva tilstandar som herska under premiera til Spider-man 3…

    Den verste kinoopplevinga mi var under The Exorcicm of Emily Rose. Det var sju-åtte syttenåringar på rad to, tre-fire fjortenåringar på rad fire og elles mange kompispar spreidt i heile salen (men faktisk berre ei einaste kvinne, saman med kjærasten sin). Det var bråk og uro under reklamen, og det stogga ikkje då ljoset gjekk av og filmen starta. Kremting og hosting frå dei meir seriøse filmgjengarane nytta ikkje, og det var fyrst då ein kar brølte «Hald kjeft!» at det vart litt stille. Men det vara ikkje lengje. Litt av grunnen var at filmen var keisam. Dei aller fleste i salen rekna med skrekk frå start til slutt, men i staden svirra handlinga rundt spørsmålet om tru og religion mot fakta og vitskap. Sjølv om dette tilhøvet er interessant, så følte nok dei fleste i salen seg litt snytt, sidan reklamen for filmen ikkje gav uttrykk for at det var dette filmen skulle handla om, men i staden lova ei ny Regan McNeill. Ein halvtime uti filmen starta gjengen på andre rad å kommentera alt. Bak mi eiga rad starta det plutseleg å ringa i ein mobiltelefon. Høgt. Og fyren tok han! Og prata lengje. Høgt. Dette førte til at dei andre i salen tenkte at dette var OK å gjera på kino, så alle som ein drog opp sin eigen mobiltelefon og ringte til kven veit for å fortelja at filmen var keisam. Alle mobiltelefonane som blinka støtt ljoste opp heile salen, og ringeljodane og skravlinga overdøyva kinohøgtalarane. Eg kjente blodtrykket stiga, og det toppa seg då gjengen på andre rad var nesten ferdige med godteriet sitt. Då kasta dei resten på kvarandre, og krølla papiret saman og heiv bak i salen.

    Eg elskar å gå på kino, men ikkje når eg må møta slike folk. Det er difor Kosmorama er så gjævt, for her er alle like glade i å gå på kino, og alle kan kinoskikk. Dei få som forviller seg inn på festivalen utan å heilt vita kva dei kan venta seg, er i så ekstremt mindretal at dei ikkje tør stå fram som kinopøblar.

Comments have been disabled.