Ein Toter hing im Netz

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne filmen er amerikansk trass den tyske tittelen. Tilsynelatande skulle dette vera vitskapsdikting, men eg kjøper ikkje det.

Gary skal taka med seg ei gruppe dansarar på turné i Singapore. Diverre styrtar flyet deira, og dei hamnar på ei aude øy. Dei vandrar litt rundt, og finn plutseleg ei hytte. Der inne heng det ein daud mann i eit enormt edderkoppspinn. Dei gravlegg honom, og tek over hytta i vente på redningspatruljen. Det er natt, og det er heitt. Gary går ut for litt frisk luft, og då går ein diger edderkopp til åtak. Gary klarar å drepa dette monsteret, men ikkje før han er bitt av det. Gary muterer til ein varulvgris(!). Jentene er livredde, og difor er det logisk at det allar luraste dei kan gjera no er å nakenbada i lagunen. Der treff dei jaggu på to menn, og dei har med seg ein radio. Men i buskene lurer Gary. Kva vil henda?

Dette var særs lite meiningsfylt, og det er til tider eit stort problem å følgja med på handlinga. Skodespelet er ikkje noko å skryta av, og kontinuitet var visst ikkje noko dei hadde tenkt på her. Det er ikkje utan grunn at Mystery Science Theater 3000 nytta denne filmen i ein episode. MST3K var ein fjernsynsserie som stort sett gjekk ut på at ein mann og to robotar såg drittfilmar og gav sarkastiske kommentarar til desse. Her er eit par av kommentara dei gav denne filmen:

Jentene og Gary oppdagar at det finst ferskvatn på øya.
– «Meanwhile, Singapore suffers from a severe dancer shortage»

Ei av dansejentene har ein lang replikk, men pratar veldig gebrokkent
– «Her accent changed three times in one sentence.»

Då dei kom til øya, vandra dei rundt i jungelen
– «I hear footsteps. Does the tree have wood flooring?»

He-he-he!

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/ein-toter-hing-im-netz/