K’harma Leeds: Shove It

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Dette er utan tvil ein superhit:

Hehehehe.

Denne musikkvideoen såg me så vidt på ein fjernsynsskjerm i filmen Delirious, som vart vist under Kosmorama-festivalen.

K’Harma Leeds er ein songar/superstjerne a la Britney Spears for fire-fem år sidan. Ho blir plaga av paparazzoar og ein vulgær og ekkel kjæraste. Me følgjer ein av paparazzoane, Les Galantine (glimrande spelt av Steve Buscemi), og den heimlause Toby Grace på jakt etter biletet med stor B.

Filmen har, så vidt eg har fått med meg, enno ikkje fått distributør her i Noreg. Kva verre er, han har heller ikkje fått USA-premiere, men han vart sluppe i Spania no på fredag. Eg vonar han kjem til Noreg snøgt, for denne har eg lyst til å sjå om att. Inntil då har eg i alle fall denne festlege musikkvideoen å kosa meg med.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/kharma-leeds-shove-it/

2 comments

    • Simon on 21. februar 2008 at 18:53
      Author

    Delirious kjem endeleg til Noreg. Den 29. februar har han norsk kinopremiere. Les meir om han hjå Filmoptimistene, eller sjå filmreklamen hjå Filmweb.

    • Simon on 22. september 2008 at 6:59
      Author

    Onsdag denne veka (24.09) kjem han endeleg ut på DVD.

Comments have been disabled.