«

»

Lesarbrev om sidemål

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Den 25. mars sendte eg inn eit lesarbrev til Rana Blad. Det gjekk både dagar og veker utan at eg såg noko til det, så eg skreiv lesarbrevet om att i ein litt kortare versjon. Denne versjonen sendte eg inn den 11. mai, med melding om at eg vona dei fekk plass innan den 24. mai. Denne dagen var nemleg hundreårsjubileet til sidemålet. Jubileumsdagen kom, men det gjorde aldri lesarbrevet mitt. Eg er sjølvsagt litt skuffa. Er Rana Blad verkeleg så overfylt av lesarbrev at dei må ha dei inn meir enn to månader i førevegen, eller er redaksjonen så negative og trongsynte i haldningane til sidemålet at dei har silt det ut og kasta det i søppeldunken? Eg veit ikkje, og med mindre nokon frå redaksjonen tilfeldigvis får lyst til å gjeva ei oppklåring no, så får eg nok ikkje vita det heller. Det tyder ikkje at lesarbrevet mitt har forsvunne for godt. Det kjem nemleg her:

Hurra for sidemål!

Den 24. mai i år er det 100 år sidan sidemålsstilen vart innførd; til gru for somme, men til glede for mange andre. Sidemål er nemleg ein integrert del av heilskapen i norskfaget, og er viktig i både språkhistoriedelen, litteraturdelen og ikkje minst språkopplæringsdelen av faget.

Somme ser på språk som berre kommunikasjon. Dei tek grundig feil. Kattejammer, hundebjeff og hønsekakling er kommunikasjon – ja, sjølv kvefsar og maur kan kommunisera, men me seier jamvel ikkje at dei har språk. Språk er noko meir. Språk er ord og setningar. Språk er kjønn og alder. Språk er nasjonalitet og klasse. Språk er tankar og kjensler. Mest av alt: Språk er identitet! Tek du språket frå eit menneske, så tek du òg bort identiteten. Sidemålsundervisninga er eit viktig ledd i forminga av den språklege identiteten til elevane i Noreg. Dei får læra våre to offisielle norske skriftspråk, nynorsk og bokmål, kor desse språka kjem frå, og – og dette er viktig – kvifor me har dei i dag. Denne kunnskapen skal syta for at elevane kan taka eit sjølvstendig og medvite val av målform når dei går ut av skulen. Eg hadde sjølv bokmål brorparten av skulegangen min av di det var det foreldra mine valde for meg. Gjennom sidemålsundervisninga fekk eg høve til å taka eit eiga val. Eg valde nynorsk, eit val eg både er glad for og grueleg stolt over! Dette kunne eg aldri gjort utan sidemål. Tek du sidemålet vekk, så tek du òg vekk høvet til å skapa ein språkleg identitet.

Eg har møtt mange argument mot sidemål. Eg opplever at ingen av argumenta har rot i røynda, men er snarare basert på kunnskapslaus uvilje mot nynorsk. Det er viktig å få fram at sidemål ikkje er det same som nynorsk. Eg hadde sjølv sidemål på skulen, og det var bokmål. Eit argument som går att, er at elevar ikkje får bruk for sidemålsopplæringa etter vidaregåande. Eg er ikkje samd i dette. Eg nyttar sidemålsopplæringa mi kvar dag, anten eg les avisa, slår opp i bussruta eller ser ein reklameplakat langs vegen på bokmål. Og eg er ikkje aleine. Viss bokmål var hovudmålet ditt, så nyttar du sidemålsopplæringa di akkurat no. Sanninga er at så godt som alle nyttar sidemål etter vidaregåande.

Eg høyrer støtt at det er «bortkasta tid å læra to målformer». Er kunnskap om eigen kultur bortkasta? Er språkleg kvalitetssikring bortkasta? Sidemål syter for ein ålmennkompetanse, på lik line med algebra i matematikk, verdskrigane i historiefaget og Newton i fysikk. Dette er ikkje bortkasta å læra, sjølv om det kan henda at akkurat du ikkje nyttar deg av ålmennkompetansen din. Ordet side tyder ikkje lågare eller utafor. Sidemål går hand i hand med hovudmål. Dei høyrer i hop, og utgjer heilskapen i norskfaget. Den 24. mai i år er det 100 år sidan sidemålsstilen vart innførd; lat oss feira med å gjera undervisninga endå betre på i staden for å sutra om at ho er dårleg!

Sidemål er mykje meir enn eit spørsmål om verbbøying på bokmål og nynorsk. Viss du klør i fingrane etter å svara meg her, vonar eg at du faktisk set deg inn i saka fyrst. Norsk målungdom har mange tekstar rundt temaet. Det er som med filmkritikk: du lyt ha sett litt film før du kan ha noko vettug å koma med.

Eg tykkjer det er litt komisk av Rana Blad. Eg er ikkje ein ivrig lesarbrevskribent i avisa, men dei har trykka orda mine om flått, jolegodteri i oktober og anna eigentleg heilt uviktige saker. Det einaste lesarbrevet eg hadde von om eit offentleg ordskifte rundt, var om kinotilbodet. Men her kjem eg altså med eit lesarbrev om noko som er viktigare enn å flått og godteri til saman, tru det om du kan, men RB vel å ikkje trykkja dette. Jaja, det er ei sjuk verd me bur på. Det finst jo til og med dei som faktisk liker bokmål!

Gje innspel