Oppfølgjarhelvetet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje noka løynd; 2007 er eit oppfølgjar-år. Aldri har det vore så tett mellom rekkja av oppfølgjarfilmar, og aldri har eg hatt større tvil til Hollywood. Er det verkeleg ingenting nytt å laga film om? Når det er sagt, må eg innrømma at eg gler meg litt. Eg tykkjer det er artig å gjera eit gjensyn med mine kjente og kjære, og i år er det mange slike gjenforeningar (somme meir attraktive enn andre, sjølvsagt):

  • Rocky Balboa
  • Hannibal Rising
  • Spider-Man 3
  • Pirates of the Caribbean – At World’s End
  • Oceans 13
  • Die Hard 4.0
  • Harry Potter og Føniksordenen
  • Evan Almighty
  • Fantastic Four: Rise of the Silver Surfer
  • Rush Hour 3
  • Shrek 3
  • 28 Weeks Later
  • Jason Bournes Ultimatum
  • Sin City 2
  • Alien vs. Predator 2

I år kjem det òg ei nyinnspeling av Hairspray. Denne er eg svært usikker på. John Travolta har rolla til Devine, og stiller opp i tjukkdrakt, lauspuppar og parykk. Skeptisk.
Ja, og så må me jo ikkje gløyma nyinnspelingane av Transformers og Teenage Mutant Hero Turtles, nei.

Av filmar som faktisk er litt originale, er eg litt spent på kva Tarantino klarar med Death Proof og Rodrigez med Planet Terror. Vert desse filmane som Sin Shitty? Eg har i alle fall ikkje noko tru på dei. Elles oppmodar eg alle om å sjå Mørk blå nesten sort. Filmen er god, den, men det verkeleg geniale er førfilmen Spandexmann!

Elles har me ein såkalla «biopic» i vente med Miss Potter. Ein «biopic» er ein dramatisert biografisk film om ein kjend eller mindre kjend person, for dei som undrar. Denne filmen handlar om Beatrix Potter, og det er Renée Zellweger som skal bringa Potter attende frå grava. Ewan McGregor speler òg, så denne filmen skal eg heilt klart sjå! Sa eg «biopic»? Vel, Becoming Jane er endå ein slik ein, og handlar om Jane Austen. Men det stoggar ikkje der! Norske kinogjengarar får høve til å komma litt nærmare ein kjend norsk kunstnar i filmen Edvard Munch. Hurra. Denne filmen er forresten ikkje heilt ny (vart vel laga i 1974), men han har aldri vore på kino her til lands før.

Me kan òg venta oss ein ny samisk film frå Nils Gaup. Kautokeino-opprøret er (vonleg) klar til hausten. Norsk film basert på bok vert det òg når Tatt av kvinnen har premiere. Det er Petter Næss som har regien til denne spelefilmversjonen av Erlend Loe-boka, og Trond Fausa Aurvåg er med på laget. Filmatiseringa av Varg Veum er òg klart til hausten.

Har eg gløymt noko då? Same kva, den filmen eg gler meg mest til, er for så vidt ikkje ein oppfølgjar, men på same stunda er den det lell. Eg talar sjølvsagt om The Simpsons Movie. Eg gler meg nesten like mykje til denne filmen som eg gjorde til Star Wars-filmane. Vurderer å stå i billettkø til han.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/oppf%c3%b8lgjarhelvetet/

2 comments

  1. BEATRIX POTTER!! 😀 Peter Rabbit <3

    Vonar det vert bra. Hmm. Elles gler eg meg til Harry Potter-filmen, for å prata um ein Potter som ikkje er relatert. Elles er det ingen av dei andre filmane som vekkjer serleg interessa.

    Men eg synest ikkje Sin City var dårleg, kvifor meiner du dette? Eg synest han var stileg, passa godt til teikneserien.

    • Simon on 9. mai 2007 at 14:53
      Author

    Harry Potter har eg sett i hel. Semesteroppgåva i Film og forteljing gjekk på nett dei filmane. Viss eg ikkje hugsar heilt feil, var oppgåveljoden å «samanlikna og kaste lys over bruken av kinematografi og mise-en-scène» i Harry Potter 2 og 3. Eg fekk Potter’n i vranghalsen då, og har difor ikkje sett HP4 og har heller ingen planar om å skunda meg med å gjera det før 5-ern kjem.

    Når du seier at filmen Sin City passa godt til teikneserien, så tykkjer eg det argumentet i seg sjølv seier i mot filmen. Ein film skal kunne stå aleine. Det er difor Resident Evil 2 er ein drittfilm, jamvel om mange av hugfolka til dataspela likte han. Det er difor Star Wars: Episode I ikkje fungerer heilt bra, sidan mykje av det som vert sagt og gjort føreset at du har kjennskap til dei tidlegare episodane for å få noko ut av det (heile ideen om Anakin Skywalker, til dømes, vil berre fascinera om du på førehand veit om Darth Vader). Då eg såg Sin City, fekk eg ikkje noko ut av filmen av di eg ikkje hadde lese teikneserien. For meg var filmen berre slag på slag med «tøffe» scener utan mål og meining, og det vart for platt. Eg har i ettertid lese teikneserien, men det var ikkje heilt bra lell. Det er mykje i filmen som er direkte fråstøytande og ekkelt, men filmen prøver ikkje å seia at det er fråstøytande og ekkelt. I staden seier det at det er herleg og gildt, og dimed står Sin City for ein moral eg ikkje kan gå god for. Dette er pornovald, ikkje filmkunst. Eg oppfatta heile filmen som ei hyllest til røyking, drikking, puling, vald og drap. Ein fyr omtalte filmen som ein «perfekt film en varm sommerkveld med ei kald pils ved din side». Dette passar meg eigentleg bra, sidan eg korkje liker pils eller kjem frå ein stad med varme sommarkveldar.

Comments have been disabled.