Saturday Night Fever

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne omtala ligg òg ute på Metropolis.

Slepp deg laus til disco-rytmane!

Det startar med ein spradetur. Me ser eit par blankpussa sko vandra mot oss, og me høyrer den livlege rytmen i Stayin Alive av The Bee Gees. John Travolta vandra med denne vidgjetne opningssekvensen til superstjernelivet.

Travolta speler Tony Manero, ein nittan år gammal gut frå arbeidarklassemiljøet i Brooklyn. Han har ingen ambisjonar, og nyttar alle pengane sine på utelivet. Det er laurdagskvelden som gjeld. Dansegolvet på diskoteket 2001 Odyssey representerer for Tony livet. Det er her han har talent, det er her han verkeleg er god til noko. Det er verre dei seks andre dagane i veka. Faren hans har fått sparken, og lèt sit eiga nederlag ganga ut over Tony og mora. Tony må arbeida i ein jernvarehandel utan utfordringar eller framtidsvon for å forsørga familien. Som takk får han øyrefikar og vonbrotne ord om at han skulle ha vore meir som storebroren, presten.

John Travolta har skapt ein interessant figur i Tony Manero. Her har du ein rasistisk, mannssjåvinistisk, egosentrisk og usympatisk pøbel, og jamvel elskar me honom. Jentene vil ha honom, gutane vil vera honom, og dansetrinna hans gjer sjølv den stølaste nordlendingen danseviljug. Han minnar på sett og vis om rollefiguren til James Dean i Rotlaus Ungdom, men eg freistar å seia at han er endå meir likande enn Dean-figuren Jim Stark.

I filmen møter me Karen Lynn Gorney i rolla som Stephanie Mangano, den romantiske interessa til Tony Manero. Ho er ei Brooklyn-jente som ynskjer at ho var ei Manhattan-kvinne. Ho forsøker å framstå som meir kultivert, intellektuell og med høgare sosial rang enn Tony, men målføret hennar avsløyrer henne. Ho seier til dømes «aint», og rettar det til «isn’t» i neste sekund. Ho seier òg «int’resting», og rettar det til «int-e-resting». Me merker òg at intellektet hennar ikkje er så stor som ho skryter av. I ei scene prøver Stephanie å imponera Tony med kjennskap til Romeo og Julie. Tony svarar «å ja, Romeo og Julie, det er Shakespeare, ikkje sant?» Stephanie ser dumt på honom, og svarar at det er Franco Zeffirelli. I dette avsløyrer ho at ho trur Romeo og Juliet berre er ein film frå 1968, og ikkje eit skodespel frå 1600-talet. Denne kjensgjerninga er eit vitnemål mot hennar såkalla kultivasjon.

Jamvel om Stephanie ikkje er den ho prøver å vera, så har ho i alle fall klart å skaffa seg eit husvære på «den rette» sida av Brooklyn Bridge. Denne brua representerer framtida, ho representerer det å tre inn i vaksenlivet. Det er dette heile filmen handlar om. Gjennom handlingsgangen i filmen ytrar Tony støtt ynskje om å gjera noko ut av livet sitt. Dansinga kan ikkje vara i all æva, som han sjølv ytrar. Eit underordna tema i filmen er tilhøvet mellom menn og kvinner. Tony er, som eg skreiv lengre opp, mannssjåvinistisk. Han er frekk og nedlatande mot det motsette kjønnet, og handsamar dei etter bruk-og-kast-metoden. Ei av dei få jentene i omgangskrinsen hans, hans, Annette, ovundrar honom, og ynskjer å vera meir enn berre dansepartnaren hans. Dette gjeng ikkje Tony med på. Som han sjølv seier, korleis kan han respektera henne etterpå viss dei har sex? I hans verd finst det berre to typar jenter: snille jenter og ludder. Det finst ingen mellomting, så det er opp til Anette å avgjera kva type jente ho ynskjer å vera.

Filmen kom på eit tidspunkt der amerikanarane var slitne av politikk, med tanke på den kalde krigen, Vietnam og alt sånt. Hollywood hadde så vidt starta å oppfatta dette, og dei få lystige filmane som kom gjorde stor suksess. Tenk berre på Star Wars, som kom same året. Saturday Night Fever er nesten litt hedonisme. Det er mange smertefulle augneblink i filmen. Det er jamvel ikkje desse me hugsar når rulleteksten kjem. Det er den gode historia og den profesjonelle kinematografien med spanande kameravinklar, vakre kamerakøyringar og flotte biletutsnitt. Det er spradeturen til Travolta i opningssekvensen. Det er den kvite dressen hans på dansegulvet. Men det som verkeleg gjer denne gode filmen til ei heilskapeleg kinematisk oppleving, er musikken. Det meste eg nokon gong har høyrt frå The Bee Gees, er samla i denne filmen. Tavares glimrar i glitrande disco-bokstavar, og David Shire låter utruleg bra. Favorittane mine er Calypso Breakdown av Ralph MacDonald og A Fifth Of Beethoven av Walter Murphy. Discomusikk oser over av positiv energi, du kan ikkje lata vera å verta litt glad. I filmen er songane ikkje berre kasta inn i ljodmiksen tilfeldig (som t.d. i «Scary American Epic Teen Pie Movie» eller kva det er no dei heiter), men utgjer ryggraden til filmen. Musikken styrer handlinga, historia styrer musikken. Songane er nøye vald ut til å høva til scenene dei er i.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/saturday-night-fever/