«

»

Skys!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det er utruleg mykje artig tidtrøyte å te seg til i eksamenstida. Det er lokkande, freistande syslar overalt, som alle fungerer som svarte tidshol. Filmsamlinga mi utgjer ein av dei største trugslane mot lesinga. Ein annan stor syndebukk er WWW. Og eg er veik. Eg tek meg sjølv støtt i å flakka rundt på veven utan mål og meining, medan bøkene mine skriker etter merksemd utan hell.

Ei vevside eg ofte er innom, er Nynorsk.no. Her om dagen hadde dei gravd fram eit artig nyhende frå Hordaland. Dette handlar om det nye busselskapet Skyss. Det viser seg nemleg at bergensarar ikkje forstår dette namnet:

«Jeg tenker i hvert fall ikke transport, mer på kjærlighet,» sa ein til NRK Hordaland. Ein annan bergensar sa at dei «kunne like godt ha fjernet s-en, så det hadde blitt kyss».

Bergensarar, altså! Viss du fjerner ein s frå Skyss, så står me att med Skys. Eller Sky s. For at det skulle verta kyss, måtte du ha fjerna S, ikkje s! Sånn går det når du bur i ein bokmålskommune.

Før nokon vil retta på meg: eg veit at Bergen er vorte målnøytral no – og eg gleder meg stort over det – men dei åra med bokmål som målform har nok gjort stor skade på staden.

4 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Synnøve

    Heh. Busselskapet bør vera glade for at namnet vekkjer slike assosiasjonar! Eg meiner, sex & slikt vert nytta for å selja alt frå mobilabonnement til hårspray, so eit namn som får folk utan elementær kjennskap til skilnaden mellom kj- og skj-lyd til å tenkja på kyssing, må jo vera genialt med tanke på marknadsføring.

  2. Simon

    Sant, sant. Men er kyssing verkeleg «sex & slikt»? Apar kyssar når dei vil visa at dei set pris på nokon – og det treng ikkje vera seksuelt. Ungar kyssar kosedyra sine. Foreldre kyssar unga sine. Eg tykkjer kyss er teikn på tryggleik, ikkje kjønnsakt. Skjønt, kyssing er ofte ein del av kjønnsakta…

    Og til dei som meldte i frå: Ja, eg veit at tittelen er skrive feil. Takk til dykk, neste gong kan de prøva å faktisk lesa innlegget.

  3. Synnøve

    Nei, det treng det jo ikkje. Men «kyss» er absolutt meir seksuelt lada enn til dømes «klem», og føyer seg enkelt inn i ein viss kontekst skapt av reklamebransjen…

  4. Simon

    Jau, mogleg det. Same kva, eg finner det utruleg festleg at bergensarar ikkje veit kva ordet skyss tyder. Det var som då eit par bidragsytarar på Ordsmia ikkje visste kva ein pode er. Det er heilt vanlege ord i mine auge, ord som alle forstår og kan gjera seg forstått med. Men det viser berre kor fattig ordtilfanget er i bokmålsstrøk.

Gje innspel