Species III

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Såkalla «rett til video»-filmar er alltid skumle. Ikkje skumle som i «eg vert redd av den kalkulere terroren på skjermen», men som i «dette er så dårleg at eg vert skremd sjølv om det ikkje alltid er snakk om ein skrekkfilm». Det er sjeldan at «rett til video»-filmar er gode. Riktignok gjekk denne filmen rett til DVD, ikkje video, men eg tykkjer du kan nytta omgrepet «video» om DVD om du har lyst. For mange tyder «video» nemleg «film du ikkje ser på kino eller over fjernsynsantenna/fjernsynskabelen/satelittmottakaren», og ikkje sjølve VHS-kassetten. Og viss ordboka har noko ho skulle sagt i denne saka, så tyder video «eg ser». Du kan difor nytta «video» der det er snakk om ein skilnad frå kino eller fjernsynsfilm, så framt du ikkje skal målbera teknologien. Kor som er, eg liker ikkje «rett til video»-filmar, av di dei ofte er av dårleg kvalitet. Og Species III er ikkje noko unnatak.

Eve, romvesenmennesket frå førre film, er visst ikkje daud lell. Ho føder to-tre ungar, men ein av ungane hennar drep henne. Ein forskar stel den yngste av ungane, og tek jenta med seg heim. Og etterpå tingar han ein ung kjekkas, truleg rundt 22-25 år gammal, som jamvel er gammal nok til at han har lært seg å utvinna energi ved fusjon, splitta atom og manipulera DNA – og han gjer det like let som om han har heldt på med det i femten-tjue år. Eg undrar kva barnehage han gjekk på! Same kva, den unge nerde-kjekkasen (sprø kombinasjon?) går med på å gjera eksperiment på det nye romvesenmennesket. Ho veks opp og vert til ei svært barmfager, platinablond og sprengkåt kvinne over natta. Forskaren kallar henne Sara, og er stolt over henne. Til forskjell frå i dei andre filmane, vil nemleg ikkje Sara parra seg med ein menneskehann. Ho vil i staden ha ein romvesenhann. Diverre for henne er det ikkje så mange av dei. Dei få som finst, er avkom av Eve. Er det noko som ikkje er bra, så er det incest. Og sjølv om romvesen-genane gjer incest akseptabelt, så er dei andre romvesena svært sjuke. Immunforsvaret deira tåler nemleg ikkje heilt vanleg bjørkepollen, og DNA-et deira er i full oppløysing. Desse mannebeista av brødre er heilt ville etter Sara. Dei har berre ein tanke i hovudet, og det er å vidareføra genane sine. For å gjera det verre for denne forskaren (som har laboratoriet sitt i kjellaren sin!) , finst det eit anna forskarlaug som har laga eit nytt romvesen etter oppskrifta frå fyrstefilmen (lærte dei INGENTING av hendingane?). Men sidan denne forskarlauget er delfinansiert av styresmakta, så er dette forskarlauget dumme som brød og har gått på den same fella som i fyrstefilmen. Dei har nemleg laga eit nytt kvinnevesen, trass i at den førre viste seg å vera alt for ukontrollerbar. Og dette nye kvinnevesenet er no laust, kåt og svært klar over korleis det kan nytta kvinneleg skjarm og romvesenvald. Også ho er allergisk mot pollen, og ho treng livmora til Sara!

Mesteparten av filmen gjev ikkje meining for fem flate øre. Det vesle som gjev meining, er berre til å gremmast over. Greit nok, du veit kva du går til når du skal sjå ein oppfølgjar til ein B-film. Men ein oppfølgjar til ein oppfølgjar til ein B-film, som attpåtil vert «rett til video» med alt det inneber (enorme budsjettkutt, regissørar og heilt ukjente skodespelarar plukka opp rett frå gata, null arbeidsvilje frå dei tilsette og «eg gjer då vel fanden berre filmen vert ferdig»-haldning frå leiinga), er kanskje best å styra unna. Species III er eit handfast prov på dette. Det einaste som kunne redde dette togvraket av ein film, var vald og nakne puppar. Pussig nok – med tanke på «rett til video»-arva – var Sara (som var elendig spelt av Sunny Mabrey) nesten ikkje valdeleg eller naken i det heile teke. Men det verste av alt: dei har maltraktert den opphavlege monster-utforminga frå Giger. Monsteret ser ikkje ut som seg sjølv i det store og heile. Det nydelege detaljane frå den smågalne sveitsiske kunstnaren er borte, og me står att med noko som liknar ein mann i ein gummidrakt full av slim – og det var sikkert det det var òg.

Denne filmen får «Blæh!» av meg. Som om ikkje det var nok, er Species IV snart klar for publikum. Video-publikum, må vita.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/species-iii/