Star Wars har 30-årsjubileum!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Gratulerer med dagen, alle Star Wars-hugfolk. Måtte Krafta vera med oss alle i dag.

Diverre har eg ikkje tid til å feira noko i dag. Eg har eksamen i morgon. Men eg fortviler ikkje, for eg har nemleg feira på forskot med ein Star Wars-maraton. I dag skal eg ha filmmusikken i bakgrunnen, og tenkja litt på kor mykje glede eg har hatt ut av desse filmane. Kinoturane, overnatting i billettkø, timane med symaskinen for kostymet, spenninga med å få DVD-ane… eg minnest heilt attende til fyrste gongen eg forelska meg i filmane.

Det er mykje som hender i Star Wars-universet. Vevstaden Tales of the New Republic har dukka opp ut av inkje, og ingen ser ut til å vita kven som står bak. Ut i frå bileta som er lagt ut på den førebelse framsida, som vert byta ut i løpet av jubileumsdagen, ser det ut som figurane er modellert etter samlefigurane til Gentle Giant. Spekulasjonane har svirra rundt ein ny animert serie, medan andre meiner dette er ein ny hugfilm.

Dette er ikkje den einaste vevstaden som skapar rørsle i hugen til oss Star Wars-nerdar. På den offisielle vevstaden, StarWars.com, står det no ei melding om at alle må vitja sida på sundag klokka 11.30 (PDT, altså klokka 20.30 norsk tid), for då skal det koma ein «must see surprise».

Som om ikkje det var nok, så går det rykte om at George Lucas skal koma med ei gigantisk kunngjering i løpet av dagen. Me undrast kva dette kan vera. Me veit jo trass alt om at han lagar to fjernsynsseriar, ein animert frå klonekrigen og ein dramaserie frå tida etter Episode III. Den sistnemnte skal starta innspelingane til neste år. Så kva kan denne store kunngjeringa gå ut på? Rykteflaumen går ut på at han skal laga ein oppfølgjar til trilogien. Eller i det minste ein ny Star Wars-film. Eg pisser i buksa av spenning, og vurderer å droppa eksamen berre for å få nok tid til å klikka på oppdater-knappen i nettlesaren min heile kvelden

Om eit par dagar vert ein ny roman, Legacy of the Force: Sacrifice, lansert. Denne tek historia om Skywalker-slekta vidare. Internettrykta seier at ein av figurane kjem til å dø. Eg skal ikkje seia noko om kven i fall du ynskjer å lesa boka, men kan hinta om at ho er veldig fager.

Det er spanande tider å vera glad i Star Wars. Igjen, gratulerer med dagen.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/star-wars-har-30-arsjubileum/

2 comments

    • Simon on 26. mai 2007 at 14:43
      Author

    Dagbladet.no om Star Wars

    • Simon on 27. mai 2007 at 20:50
      Author

    StarWars.com er oppdatert med eit utruleg stort, treigt og dumt brukargrensesnitt. Eg likte ikkje den førre oppgraderinga, og eg liker ikkje denne. Kor som er, oppgraderinga vart gjort på jubileumsdagen, og den store overraskinga eg nevnte tidlegare kom ikkje før no.

    Kva er så overraskinga? Ein reklamefilm for Clone Wars, den nye 3D-animerte fjernsynsserien frå Lucasfilm. Og det såg utruleg bra ut. Mykje betre enn dei førre sesongane av Clone Wars, som var gjort med tradisjonell animasjon.

    Og den store kunngjeringa? Eg ventar framleis på ord. Det verker som om alle Star Wars-vevsider går på sirup i desse dagane. Truleg er dei alle i Los Angeles på Celebration IV, den største Star Wars-samlinga sidan Celebration III. Det hadde vore utruleg tøft å få ta del i ei slik tilskiping. Den neste, Celebration Europe, er i London om ikkje lengje. Men det kunne ha vore heilt på andre sida av kloten for min del; eg har ikkje pengar til å delta kor som er. Dei måtte då ha skipa det til anten her i Nidaros eller oppi Mo i Rana. Alternativet er at nokon av mine snille lesarar gjev meg flybillett, inngangspass og hotellrom. Eg veit ikkje kva som har størst sannsyn.

    Vevsida, Tales of the New Republic, som dukka opp or inkje, har no lagt ut ein ganske stilig filmreklame. Såg veldig bra ut. Dei har òg skrive at ikkje er Lucasfilm, og at dette er ein heilt vanleg hugfilm. Vel, vanleg og vanleg. Dei vanlege animerte hugfilmane plar ikkje sjå så bra ut. Ta ein titt sjølv.

    Jau, heilt til sist kan eg nemna at detaljerte avsløyringar av plottet i Sacrifice ligg ute på TheForce.net, inkludert døden til ein av figurane.

Comments have been disabled.