The War of the Worlds

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne omtala ligg òg ute på Metropolis.

I 1898 skreiv Herbert George Wells ein roman som kom til å få stor tyding innan den relativt nye sjangeren vitskapsdikting, og serskilt for filmmediet. Frå før hadde Wells skrive spanande forteljingar om tidsreiser, genmanipulasjon og galne usynlege menn. Folk var fortroleg med sjangeren då Wells kom ut med romanen sin dette året. Dei fryda seg over denne framtidsforteljinga, som omtala ein krig ti-tjue år fram i tid. For lesarar no i 2007 er dette ganske interessant, sidan det faktisk kom ein krig ti-tjue år etterpå. Denne krigen vert rekna som den mest blodige og fælaste krigane i moderne historie. Den fyrste verdskrigen var eit faktum i 1914. Og kva var så tittelen på romanen til Wells? The War of the Worlds. Verdskrigen.

Romanen selde godt, og den 30. oktober 1938, etter førti år med stadig nye lesarar, hadde Mercury Theatre med Orson Welles i spissen eit radioprogram der dei dramatiserte boka. Somme endringar vart gjort, mellom anna tilpassa dei historia til å finna stad 30. oktober 1938, og omvøla henne til radioformatet. Folk som skrudde på, fekk høyra eit lystig musikkprogram som plutseleg vart avbrote av det som tilsynelatande var ei røynleg nyhendesending. Difor trudde mange på det som vart sagt, og det skapte stor panikk i USA. Neste morgon var dette hovudoppslag i The New York Times: «Radio Listeners in Panic, Taking War Drama as Fact»

I 1953 vart romanen endeleg filmatisert. Historia vart gjort om nok ein gong, og vart eit samtidsdrama som utspelte seg i 1953. Filmen The War of the Worlds vart umåteleg populær. Han vann til og med ein oscar for spesialeffektane, og det finst dei som meiner at dette er den beste amerikanske vitskapsdiktinga i filmhistoria.

Eg elskar å sjå vitskapsdikting frå femtitalet. Dei har ein sær kvalitet over seg, ein ambivalent haldning til livet. For det fyrste var amerikanarane veldig stolte over seg sjølve. Dei hadde jo trass alt vunne den andre verdskrigen, og dei hadde ei styrkt sjølvkjensle etter denne sigeren – både som personar og som nasjon. Det var stort å vera amerikansk. Amerikanarar kunne overvinna alt! Samstundes sendte filmane ein bodskap om framandfrykt. Etter Truman-doktrinen, som hadde som hovudprinsipp å stogga framgangen til kommunismen, oppstod det ei spenning mellom Sovjetunionen og USA. Denne spenninga, som vert kalla Den kalde krigen i historiebøkene, prega kvardagen til amerikanarane. Amerikanske medium vart med tida fylt av antikommunistisk propaganda, og som kjend var det ei heksejakt i Hollywood etter sympatisørar til kommunistpariet. Filmar frå femtitalet har difor to overordna og til dels motstridande kjensler: 1) amerikanarane kan overvinna alt, men 2) kommunismen kan øydeleggja amerikanarane. Filmane spelte på frykt for sovjetisk invasjon når dei skildra korleis vesena frå verdsrommet gjorde inntog på amerikansk mark. Denne ambivalensen som gjennomsyrar amerikansk vitskapsdikting er absolutt til stade i The War of the Worlds.

Filmen byrjar med ein fortale med bilete frå verdskrigane, og eit bodskap om at me no skulle få sjå ein større og meir øydeleggjande krig. Det held så fram med den kjende prologen frå boka, om korleis marsbuarane har snart øydelagt sin eigen planet, og er på utkikk etter ein ny bustad. Når historia startar, er me i ein liten amerikansk landsby. Landsbybuarane er venlege folk med skikkeleg bondevett. Ikkje nokon ramp å sjå, berre skikkelege arbeidarklassefolk. Denne natta kjem ein meteoritt til staden. Meteoritten viser seg snart å vera ein slags transportskip for krigsmaskinane til marsbuarane. Ein skrekkslagen gjeng står og ser på når dei kommunistraude dødsstrålene til marsbuarane sveipar over folk og tilinkjesgjer dei på nokre sekund. Midt blant tilskodarane finn me Sylvia van Buren, ei fysikklærerinne ved Universitetet i Sør-California, og forskaren Clayton Forrester.

Styresmaktene er snøgt til stades med rifler og stridsvogner, og klarar å kringsetja dei framande krigsmaskinene. Millitæret fyrer laus, men prosjektila deira har ingen verknad på marsbuarane. Dei sender flyvåpenet etter dei, heller ikkje det med nokon verknad. Marsbuarane har gjort inntog i mest heile verda. Verdt å merka seg her er at det, med unnatak av Kina, ingen kommunistiske nasjonar er innvaderte av marsbuarane. Snart står det berre att ei løysing: atombomba.

Filmen er nydeleg regissert av Byron Haskin, men manglar mykje av dei satiriske kommentara i kjeldematerialet. Jamvel framstår historia som velskrive og god. Ho haltar litt ved somme klisjear, til dømes at heltinna aldri gjer anna enn å hyla og søkja trøyst i armkroken til helten. Litt løye var det å sjå at frøken van Buren, som hadde mastergrad og føreleste ved universitetet, ikkje bidrog med noko for forskarane. OK, ho kom med kaffi og kaker ved eit høve, og laga speilegg til doktor Forrester ein gong, men elles var ho berre den forsvarslause kvinna som venta på at ein riddaren i skinnande rustning skulle redda henne. Slike klisjear til sides, så er historia særs spennande. Eg gløymer heilt at eg faktisk kan sjå trådane som held krigsmaskinene oppe, og sit med hjartet i halsen i dei mest intense scenene. Eit døme på ei slik scene er då doktor Forrester og frøken van Buren er innestengt i huset på ein bondegard som er omkrinsa av marsbuarane. Denne scena inspirerte Steven Spielberg til å verta filmskapar, og som han hylla med E.T. og seinare sin eigen versjon av War of the Worlds.

Som eg nemnte, var det ein ambivalens i filmen. Han syner fram strukturerte, modige soldatar, handlingskraftige og samarbeidsvillige styresmakter og staute amerikanarar. Samstundes syner han fram vonbrot, kaos og ragnarok. Sjølv ikkje uovervinnelege amerikanarar kan vinna over dei kommunistiske romvesna.

Det einaste eg verkeleg har å utsetja på filmen, er den religiøse vinklinga ho får. Den opphavlege romanen av Wells var alt anna enn religiøs, og du finn mange døme på åtak mot kristendommen her (den galne presten, til dømes). Romanen slutta med ei ironisk syn på religion, men i manuskriptet til filmen er ironien tolka bokstaveleg.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/the-war-of-the-worlds/

1 comment

    • Simon on 7. november 2007 at 11:47
      Author

    Denne kom til finalen i sumartevlinga til Metropolis.

Comments have been disabled.