«

»

Andletsarkivet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Er du brukar av Facebook? Då er du ikkje aleine. Mediejournalistar har lite å skriva om, og har kasta seg over dette nyaste kvasisosiale nettnettverket (nei, det er ikkje ein skrivefeil!) som gribbar. Ikkje at gribben trivst her nord, men journalistane mimer lell etter åtferda hans i jakta på ei minstestrevshistorie der dei kan bruka arbeidstida på å surfa veven for «å gjera research». Denne blesten dei då skapar – og no nyttar eg blest som språkleg bilete på kva slike nyhende er: tom luft – gjer at folk vert nyfikne på kva dette Facebook eigentleg er. Jævla journalistsvin!

Eg hatar nettnettverk av denne typen. Facebook, Nettby, Blink… det spelar inga rolle kva dei kallast, dei er alle av same ulla. Du registrer deg, leggjer til ei rekkje av falske vener, og så trur du at du er sosial. Samspel mellom menneske er sjølvsagt berre gjævt, men les denne setninga nøye ein gong til. Ser du kva det står? Ja, mellom menneske, ikkje mellom menneske, skjerm, tastatur, mus, nettverkskabel, modem, nettleverandør og attende igjen i motsett rekkjefølgje til eit anna menneske du ikkje har teke deg brya med å halda kontakten med etter barneskulen. Du vert narra til å tru at du har sosial omgang. Gni deg i auga og sjå deg om der du sit. Er det nokon til høgre? Til venstre? Attom deg? Eller ligg det ein haug med papirar og eit par tomme brusflasker rundt deg? Sanninga er at svært mange av dei som er aktive på slike nettnettverk eigentleg er svært usosiale. Dei gøymer seg attom eit kallenamn på veven, og skapar ein rollefigur som lever livet dei drøymer om. Den røynlege verda vert kald, rå, ekkel, skummel og fæl, medan denne kyberverda er god og varm og inkluderande. Men berre i hovuda til desse stakkarslege individa.

Eg er ein storbrukar av mange tenester på Internett. Eg har ei tylft av e-posttilskifter eg nyttar til dagleg, og fleire kontoar kring på veven som eg ikkje nyttar så ofte. Resultatet er at eg har eit enormt platonisk kontaktnettverk. Kvar gong ein person eg har brevveksla med vert med i Facebook-hysteriet, så importerer dei adresseboka si. E-post-kontaktane til denne personen får då melding om at dei må registrera seg på Facebook sjølv, sånn at dei «kan vera vener» med personen. Eg får nesten daglege oppmodingar frå Facebook om at eg må registrera meg på dei mange e-postkonotane. Helvete, kan dei ikkje lata meg vera i fred?!

Eg er ikkje heilt ukjend med nettnettverk. Diskusjonsforum er ein form for slike nettnettverk, men med større fokus på ordskifte og mindre på kvasisosialitet. Eg tykkjer at slike forum dimed har ein viss verdi, ettersom dei ikkje på noko vis forsøker å erstatta røynleg samspel. Du får ingen kjenningar på forum. Det er ikkje det som er interessant, sidan desse vevstadene held seg til eit overordna tema (dei fleste fora eg har vore aktiv på handlar om film og/eller Star Wars). No nyleg starta Filmweb opp eit nettnettverk som dei kalla Metropolis, etter den gamle tyske filmen. Eg har prøvd det ut litt, og det til nettnettverk å vera er det skrekkeleg dårleg:

  • Fæl utsjånad med svart bakgrunnsfarge og ingen fargeharmoni.
  • Inkje regelverk eller aktiv moderering.
  • Ingen faste råmer om innlegg (t.d. at innlegg om skodespelarar skal i ei underside om skodespelarar)
  • Høve til sjølvsmoderering berre i opningsinnlegget, men ikkje i dei følgjande postane (altså ikkje høve til å redigera eller fjerna sine eigne kommentarar)
  • Ingen oversyn over sendte privatmeldingar
  • Kjeldekode som stinkar kattpiss av!
  • Oppmoding om å jamføra meldingane dine med Facebook

Det er skammeleg å sjå at den største vevstaden for film- og kino-bransjen i Noreg òg har kasta seg over denne tankelause nettmoten. Ikkje berre har dei laga sitt eige kvasisosialt nettnettverk, men dei oppmodar til og med å nytta Facebook! Nei, inni svartaste Helgeland, eg vil ikkje nytta Facebook!

Ei av jentene eg bur saman med er glad i Facebook. Då ho høyrte at eg forbanna dette nettnettverket, sa ho «jammen, du må jo prøva det!» Eg har prøva det. Ikkje av di eg hadde så veldig stor interesse av å prøva det, men av di eg fekk mange treff frå vevstaden både her på boba.no og på spynorsk.net. Eg var nyfiken over kven det var som gav meg treffa, men det gjekk sjølvsagt ikkje an å sjå utan å vera registrert brukar. Så eg leita opp eit av dei mange invitasjonane eg hadde fått, denne var på paradigma.no-kontoen min, og så var eg plutseleg medlem av Facebook, eg òg.

Eg vart svært skuffa over kor lite gjevande det var. Eg fann ut, som forventa, at dette ikkje var noko for meg, og skulle til å melda meg ut. Men kor i alle dagar kunne eg gjera det? Det einaste som gjekk an, var å «mellombels deaktivera kontoen», men all data var jamvel registrert i databasen. Eg har då vel for svarte ikkje lyst at dei skal lagra informasjon om meg når eg ikkje skal nytta meg av tenesten deira! Og kva verre er, i bruksavtalen for Facebook står det at dei har rett til å henta inn informasjon om meg frå andre kjelder når som helst. Dette tyder at dei kan leita opp alt dei finn på veven om den e-posttilskrifta, den fødedatoen og det namnet. Noko for Datatilsynet å sjekka ut, for slik framferd kan umogleg vera tillete! Same kva, eg har no heldt på i fleire veker med å få dei til å fjerna meg frå denne fæle, ekle dritten, men dei nektar beint å gjera det. Eg har nytta kontaktskjemaet deira, sendt e-postmeldingar, ringt dei, klikka på absolutt alle lenkjer som finst der inne og kjefta på nye folk som prøver å verva meg. Men til inga nytte. Eg er framleis registrert som brukar der, jamvel om eg har fjerna alle «venene», gått ut av alle gruppene og sletta alt av informasjon som var mogleg å sletta. Facebook nektar å lata meg få gå fri. Faen! Eg er irritert… nei, rasande forbanna og hatefull! Kan ikkje nokon (kyber-)bombadera vevtenarane til Facebook så all informasjon går tapt?

5 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Simon

    Oppdatering: Rett før eg tenkte å leggja ut dette innlegget vart eg endeleg fjerna frå databasen til Facebook! Hurra!

  2. Odin / Velmont

    Simon, Simon. Les du ikkje EULA-er? Eg hev heile tidi visst alt dette; eg visste det var omtrent umogleg å få sletta kontoen – ein gjeng jo med på at ein ikkje treng det.

    Ein gjeng òg med på at dei kann selja all denne informasjonen til kven dei vil, dei fær rettar til det du legg ut; og desse rettane kann òg vidareseljast. Eg er altso heller ikkje medlem av Feisbok; men eg ser folk rundt meg nyttar det til å arrangera festar. Eg synest ikkje det er for galt. Dei siste tvo festane eg hev vore på (siste tri dagane) er visstnok Facebook-festar som eg vart invitert på av di eg hev sosial omgang og fekk vita um dette frå andre.

    Trur du tek ganske feil når du seier at folk eigentleg er usosiale; eg trur dei er sosiale – men eg trur ikkje dei vert mykje meir sosiale av Facebook.

    Menmen, gratulerer med å verta fjerna.

  3. Ola

    Kva tyder R11;?

  4. Simon

    Ola: R11; er ein eller annan rar skriptfeil eg ikkje klarar å finna. Denne kjem når nokon nyttar tankestrek, som vert skrive som – i kjeldekoden. Av ein eller annan grunn vert berre R tolka av skriptet, og R er det same som bokstaven R. Dimed vert – skriven som R11;, ikkje – som det eigentleg skal. Eg anar ikkje kvifor, men har lagt til ein snøggfiks som rettar opp denne feilen. Det er bosspostfilteret mitt som er problemet, det er litt for strengt.

    Odin: mi røynsle med nettnettverk seier noko anna. Det er klart at du godt kan finna døme på dei som faktisk har menneskeleg samspel utafor kyberverda, men desse er unnataket, ikkje regelen.

  5. Vebjørn

    Facebook er for pyser!

Gje innspel