Eg ynskjer meg ei stormtrooperdrakt

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det finst mange ting du kan kasta bort pengar på. Frykteleg mange ting. Du kan til dømes kjøpa deg eit domenenamn eller to, 400 DVD-ar, godtepastillar eller søt kjeks, mange kinobillettar, DVD-spelarar eller til og med musikk. Men alle desse har for så vidt ein nytteverdi på eit eller anna vis. Eg drøymer om å kasta bort pengane mine på noko heilt idiotisk. Noko heilt fabelaktig unyttig. Eg ynskjer å kasta bort pengane mine på ei ekte stormtrooperdrakt. Eg har vore nær med å kjøpa ei slik drakt mange gongar, men alltid har det vore ei lita vitug røyst i hovudet mitt som har stogga meg. Drakta er nemleg svindyr.

Du må ha ein feit sparegris om du skal kjøpa deg stormtrooperdrakt

Plastdelane til drakta

Det er mykje du skal ha før drakta di er komplett. Det fyrste du må tenkja på er dei kvite plastdelane. Er du flink med vakuumformar og plastilin, kan du laga delane sjølv. Eg har sjølv ikkje så veldig lyst til å sitja att med ti kilogram øydelagt plastilin og ein vakuum-dings, så eg trur kanskje at eg vil satsa på å kjøpa delane eg treng. Men dette kan vera litt vrient, sidan ingen andre enn Lucasfilm har lov til å produsera slik for sal. Det er derimot eit smotthol som let deg selja drakta di viss du ikkje gjer det for profitt. Og dette smottholet er det mange som nyttar seg av nett for profitt, og difor er det fullt mogleg å kjøpa delane du treng. Du finn til dømes ein leverandør i Sør-Sverige. Pris: 7000 kroner pluss frakt. Som sagt, dette er svindyrt! Men er du lur, kjøper du plastdelane litt her og litt der. Eg har leita litt rundt, og det billegaste totalprisen eg finn ut er 3000 kroner pluss frakt. Men frakta kan fort verta litt dyr viss du handlar frå statane, så det kan henda det er greiast å berre satsa på svenskane her.

Svart underdrakt

Det neste du treng, er ein svart underdrakt. Nitidig studie av filmane har avsløyrt at det er eit spandexplagg dei nyttar. Mange stormtroppsoldatar stasjonert på planeten Tellus føretrekk våtdraktar i Lycra. For ein gongs skuld er svenskane billegast på veven, med 260 kroner, men det er sikkert mogleg å få tak i billegare våtdraktar over disk her heime. Same kva, viss du stiller opp i svart stilongs, vil dette sjå urteit ut. «Rubber or bust», som dei seier før dei kjem på at det kan tolkast koffert. I alle fall, bakdelen med dette er at det er vanskeleg å vitja veslehuset. For gutar er det kanskje litt greiare, for det finst nemleg våtdraktar med buksesmekk (eller mauk, som det heiter i målføret mitt). Men dette fungerer berre viss du skal tisse. For litt større arbeid må du ha ein todelt våtdrakt, elles må du av med heile drakta kvar gong. Det er mogleg å laga ein brett på hofteplasten, slik at det er mogleg å berre bretta den unna (eller berre taka den av), og då skal det gå rimeleg greit for båe kjønna å følgja naturens gang. Jepp, eg har tenkt på dette lengje…

Kva er det neste? Hmm… jo, hanskar og sko! Skoa finn du stort sett på dei same stadane som sel plastdelane. Svenskane sel desse til 1400 kroner, medan amerikanarane kan skryta av sko til 500 kroner. Er du ikkje så nøye med kor nøyaktig dei er, så finst det sko som er «så godt som» lik dei i filmen til 270 kroner. Når det gjeld hanskane, så er det to ting som er viktig å hugsa på. Det eine er at dei er lange nok til å dekkja handledda og eventuell anna hud opp til våtdrakta. Det andre er at dei er i same materiale eller i eit materiale som er tilnærma likt det våtdrakta er. Ikkje sats på glatte hanskar viss drakta er matt, og prøv å få same svartnyanse. Kanskje eit par SWAT-hanskar passar? Dei kostar «berre» 200 kroner.

Kragen til Luke

Luke Skywalker har ikkje mykje tolmod (eller pengar), og ynskjer at drakta var ferdig no. Men sjølv jediriddarar må taka seg tid til å eta. Kva no enn det tyder. I alle fall, då Luke Skywalker og Han Solo sprang rundt på Dødsstjerna med draktene til TK-421 og TK-422, såg me ein viktig detalj som er lur å få med seg. Kragen rundt nakken. Denne treng heller ikkje å sprengja budsjettet. Vel, i alle fall om du har eit stort budsjett. Det er mange som lagar slike kragar, og flesteparten hamnar på rundt 300 kroner. Viss du vågar deg ut på glattisen med nål og sytråd, så kan du laga din eigen krage langt billegare. Men i staden for å riva i stykker di svarte Star Wars-t-skjorte, så tykkjer eg du skal leggja litt pengar i det. Gå til ein stoffbutikk og finn eit svart stoff som ser ut som spandex. Men stoffet lyt kjennast godt ut mot huden og kunne pusta. Elles vert det ekkelt.

Kjenner du det? Den svette kjensla i pengeboka? Det kjem av at VISA-kortet har gått varmt, og det er litt dumt, for det er no dei verkeleg artige innkjøpa startar! Fyrst: eit våpen. Eg er pasifist, så det er heilt uaktuelt for meg å skaffa meg ein ekte Sterling MK-4 maskinpistol, som dei nytta i filmane. Eg trur nok at dei færreste har lyst til dette, så då lyt me sjå på alternativa. Disney, som har Star Wars-attraksjonar i eit par av moroparkane deira, sel E-11-rifla (som ho kallast i fiksjonsuniverset) som ferdaminne. Deira versjon har innebygde ljodeffektar og blinkande tipp. Eg veit ikkje om det er mogleg å kjøpa rifla direkte frå Disney/StarTour utan å faktisk vitja parken, men det er sjølvsagt mogleg å kjøpa frå andre. Då kostar ho rundt 300 kroner. Men denne rifla er ikkje så nøye på detaljane, og ho liknar ikkje så veldig på den ekte (i fiksjonsuniverset, altså) E-11-rifla. Puristar sver til eit byggjesett utgjeve av Kenner for snart ein mannsalder sidan. Produsenten finst ikkje meir (Hasbro kjøpte Kenner i 1991), så du kan ikkje plukka opp byggjesettet på leikebutikken. Men det er mange som sel dei byggjesetta som er att. Prisen varierer. Svenskane tek til dømes 1800 kroner for settet. Det er sikkert mogleg å finna billegare, så me lyt berre saumfara Ebay og liknande stader. Etterpå er det berre å leita fram lim og maling. Heldigvis har eg ein litlebror som er flink til sånt. Det billegaste er nok jamvel å byggja ei eiga rifle.

Sparegrisen min sprang nett til skogs, og det gjorde han rett i. Eg er nemleg enno ikkje ferdig. Kragen, våtdrakta, plastdelane og hjelmen gjer at det snøgt vert varmt i drakta. Dette er eit problem, men i ein galakse langt, langt vekke frå Star Wars (ja, eg sikta til vår eigen galakse no!) er det mogleg å gjera noko med det. Du kan nemleg kjøpa ein kjølevest. Denne vesten held 18° celcius på grunn av noko som kallast «Phase Change Material». Fordelen med dette framfor isposar, er at du ikkje får frostskadar av det. Bakdelen med dette er at det kostar rundt 1000 kroner.

Ein annan litt billegare måte å kjøla seg ned på, er å byggja inn ei vifte i hjelmen. Det er god plass i hjelmen, så det skal gå greit å lima fast ei billeg PC-vifte øvst oppi den, og kopla på eit 5-voltsbatteri. Men vifta må vera stillegåande, og sjølv om det er bra med litt luftsirkulasjon, så skal det heller ikkje vera full storm inni hjelmen. For 200 kroner har me ei stillegåande og praktisk vifte.

Mikrofon og høgtalar Mikrofon og høgtalar på hjelmen

Dette fører oss til eit luksusproblem. Prøv å tre ei bytte over hovudet, og hald ei lita vifte inn under henne. Kan du då høyra noko anna enn sus? Tre bytta på hovudet til litlebroren eller litlesystera di og få han eller ho til å prata (prata, ikkje ropa). Høyrer dei ut som om dei er stormtroppsoldatar eller ungar med ei bytte tredd over hovudet? Det treng ikkje vera sånn. Du kan slanka sparegrisen endå meir. Med eit par strategisk plasserte mikrofonar på utsida av hjelmen. Det som er så kjekt, er at du kan setja inn eit par flotte mikrofonar og høgtalarar i hjelmen utan at det ser stygt ut. Det kostar «berre» 500 kroner. Og når du har sett inn dette, så kan du kjøpa deg eit par hovudtelefonar med mikrofon. Det er billeg, du finn sikkert nokre til 50 kroner på Rema eller noko sånt. Så skal du ha ein magisk boks der du kan plugga alt saman inn (mikrofon som tek opp ljod frå utsida og send inn til høyretelefonane, mikrofon som tek opp ljod på innsida og send ut til høgtalarane). Denne boksen lyt òg omforma røysta til litt meir stormtropp-aktig røyst med sånn statisk tshjht-ljod. Det finst mange slike boksar. Eg veit at mange draktbyggjarar elskar RadioShack, men det finst utstyr som er endå meir tilpassa dette bruket, og som berre kostar rundt 300 kroner.

Me er ikkje ferdig med elektronikken enno. På ryggen har stormtroppsoldatane ein handgranat. Denne kan me utstyra med raude, gule og grøne LED-ljos til 100 kroner. Du kan nytta granaten til fleire ting enn berre pynt. Han er nemleg heilt hul inni, så du kan nytta han som lagringsplass for nyklar, dropsesker og mobiltelefonar. Men for ikkje å skada plastikken, er det lurast å ha noko mellom tingen og plasten. Eg har sett dei som sel plastrør med skrukork til 100 kroner, og jamvel om dette er praktisk, kan du gjera det langt billegare med litt papp og limband.

Snart ferdig. No gjenstår plastlim (100 kr.), kvit borrelås (100 kr.), elastiske stropper (100 kr) og kva anna me måtte trengja for å setja drakta saman. Kanskje litt skumgummi (70 kr.) for at drakta skal sitja betre? Og sjølvsagt batteri (50 kr.) til elektronikken. Den kvite plasten får snøgt riper, så det er lurt å skaffa seg polering og ripefjernar for plast (180 kr.). Sidan me taler om ripar i plasten, så må me tenkja litt på lagring av drakta. Sjølv om det hadde vore innmari artig, så er det ikkje sikkert at det høver seg å gå rundt i ein stormtroppdrakt heile tida. Kanskje IKEA kan vera til hjelp her med ei eske (120 kr.)? Sidan eg ikkje ynskjer riper eller skadar på drakta under lagring eller frakt, så vil eg nok utstyra eska med skumgummi spesialtilpassa til dei ulike delane.

Så, kor mykje kjem dette til å kosta? Eg tek utgangspunkt i dei billegaste prisane:
3000 + 260 + 270 + 200 + 300 + 1800 + 1000 + 200 + 500 + 50 + 300 + 100 + 100 + 100 + 100 + 100 + 70 + 50 + 180 + 120 = 8800.

Så kjem frakt i tillegg, og med tanke på alle delane som skal tingast, vert det nok ein tusenlapp eller to til postverket. Ei stormtroppdrakt vert altså rundt 10 000 kroner. Alternativt kan du leita på Ebay etter brukte drakter. Eg veit om ein kar på QXL som òg sel. Diverre er førekomstane av drakter til sals langt mindre no etter at alle Star Wars-filmane har kome. Men finn du ei drakt, så ligg dei gjerne på rundt 5000–6000 kroner.

Studielånet mitt hyrar ikkje til slike innkjøp, så det vert nok lengje til eg kan løpa rundt i ein fin, blankpolert rustning. Inntil då har eg ei sith-kappe som eg og mormora mi laga.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/06/eg-ynskjer-meg-ei-stormtrooperdrakt/