Ocean’s Thirteen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne omtala ligg òg ute på Metropolis.

No har eg vore og sett’n
Eg stilte opp på pletten.
På kino og få
ein film å sjå,
og tittelen var Oceans Tretten.

Av Bank gamle Reuben vart snytt:
fekk hjartesvikt av Banks gemytt.
Danny Ocean var sta.
Han ville ikkje la
venen Reuben liggja forknytt.

Til sine vener Danny Ocean meldte,
og sa at det var like før det smelte.
Då heile gjengen var samla,
dei til Las Vegas ramla.
Og eit kupp dei i stand stelte.

Ei stø regihand Soderbergh har,
med han oss ikkje tenkja lar.
Underhaldning og gnist,
men heilt utan list.
Handlinga er ikkje ein vinnar.

Matt Damon hadde ein laus nase,
og såg ut som han var av dølarase.
Men nasen var go»,
det er då no»,
og skodespelet nærma seg ekstase.

Spelarane i filmen fekk nok sitt.
Dei treng’kje handla på kreditt.
Løna var stor,
for ein aktor
i Oceans tredje filmavsnitt.

Når ein venegjeng kompisfilm lagar,
så er det for å slå i hel nokre dagar.
Dei tenkjer nok sitt,
Clooney og Pitt,
men det er ingen av dei som klagar.

Handlinga var dum, fjollet og tam.
Det er berre å ta ad notam.
Kompisfilm er ekvivalent
med Bruckheimer-ambivalent
underhaldningsfilm om onkel Sam.

Det er førtisju år sidan originalen kom,
med Frank Sinatra og gjengen som
George Clooney og co.
hermar etter no,
men samanlikna fell dei nye attom.

Litt skryt kan vel filmen få.
Meta-perspektivet er til å attrå.
Klipperytmen var flott
og skodespelet godt,
og det trekte han opp eit nivå.

Me ler nok litt av Danny og gjengen.
Humoren i filmen er lettfengen.
Med jordskjelv og parykk,
og lettsindige uttrykk.
Men eg veit ikkje om me treng’n.

Undrast om det vert meir av denne sorten;
kompisfilm som stinkar som lorten.
Med godvilja til,
og om gudane vil,
så slepp me å sjå Oceans fjorten.

Denne visa vert ganske så stutt,
for denne filmen mangla litt futt.
Eit naudrim her,
og eit naudrim der,
så vert det tretten vers til slutt.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/06/oceans-thirteen/