Skippertakmetoden

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

God dag, gode ven. Me er alle interesserte i framtida, for det er der du og eg skal leva resten av liva våre. Hugs på, min gode ven, at framtidige hendingar slik som desse vil ha verknad på deg i framtida. Du er interessert i det ukjente, det mystiske, det uforklarlege. Det er difor du er her. Og no, for aller fyrste gong, skal me gjeva deg heile historia om kva som hendte den lagnadstunge dagen. Me skal gjeva deg alle prov, basert på dei løynlege vitnemåla frå dei stakkars menneska som overlevde den fæle påkjenninga. Hendingane… stadane… gode ven, me kan ikkje halda dette løynd lenger! Lat oss straffa dei skuldige, lat oss æra dei uskuldige. Gode ven, klarar hjartet ditt å høyra desse sjokkerande kjensgjerningane om gravskjendarane frå det ytre verdsrommet?!

Dette er opninga på Plan 9 from outer space, den vidgjetne kultfilmen frå Edward D. Wood Jr.; verdas dårlegaste film frå verdas mest talentlause regissør viss me skal tru tabloidmedia. Sjølv er eg ikkje så sikker på korkje den eine eller andre av desse påstandene (sjå berre Jail Bait, som er ein fantastisk film trass litt haltande skodespel. Eller ta ein titt på Glen or Glenda, som er alt anna enn talentlaust regissert), men eit er sikkert: dette sitatet gjev ikkje mykje meining.

Om lag slik lydde òg eksamenssvaret mitt i mediepsykologiemnet eg har teke i vinter. Då eg las over kladden min heime etterpå, sat eg og sleit meg i håret av kor vonlaust det såg ut. Det var ingen samanheng mellom avsnitta, og det var som om den blinde entusiasmen Ed Wood hadde kome over meg medan eg skreiv det. Her var det sigøynarar, bokmål nytta som banneord, wookieear, frustrerte husmødre, mafiaer, 3D-film, anekdotar frå Hollywood, høgnorsk og høgtyrkisk, konspirasjonsteoriar og verdsveven. OK, så skreiv eg kanskje ikkje noko om wookieear (sjølv om eg har teikna ein wookiee i margen på kladden), men resten er der. Og eg hoppa frå det eine til det andre frå eit avsnitt til det neste. Somme gongar òg inni eit avsnitt, og ved eit par høve til og med midt i ei setning. Retorikk og logikk var kasta ut av vindauget, og eg fryktar for at både karakteren A, karakteren B, karakteren C og karakteren D flaug ut samstundes. Er eg heldig vert det karakter E, trass mangelen på det emnet faktisk handla om, nemleg mediepsykologi.

Då det gjekk opp for meg at strykkarakteren ligg nærare intimsona mi enn det eg er komfortabel med, vart eg litt vonbroten og arg. Eg stirra på alle desse orda som berre ikkje ville passa saman. Eg gjekk på kjøkkenet og stakk hovudet i kjøleskapet. Gravde fram alt eg hadde av pålegg og laga seks-syv brødskiver som trøyst. Som alltid hadde eg ein skvett Coca-Cola på lur, og etter eg hadde konsumert absolutt alt i matpyramiden (frå hvete, frukt og grønt til kjøt, feitt og sukker), tok eg kladden min fram att. Vonbrotet vart då snudd om til noko eg berre kan forklara som galgenhumor. Eg såg på setningane, og lo til eg hiksta. Eg tenkte med meg sjølv at eg i det minste har gjeve sensor eit ufriviljug artig bidrag. Kven veit, kanskje det til og med kan berga meg frå den ekle F-karakteren?

Oppgåva gjekk ut på å greia ut om publikum som passive og aktive i medieforsking. Eg hadde om lag null peiling på dette, derav svadaen. Eg ser at eg umedvite har nytta eit par små triks for å skjula vankunnet mitt. Eg har mellom anna passa på å ha orda «publikum», «forsking», «medium», «aktiv» og «passiv» med ofte. Eg har òg fleire stadar nytta metaforar for publikum, til dømes fjernsynsantenne (bilet på passiv tilskodar som ukritisk tek i mot alle mediesignal) og fjernsynsapparat (aktiv tilskodar som kritisk vel ut eit av signala og tolkar det på sitt vis). Sjølv om kanskje desse metaforane var greie, hadde eg litt meir idiotiske innimellom. Gulldømet på dette var dei offentlege raude postkassene jamfør dei private postkassene. Eg skjemmest!

Det er ein nyttig lærdom her for meg. Tida før eksamenen nytta eg til lesing. Skikkeleg ultraturbohyperlesing. I dette faget satsa eg på skippertakmetoden. Eg las heile pensum på tre dagar. Eg kunne kanskje ha starta tidlegare, hadde det ikkje vore for at eg hadde ein annan eksamen dagen før skippertaket starta. Og på den fjerde dagen sa Gud: «Det skal yrja og aula med liv i vatnet, og fuglar skal fljuga yver jordi, uppunder himmelkvelven», men då sat eg inne i eksamenslokalet og sleit. På den femte dagen, då Gud såg utover det ovleg gode arbeidet ho hadde gjord, var eg starta med ein ny runde ultraturbohyperpensumlesing. Den sjuande dagen fekk eg ikkje kvila, for då var det nok ein eksamen. No er eg heilt utkøyrt, og eg har framleis ein eksamen att. På åtte dagar har eg utført tre eksamenar, og no skal eg i gong med den fjerde. Denne siste er attpåtil ein heimeeksamen, noko som tyder null søvn, inkje reine klede, tomt kjøleskap, søppelboks full av Grandiosa-papp, ubarbert andlet, vond rygg og ei postkasse som fyllast opp. Artig.

Sjølv om eg ikkje har skrive noko konkret frå eksamensteksten min her, så trur eg nok at eg har skrive nok til at det ikkje er lurt å offentleggjera det på veven før sensuren har felt. Akkurat no viser klokka mi 15.50, og på kalenderen står det at det er laurdag den 26. mai. Dette innlegget hamnar nok i juniarkivet.

Oppdatert 16. juni: Sensuren har kome, og eg fekk mot alle odds karakteren B. Det er nesten litt synd, for no vil hjernen min tru at skippertakmetoden fungerer, og då vil eg umedvite satsa på dette ein annan gong òg. Hrmf. Men eg skal vel ikkje klaga – dette er eit luksusproblem.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/06/skippertakmetoden/