Ti ting eg saknar frå vitskapsdiktinga

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Viss det er noko filmvitskapen har lært meg, så er det at me har utruleg mange ting og dingsar i vente. Men eg ventar og ventar, og ser nesten aldri desse gjenstandane i den røynlege verda. Her er ei liste over ti gjenstandar eg verkeleg saknar frå vitskapsdiktinga.

#10: Virtuell røyndom-spel

Hollywood har lova oss at me snart kan kasta spelekontrollane og spelestikkene våre. Snart skal me kunne kle oss med råtøffe hattar med stilige briller, eit par kule hanskar og skikkeleg råe sko, og så er me inne i spelet. Teknologien finst, i alle fall i ein primitiv form. Eg har til dømes prøvd eit par VR-briller, men dei var svært dårlege. Ti minutt med desse på, og du får migrene. Det finst òg utstyr som kan registrera rørslene dine, men til no har dei ikkje kome i klede for kommersielt sal. Med PlayStation kan du få eit kamera som (litt klønute) klarar å registrera litt av rørslene dine. Apple bygde inn ein rørsledetektor i Mac, men det er litt slitsamt å driva å kasta rundt på ein stor Mac berre for å spela eit videospel. Nintendo tok ideen vidare, og lanserte rørsledetektorar inne i spelekontrollane. Dette er absolutt eit steg i rett retning, men det er enno langt att til me har skikkeleg VR-spel – eg talar då om sånne du kan sjå i Futurama.

VR-brillar i Hackers

Sjå kor artig Fisher Stevens har det med VR-spelet sitt.
Frå filmen Hackers

#9: Snøggare-enn-ljosfarta-romskip

Er du ein av dei som har hyttetomt på Mars? Ditt dumme fjols! Korleis skal du koma deg dit? Me har framleis ikkje funne opp romskip for familiebruk. Men det hadde vore utruleg artig å taka ein helgetur på hytta viss hytta låg på ein annan planet. Kanskje taka ein svipptur inn til galaksekjerna for å sjekka om det finst mjølk i Mjølkevegen? Eller reisa bort til Andromeda-galaksen for å sjå om E.T. kom seg heim, eller om han måtte taka seg arbeid på ein romstasjon undervegs for å betala den astronomiske telefonrekninga si?

Romskipet Millennium Falcon i Star Wars

Tusenårsfalken ser kanskje ikkje så bra ut, men har det som trengst.
Frå Star Wars

#8: Svevefarty

Familien Jetson flaug rundt på desse. Små bilar som svevde på magnetfelt eller noka sånt. Viss me skal tru Back to the Future-filmane, så vil det kommersielle salet av slike farty starta veldig snart, og i 2015 kjem alle til å ha dei. Både svevebilar, svevebrett (sveveutgåa av rullebrett), svevetog og så bortetter. Det forskast på dette, og togtransport er eit av områda der dette vert granska. Diverre kan ikkje desse toga flyga fritt overalt, men dei svever over eit jernbanespor. Ikkje fleire meter over, men eit par millimeter. Og enno ikkje i kommersiell drift. Dette er skuffande. Det er trass alt berre åtte år att til alle skal ha svevefarty!

Svevebrett i Back to the Future

Michael J. Fox med eit svevebrett frå Mattel.
Frå Back to the Future: Part II

#7: Tredimensjonale bilete

Jada, 3D-film har eksistert sidan femtitalet, og 3D-bilete lenger, men dette er berre illusjonar. Hollywood har lova oss skikkelege 3D-bilete og 3D-film – i full storleik. Holografen i Star Wars, til dømes. Eller fotoalbumet i Minority Report. Dette hadde vore utruleg artig. Tenk på kor mange bruksområdar dette hadde høva seg til. Det ville ha revolusjonert medisinstudia. Matprogram på fjernsyn ville vore artig, for ein gongs skuld. Arkitektar ville fått til knallgode resultat sidan dei berre trengte å plotta inn tal i ein datamaskin, og med eitt kunne tre inn i rommet dei skulle utforma. Dette heng kanskje litt saman med VR, men forskjellen ligg i at dette er førehandsprogrammerte bilete, og at du ikkje treng å taka på deg noko hjelm eller liknande. Ja, med litt utvikling av teknologien, ville me snart hatt VR-spel som dei har i Star Trek.

3D-film i Minority Report

Tom Cruise blar i videoalbumet sitt.
Frå Minority Report

#6: Dings som gjer oss usynlege

Kven har vel ikkje drøymt om å verta usynleg? Skal me tru kinematografane, så er dette fullstendig mogleg. Tom og Jerry har vore usynlege ein rekkje gonger ved hjelp av usynleg maling/blekk. Harry Potter har eit usynleg pledd som han kan gøyma seg under. Chevy Chase vart usynleg etter å ha sovna på toalettet i eit bygg som vart råka av ein kjemisk brann. Den usynlege mannen vart usynleg av eit medikament han fann opp. Så kvifor kan ikkje me verta usynlege i den røynlege verda? Me har sett bilete på både Dagsrevyen og YouTube om moglege måtar å verta usynlege på; både hundrevis av små kamera og biletprosjektørar i klede, spegel som bøyer ljoset rundt eit objekt og liknande er moglege måtar å verta nesten usynleg. Men det er enno langt att til me vert heilt borte vekk som i vitskapsdiktinga. Det hadde vore veldig greit å vera usynleg frå tid til anna, til dømes når lisenstrollet kjem på døra. Og kven av gutane har vel ikkje hatt lyst å snika seg inn i jentegarderoben? Eit svært praktisk bruksområde for ein slik usynleg dings, er i hybelen. I staden for å reia opp senga om morgonen, så var det berre å leggja eit usynleg pledd over. Sameleis med haugen av skittenkoppar på kjøkkenbenken. Ute av syne, ute av sinns. Eller «invisible insanity» som det kan omsetjast med.

Usynleg mann i Hollow Man

Kevin Bacon er heilt tom…
Frå Hollow Man

#5: Robotar

Joda, robotar finst allereie, men eg tenkjer på den typen robotar som kan tenkja sjølv og etterlikna mennesket nesten heilt perfekt. Sånne som C-3PO i Star Wars. Eller endå betre som Robby the Robot i Forbidden Planet, som hadde innebygd kaffitraktar og spritdestilleri. Eg anar ikkje kva praktisk bruk me har for robotane, men vil tru at det er som med sånne japanske robothundar at me kan ha dei som kjæledyr utan andsvaret som følgjer med.

Robot frå Forbidden Planet

Anne Francis er i gode hender.
Plakaten til Forbidden Planet

#4: Teleportering

Dette har filmane lova oss lengje, men det er ingen som har vore i nærleiken av å finna ut korleis me kan laga ein slik. Kanskje mest kjent frå Star Trek (og eit utal parodiar av dette, til dømes Spaceballs), men transportøren har vore i popkulturen også før dette. Sjå til dømes The Fly med Vincent Price. Ein slik transportør hadde gjort kvardagen utruleg artig, noko Homer Simpson prova i ein Halloween-episode. Tenk å sitja i sofaen og henta Cola i kjøleskapet på kjøkkenet utan å reisa seg! Sjølvsagt måtte me passa på å halda vekke kongro, fluger og insekt, sidan teknologien har den bi-verknaden at han spaltar saman DNA-strengar viss det finst to ulike vesen samstundes i transportøren. Som The Fly viste, er dette ikkje heilt heldig. Men eit flugehovud gjer sikkert ikkje så mykje, du kan nok dansa fram likso vel som ein annan mann med det!

Teleportering i Star Trek

Jonathan Frakes får ei vitjing.
Frå ein av dei mange seriane med Star Trek

#3: Tidsmaskinen

Ein maskin som dette hadde vore utruleg praktisk. Då kunne eg ha reist attende i tid og kjefta på fakultetet for dei manglande nynorskeksamenane før dei kom, og dimed syta for at eg faktisk fekk det eg hadde rett til. Og så hadde det vore artig å testa ut teoriar som at tidsreiser ikkje er mogleg, av di du ikkje kan eksistera før du er fødd (eg meiner at masse er masse, og tid er tid. Det spelar ikkje noka rolle om du tek masse bakover i tid. Massen reagerer ikkje annleis på dette enn om han går framover i tid, noko den gjer heile tida. For å forklara det enkelt: tid er ei retning, og det har lite å seia om du rører deg mot venstre eller høgre). Kanskje eg kunne vorte statist i den aller fyrste spelefilmen? Eller vitna då Sokrates tømte giftbegeret? Det artigaste med ein tidsmaskin er at han kjem i så mange variantar. Han kan vera ein kjelke, ein telefonkiosk, eit romskip, ein ring og ein sportsbil, berre for å nemna nokre variantar. Tidsmaskinen min skulle vera eit par tøflar!

Tidsmaskin i The Simpsons

Homer Simpson reiser i tid med ein brødristar.
Frå The Simpsons: S06E06 – Treehouse of Horror V

#2: Universell omsetjar

Denne har eksistert like lengje som små grøne menn frå Mars i fiksjonen, men det er enno lengje til du kan kjøpa den på Rema 1000. I somme forteljingar er dingsen berre ein radio med mikrofon, i andre er han eit gigantisk apparat som gjev ei papirutskrift av omsetjinga. Kanskje litt lite praktisk. Den aller snedigaste utgåva av denne gjenstanden er ein fisk, babelfisken, i Hitchhiker’s Guide to the Galaxy. Denne fisken stappar du inn i øyret ditt. Han snappar opp hjernebølgjer, og gjer dei om til forståeleg språk for deg, og resultatet er at du kan forstå absolutt alle du treff på; til og med vogonske skaldar! Hmm, kanskje det ikkje er ein så bra gjenstand lell…

Universell omsetjar i Futurama

Professor Hubert Farnsworth har ein universell omsetjar. Diverre vert alle språk i universet omsat til «crazy gibberish», også kjent som det utdødde jordspråket fransk.
Frå Futurama: S02E15 – A Clone of My Own

#1: Ljossabelen

Dette er den ultimate gjenstanden. Viss eg fekk valet mellom alle dei ni føregåande eller denne, så hadde det ikkje vore noka tvil. Tenk så praktisk å ha på kjøkkenet! Rista brødskiver? Det er berre å kutta opp brødet med ljossabelen, så er skiva ferdigrista. Lei av å stå og røra rundt i ei suppe som aldri kokar? Ikkje noko problem med ljossabelen! Rør rundt, og suppa er ferdig. Vart det restar att etter middagen, akkurat så lite at det ikkje er vits i å taka vare på det? Berre dult borti restane med ljossabelen, så finst det plutseleg ingen restar å kasta. Og det aller beste: du treng aldri å vaska den etter bruk. Ljossabelen kan nyttast til det meste: lommelykt, båltennar, tømmerhogging, bergsprengjing… hadde Nordmannen hatt ein ljossabel, så hadde han ikkje trengt hjelp til å ryddja og byggja grendene. Og, sjølvsagt, så hadde ljossabelen vore artig å ha for å leika jediriddarar.

Ljossabel i Star Wars III

Samuel L. Jackson er ein skikkeleg BMF med ljossabelen.
Frå Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/06/ti-ting-eg-saknar-fra-vitskapsdiktinga/

2 comments

    • Ola on 26. juni 2007 at 9:25

    Eg trudde ikkje Star Wars var vitskapsdikting, sidan det føregår i ein galakse langt borte for lenge sidan. Det var i alle fall det nokon fortalde meg. Er det feil?

    • Simon on 26. juni 2007 at 11:30
      Author

    Nei, hendingane er sjølvsagt sanne, men filmane er vitskapsdikting.

Comments have been disabled.