Han skaut fyrst!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I ti år har Lucas sagt at Greedo skaut fyrst. Men var han samd med seg sjølv, heilt innarst inni? Bilete som nyleg lekka ut på veven frå settet av Indiana Jones 4 er ikkje til å taka feil av. Hald deg fast til noko, for dette er heftig:

George Lucas med t-skjorte

Ja, du ser rett! Dette er George Lucas med ei «Han skaut fyrst»-skjorte…

Då skulle det vel vera avgjort, ikkje sant? Han skaut fyrst, og me er endeleg ferdig med den ti år lange feiden. Hurra!

(Via Hellblazer.net og StarWarsShop.com)

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/07/han-skaut-fyrst/

4 comments

Skip to comment form

    • Simon on 28. juli 2007 at 1:14
      Author

    Skjorta er stundom tilgjengeleg frå StarWarsShop.com. Nett no er ho utseld, men det kjem eit nytt parti i august.

    • Ola on 11. august 2007 at 2:25

    Men kva er problemet no igjen? Er det dumt, bra eller berre viktig kva Lucas meiner?

    • Simon on 11. august 2007 at 13:25
      Author

    1977:

    Greedo (på huttisk): I’ve been looking forward to killing you for a long time.
    Han Solo: Yes, I’ll bet you have.
    Plutseleg er det eit blendande ljosglimt der den slimate fyren satt. Han Solo dreg opp den røykande pistolen sin frå under bordet, og reiser seg. På vegen ut slengjer han eit par mynter til bartendaren.
    Han Solo: Sorry about the mess.

    Denne scena definerte figuren Han Solo som ein tøff jævel som skaut fyrst og spurte etterpå, som igjen førte til at hans triumferande attendekomst til slaget om Yavin hadde stor kjenslemessig verdi hjå sjåarane. Frå å vera ein skikkeleg røvar som du ikkje kunne stola på til å vera ein stor helt i kampen mot det vonde – det er eit stort og imponerande sprang å taka!

    1997:

    Greedo (på huttisk): I’ve been looking forward to killing you for a long time.
    Han: Yes, I’ll bet you have.
    Ein laserstråle kjem ut or pistolen til Greedo, men Han reagerer lynraskt og bøyer hovudet i ein umogleg vinkel ut av skotlina og svara med eit skot midt i magen på den slimate fyren utan å røra på seg. Han Solo dreg opp den røykande pistolen sin frå under bordet, og reiser seg. På vegen ut slengjer han eit par mynter til bartendaren.
    Han: Sorry about the mess.

    No er Han Solo heilt endra frå den opphavelege figuren. No reagerte han i forsvar, ein heilt heiderleg sak å gjera. Eg, og mange andre med meg, meiner at Lucas øydela figuren på det viset. Han var aldri røvar til å byrja med, så då vart det heller aldri like imponerande at han gjekk over til den gode sida i slutten i staden for å forfølgja eigne interessar.

    Denne endringa i filmane har ført til mange ordskifte der påstanden «Han skaut fyrst» har vore sentral. Det at Lucas no stør denne påstanden, tyder det at me etter ti år endeleg har fått attende den tøffe og eigenrådige Han!

    • Jamie on 13. august 2009 at 18:59


    When you have to shoot, shoot, don’t talk…

Comments have been disabled.