«

»

Kvalitetsfilm på kino

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

(Dette er ein oppføljgarpost til «Dårleg filmtilbod på kino i Rana» frå i fjor).

I fjor forbanna eg Rana kommunale kino, og meinte at dei berre tok økonomiske omsyn i filmtilbodet sitt, og dreit ein lang ein i det kulturelle og kunstnariske andsvaret dei har. I år har dei skjerpa seg. Denne sommaren har det til no vert synt fram veldig mykje spennande på kinoen i Rana. Frå 1. juni til 12. juli har kinoen ein kampanje med kvalitetsfilm. Her er tilbodet:

  • Farvell Falkenberg
  • Aura
  • The Fountain
  • Min nabo Totoro
  • Vinden som ryster kornet
  • Notes on a scandal
  • Kjærlighetens slør
  • Den frie vilje
  • Vann

Kampanjen er eit samarbeid mellom kinematografane i Mo i Rana, Mosjøen og Verdal, og er ei vidareføring frå fjorårets kampanje som var omtala i lesarbrevet frå kinosjefen (sjå «Dårleg filmtilbod på kino i Rana»). I år som i fjor er det, som de ser, ni filmar. Forskjellen er at dei går over seks veker – altså det dobbelte av i fjor. Dei har òg flytta kampanjen frå april til juni, og dette er veldig bra. Eg er jo ikkje heime i Rana i månadsskiftet april/mai, og går dessutan nesten aldri på kino då lell. Månadsskiftet april/mai er eksamenstid, ikkje kinotid. Det er fyrst etter eksamen, når sommaren kjem (og fer), at eg lengtar til kinosalen. Slik ville det òg ha vore om eg hadde vore student i Rana. I fjor var difor kampanjen for tidleg, og sommarmånadene var heilt kapra av den overflatiske filmen. I år er det betre, og eg vonar at dei som ikkje har fått med seg desse filmane enno, huter seg på kino i kveld, i morgon og på torsdag. Men då er det slutt, for då tek den kommersielle filmen over.

1 innspel

  1. Simon

    … og då var det over. Etter seks veker med mykje godt på lerretet, har kinoen kasta alt ukommersielt ut. Her er programmet for helga:

    Laurdag:

    • 12.30 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 13.00 (M) Transformers
    • 15.15 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 15.45 (M) Transformers
    • 18.00 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 18.30 (M) Transformers
    • 20.45 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 21.15 (M) Die Hard 4.0

    Sundag:

    • 15.15 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 16.15 (M) Transformers
    • 18.00 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 19.00 (M) Die Hard 4.0
    • 20.45 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 21.30 (M) Transformers

    Heh, eg kan no like gjerne taka måndag òg no når eg fyrst er i farta:

    • 15.15 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 15.45 (M) Transformers
    • 18.00 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 18.30 (M) Transformers
    • 20.45 (S) Harry Potter og Føniksordenen
    • 21.15 (M) Die Hard 4.0

    (S er storsalen, M er veslesalen.)

    Så vidt eg har fått med meg, skal stoda vera slik stort sett resten av juli. Neste fredag kjem filmen Broen til Therabithia inn i programmet, men det er fyrst fredag om to veker (27. juli) at eg igjen ser noko interessant i programmet (eller, for å seia det på eit anna vis: det er då filmar eg allereie har sett går ut, og filmar eg ikkje har sett kjem inn – utan at det treng å tyda at alle av dei nye er så frykteleg interessante). Då kjem Zodiac, Den stygge andungen og jeg, Death Proof, og ikkje minst The Simpsons Movie. Eg skal sjå sistnemnte (med mindre det er den norske versjonen med Atle Antonsen som Homer – den vil eg ikkje sjå… ikkje enno), og kanskje Zodiac om eg får tid.

    Same kva, det vert to veker utan kino på meg no…

Gje innspel