«

»

Telenor: Ein trussel mot demokratiet!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Den siste tida har det vore litt merksemd rundt Telenor. Denne måndagen gjekk dei ut av NIX av uærlege, umoralske og griske årsaker.

For den vanlege stoveforbrukaren er ikkje konsekvensane så store. Ikkje no. Ikkje enno. Men på sikt vil dei verta enorme. Dei vil øydeleggja det fundamentale prinsippet bak Internett, nemleg nettnøytralitet. Men før eg kjem så langt, vil eg peika på noko som allereie har hendt. Alle kundar hjå Telenor eller dotterselskapet Canal Digital, har merka at svært mange vevstader har langt større lastetid enn før. Telenor har fnyst over påstandane, og sagt at nettlinene er så gode i dag at ingen kom til å merka det. Dette er sjølvsagt berre vås, og sidan det kjem ut or munnen til Telenor, er det endå mindre grunn til å tru det. Eg har nemleg sjekka påstanden på ein rekkje vevstader som eg veit ligg utafor Telenor-nettet (mellom anna min eigen vevstad, Boba.no, og den aller beste nettportalen, Nynorsk.no). Eg har sjekka det gjennom fleire ulike nettilkoplingar (Telenor, Canal Digital, Nextgentel og Catch, for å nemna nokre). Resultatet er ikkje til å taka feil av. Når tilkoplinga di leverast av Telenor, vert nedlastingstida i snitt tre gongar så stor som frå dei andre nettleverandørane. Grunnen til dette er enkel. Når Telenor-kundar skal vitja vevsida mi, må dei via Danmark i staden for NIX-knutepunktet i Oslo. Denne aukte trafikken vil belasta linene meir, og dimed gjera det treigare. No har eg ikkje fått sjekka det motsette enno, altså korleis stoda er viss eg skulle vitja ein vevstad på Telenor-nettet, men reknar med at Telenor vil gjeva sine eigne kundar førerang her. Dette er effektiv sensurering!

Under ei høyring avsløyrte Telenor kva baktankar dei hadde med å trekkja seg frå NIX. Ikkje uventa låg det økonomiske årsaker attom utspelet. Kapitalistiske, griske, forkastelege årsaker. Dei tykkjer nemleg at det er for mykje trafikk til Schibsted-nettstader, og vil no taka seg klekkeleg betalt frå Schibsted for denne trafikken. Dette gjeld Aftenposten.no, Finn.no, VG.no, Sesam.no og E24.no. Om dei andre føretaka Schibsted er deleigar av (bt.no , Fvn.no, aftenbladet.no, Basefarm.no osb) inngår her, veit eg ikkje, men Telenor viser i alle fall svært dårleg skjøn no når dei set pengar føre nettnøytralitet.

Konsekvensen av dette, er at dei selskapa som ikkje leiger frå Telenor anten vil flytta vevstadene sine til dei eller betala dyrt for å få betre liner. Dette vil seia at dei små selskapa ikkje vil vera levedyktige på veven. Vevleiga vil verta dyrare, og då vil nettilkoplinga stå for tur. Heile Internett som me kjenner det i dag er i ferd med å rakna. Ei slik sensurering av ikkje-Telenor-kundar er ikkje berre hæke gjort, men det strir òg etter mi meining i mot ytringsfridommen og dimed også den norske grunnloven. Eg betalar nettleverandøren min for nettilkoplinga mi, og eg betalar eit vevhotell for leige av plass til vevstaden min. No ser det ut til at eg snart må betala (til Telenor) for å ikkje verta sperra ute frå Telenor-nettet.

Ytringsfridommen er eit fundament for eit kvart fungerande demokrati. Me kan ikkje lata noko stå i vegen for dette prinsippet, og eg oppmodar difor alle Telenor-kundar om å byta leverandør. Ikkje berre av Internett, men av mobiltelefon, fasttelefon, og alt anna Telenor måtte ha av kjelder for milliard-innkomene sine. Difor vil alle som sit ved Telenor-nettet få ei melding frå meg om dette. Eg oppmodar alle andre vevbrukarar om å gjera det same. Slik ser koden ut i PHP:

<?php
$leverandoer = gethostbyaddr($_SERVER['REMOTE_ADDR']); 
if(ereg('online.no', $leverandoer) == 1 OR ereg('alfanett.no', $leverandoer) == 1){
	echo 'Du har Telenor eller Canal Digital. Byt nettleverand&oslash;r <strong>NO</strong>!';
}
?>

Telenor valdtek kundane sine og stikk av med pengane deira etterpå. Boikott Telenor!

3 innspel

  1. Odin / Velmont

    Lag ein nettstad um det, ein boikottelenor.no eller noko slikt. So vert eg med; fær ein slik fin raud banner i toppen av sida mi slik eg hev for Internet Explorer-brukarar.

    Då fær ein noko konkret å peika på (lenkja til) som seier kvifor ein skal boikotta Telenor. Veldig mange av dei som les netsida mi hev telenor, og eg vil ikkje oppmoda dei om noko utan at dei kann forstå kvifor sjølv.

  2. Simon

    Tja, du har jo Syber.no, men dei har ikkje planlagt alt så veldig godt (mange skrivefeil i brevet dei har tenkt å senda, mellom anna. Og dei verker vera litt useriøse).

    Eg sit med IE7 no (er på arbeid) og får ikkje noko raud fane hjå deg. Gjeld det berre for IE6 og attover?

  3. Simon

    No har Telenor meld seg inn att i NIX. Diverre fyrst etter å ha fått NIX til å endra reglane. Det er som den store guten i gymklassen som gjev juling til alle som ikkje speler etter reglane hans. Det er alle andre som får offside, ikkje han. Og du skal vita du får tyn i garderoben etterpå om du kommenterer at det ikkje er lov å taka ballen med hendene! Sjølv om Telenor no går inn i NIX att, er nøytraliteten til NIX øydelagt. Av Telenor. Jævlar. Idiotar. Borgarlege svin. Kapitalistiske megalomanar. Eg held på oppmodinga mi: Boikott Telenor.

Gje innspel