UHF

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Weird Al Yankovic er kjent for MTV-generasjonen som ein komikar som vrir kjente og kjære popsongar til å verta heilsprø. Han har gjeve ut mange album med songparodiar, og synt fram sin surrealistiske og absurde fantasi i musikkvideoane sine. Døme på ein slik er Eat It – ein heilt utruleg parodiering av Michael Jackson-songen og -videoen Beat it. Berre Weird Al klarar å kopiera faktane til James Brown heilt perfekt, men samstundes få det til å sjå ut som om det kjem av at han har brokk (Living with a hernia, parodi på Living in America av Brown). I 1989 fekk Al sjansen til å taka sitt «parodiske» talent til filmen. Han skreiv filmen UHF, som han sjølv spelte hovudrolla i.

George Newman er ein slitar som får sparken frå alle arbeid han har. Grunnen er at han er veldig fæl til å dagdrøyma, og gløymer seg difor støtt bort. Ein dag, etter å ha fått sparken frå Burger World, får han tilbod om å driva ein fjernsynskanal som onkelen hans vann i poker. Kanalen er ein skikkeleg drittkanal som ingen ser på, men Newman er naiv og meiner han ser eit potensiale i kanalen. Men George må slutta å dagdrøyma, og sjå konkurrentane sine i kvitauga; Landsdekkjande kanaler er ikkje noko å spøka med. Om ikkje noko fantastisk hender, kjem kanalen hans til å verta konkurs, og det snøgt.

Filmen er ikkje så hysterisk morosam eller så velutforma som han kunne ha vore, men med programinnslag som Wheel of Fish, filmsnuttar frå filmar som Conan the Librarian og talkshow med tema som «Lesbian Nazi Hookers Abducted by UFOs and Forced Into Weight Loss Programs», vert dette ein fornøyeleg film lell. Stundom er det deilig å berre kopla heilt av og tåpflira. Denne filmen leverer heilt klart varane, men inneheld òg smarte parodiar på kjente filmar. Ikkje alle er like tydelege som Indiana Jones-parodien i starten, men det er berre kjekt. Det er gledeleg å finna heilt sjuke parodiar av filmar på heilt uventa stadar. Det er til dømes ein sjuk referanse til The Treasure of the Sierra Madre når den sinnsjuke naturprogramleiaren får ei vareleveranse («Badgers? Badgers? We don’t need no stinking badgers»). Heilt utan vidare får me òg ein sprø parodi på Close Encounters of the Third Kind. Parodiane i seg sjølve er morosame, men spontaniteten og absurditeten gjer det ekstra artig å sjå dei.

UHF er absolutt ein film som er verdt å få med seg, men eg føler at han vart snøgt gløymt. Dei marknadsandsvarlege hjå billigfilmstudioet Orion Pictures var nemleg ganske dumme. Dei slapp filmen samstundes med Batman, Indiana Jones and the Last Crusade og Lethal Weapon 2. Eg trur filmen kunne hamna i fleire filmsamlingar om dei hadde sluppe filmen anten tidlegare på våren, eller venta til seinhausten. Same kva, det er litt merkeleg at han ikkje vart meir populær, med tanke på programtitlar som desse:

  • Bestiality Today
  • Beat the Loan Shark
  • Dog Racing from Rio de Janeiro
  • Druids on Parade Eye
  • On Toxic Waste
  • Fun with Dirt
  • Leave it to Bigfoot
  • My Three Mutants
  • Name that Stain
  • That’s Disgusting
  • The Flying Pope
  • The Lice is Right
  • The Young and the Dyslexic
  • Traffic Court
  • Underwater Bingo for Teens
  • Wide World of Tractor Pulls
  • Wonderful World of Phlegm
  • You Bet Your Pink Slip

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/07/uhf/