«

»

Kjøp ei t-skjorte

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

For ei tid sidan skreiv eg eit innlegg der eg nevnte SmiN-skjorta. Eg har lyst å skriva ein oppfølgjar om den. Som eg skreiv, var det eg som stod bak teikninga, og eg nytta om lag fire månader frå kladd til ferdig skjorte.

Det heile starta for godt over eit år sidan. SmiN hadde eit styremøte der me drøfta rekruttering, og me kasta eit par idear litt rundt. Ein av ideane var å prenta lagsskjorter, og den dåverande skrivaren tykte det hadde vore tøft med ein manga-utgåve av Noregs einaste superhelt. Men det vart berre med pratet. Ideen låg jamvel i medvitet vårt, og mot eksamensperioden i fjor haust byrja me å tenkja meir på dette med t-skjorter att.

Eg likte ideen svært godt, men visste ikkje om nokon som kunne teikna. Eg er i alle fall ikkje serskilt god til det sjølv. Men eg tenkte at eg kunne byrja på ei skisse slik at me fekk sjå korleis ideen såg ut på papiret. Eg fann eit par referansebilete:

Ivar Aasen. Kjelde: aasentunet.no

Noregs einaste superhelt

Pokemon er © Nintendo

Var det dumt av meg å nytta Pokemon som referanse?

Det fyrste utkastet mitt såg slik ut:

Fyrste utkast

Huff og huff, dette var ikkje bra! Eg prøvde på ny i bilethandsamaren min:

Andre utkast

Då me skipa til ein eksamensfrukost, synte eg fram dette biletet. Lagsmedlemene som hadde møtt opp sa inkje negativt om teikninga, så eg tok det som eit hint om å arbeida vidare. Kanskje vart det skjorter lell? Eg visste at prenteverk vil helst ha motiva som vektorgrafikk, så eg teikna ho om att som vektorar. Samstundes laga eg framlegg om eit par nye hårsveisar:

Tridje utkast, fire hårsveisar

På årsmøtet i februar vart det sett av pengar til skjorter. Me hadde òg eit par styremøte, og det var sveis nummer tre som fall i smak hjå styret. Men skjegget måtte fiksast, sa dei. Det var òg litt usemje om leverandøren. Som økonomiandsvarleg ligg det litt i vervet mitt å rynka på nasen om framlegg som kostar pengar. Og t-skjortetrykking kostar flesk! Eg ville satsa på det billigaste alternativet me fann. Det er kan henda ikkje så moteriktig med posete og firkanta åttitals-skjorter, men det er billig. Og di færre fargar, di billigare vert det. Somme var samde med meg, men dei fleste ville ha litt finare og meir tettsitjande skjorter. Økonomimannen i magen min sparka, beit og rista på hovudet, men det endte med at me gjekk for dei dyre men moteriktige skjortene.

I det siste og endelege utkastet hadde eg retta opp skjegget, ordna litt på hårsveisen, plassert øyrene litt høgare og gjort småjusteringar som kanskje berre eg klarar å sjå. Me hadde eit siste styremøte der me gjorde vedtak på leverandør, modell, fargar, storleik på motiv og skrift og alt sånt:

Det ferdige motivet

Skjortene var klare ei knapp veke før landsmøtet. Me hadde tinga ein karmodell og ein kvinnemodell, og dei kom i sju fargar. Homo sapiens av genus femininum kan no kle seg i eplegrøn, kveitegul, solsikkegul, turkis, burgunder, oransje eller rosa. Genus maskulinum har somme av dei same fargane, men ikkje alle. Dei kan velja mellom eplegrøn, kveitegul, solsikkegul, isblå, raud, skoggrøn eller sandbrun. Med eit så tøft motiv på ei så flott skjorte med så fine fargar, vågar du å ikkje kjøpa den?

2 innspel

  1. Odin / Velmont

    På SST-møte i går hadde båe meg og Vebbis på oss dei eplegrøne SmiN-skjortone.

    Eg gjeng med ho stadig, ho er so stilig. Du lyt kann henda leggja ut eit bilete av ei råtøff og søt jenta med t-skjorta? Slikt sel 😉

  2. Simon

    Hehe. Ja, eg tenkte på det, men det lyt heller vera til ein eventuell reklameplakat eller eit flogskrift.

Gje innspel