«

»

Klaatu barada nikto

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Ein av dei mest facinerande vitskapsdiktingane frå kald-krig-USA var The Day the Earth Stood Still. Michael Rennie spelte eit humanoid romvesen som kom til planeten vår for å åtvara leiarane våre om at dei måtte verta vener med kvarandre. Veldig banalt sagt (Det romvesenet og rasen hans eigentleg var redde for, var at menneska kom til å taka konfliktane sine med seg når dei kom ut i verdsrommet). Romvesenet, som heita Klaatu, stilte eit ultimatum. Den norske tittelen var forresten Flygende tallerken (Ultimatum til jorden).

Filmen er eit utmerkt døme på frykt for atomkrig, kommunisme og teknologiens overtak på menneska, og det siste er kanskje like aktuelt i dag, om enn ikkje meir. Filmen – som er fritt basert på novella Farewell to the Master – vart veld ut til å vera ein del av National Film Registry av di han er «culturally, historically or aesthetically significant». I motsetnad til her i Noreg kor Nasjonalbiblioteket tek vare på alt, tek USA berre vare på utvalde «viktige» filmar. Opptil 25 kvart år, og alle må vera minst ti år gammal. I 2006 var det 450 filmar på lista. Men det er sjølvsagt mange private aktørar, så mange andre filmar vert òg godt tekne vare på. Kor som er, sjølv om han ikkje er den beste, så er filmen viktig, og difor er det no planlagt ei nyinnspeling (nei, ikkje sant, Hollywood eig ikkje fantasi) slik at den nye generasjonen filmtittarar òg får sjå bodskapet.

Eg er både skeptisk og spent. NTB meldte i dag at Keanu Reeves skal spela hovudrolla som Klaatu. Eg hadde sett for meg nokon som var høgare. Eg er òg svært spent på å sjå korleis roboten Gort vert. Dei kjem neppe til å satsa på same formgjevinga som i opphavsfilmen. Same kva dei gjer, så vonar eg at dei tek med replikken «Klaatu barada nikto» i nyinnspelinga. Dei skyt seg sjølv i foten viss dei ikkje gjer det. Denne replikken er ein referanse som alle med godhug til vitskapsdiktingfilmar kjenner til, og er ein del av popkulturen (om enn ein litt obskur del). Du finn referansen i mange videospel, vitskapsdiktingromanar og filmar. Du finn han til dømes i X-Files og i Army of Darkness. Han er til og med i Star Wars. I Episode VI finst det ein fyr som heiter Barada, ein klatooinianar frå Klatooine. Det finst òg ein fyr som heiter Klaatu, og han er ein nikto. Du finn òg referansen i til dømes Army of Darkness og i X-files.

The Day the Earth Stood Still er ikkje den einaste femtitalsklassikaren (innan vitskapsdiktinga) som får ei nyinnspeling. Steven Spielberg storkosa seg med Klodenes kamp, så difor vil han produsera When Worlds Collide. Så har du òg publikumssuksessen The Incredible Shrinking Man. Hrmf… så lengje dei ligg unna Forbidden Planet.

2 innspel

  1. Simon

    Aint it Cool News (merk: avsløyringar) meldte nett at roboten Gort ikkje er med i manuset. Og verre vert det: «And no, the immortal words, «Klaatu Barada Nicto» are never uttered. Ever». Hadde du gått forbi vindauget mitt no, kunne du høyra ekte nordnorsk banning som berre ein ranværing kan få til. Eg er rasande, irritert, sint, fortvila, vonbroten og særs skuffa. Kven i svartaste Helgeland er det som har skrive manuset? Denne David Scarpa må ha null historiekjensle og ikkje det grann kunne om korkje filmsjangeren eller originalen.

  2. Simon

    Faen, faen, faen, faen, FAEN! Dei klara ikkje å lata Forbidden Planet vera: http://www.comingsoon.net/news/movienews.php?id=50166

Gje innspel