«

»

Nytt semester, nytt i kjeldekoden

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Då var det på’an igjen. I dag vart dei nye studentane skrivne inn på NTNU, og eg deltok på ein aksjon for SmiN. Me delte ut nokre flogskrifter og prøvde å selja t-skjorter, men når det er eit hundretals organisasjonar som alle kjempar om merksemd frå fyrsteåringane (som er like forvirra som ein fjert i ein korgstol), så er det ikkje så enkelt å få fram bodskapene sine. Kor som er, dagen markerer starten for vervekampanjen vår.

Dei som har auga med seg, merker kanskje ein ny sak her på veven min. Eg nærmar meg 700 sider, og det er ikkje så greit å finna fram til alt. Eg har difor fått hjelp frå Google, og du finn eit søkjefelt i menyen no. Eg trur det skal fungera ganske bra.

I samband med søkjefeltet har eg òg lagt til eit felt med lysingar frå Google. Du finn feltet på sidene i videoteket. Eg liker ikkje sider med hundrevis av lysingar overalt, og lovar at eg ikkje skal gjera det her. Viss eg kjem til å utvida med fleire lysingar, vil ingen av dei vera meir prangande enn dei i videoteket.

Eg tener pengar (men berre smårusk) på desse lysingane viss du klikker i dei, men eg vil korkje tvinga eller oppmoda deg til dette. I staden vil eg fortelja deg korleis du kan sleppa å sjå dei:

  1. Last ned Opera (Firefox har eit liknande programtillegg)
  2. Klikk Verktøy – Avansert – Blokkert innhald – Legg til
  3. Skriv inn dette: http://pagead2.googlesyndication.com/pagead/show_ads.js
    Klikk Lukk
  4. Oppdater vevsida

Lysinga skal då forsvinna. Ikkje berre frå denne vevstaden, men frå alle vevstader i heile verda som får får lysingar frå Google. Innhaldsblokkeraren i Opera er kan henda den kjekkaste nye funksjonen i den seinaste utgåva den beste nettlesaren som finst.

Nyttar du Internet Explorer, så får du berre ha det så godt! Det kan henda eg legg ut lysingar rundt bumerket, i menyen og litt overalt berre for deg. Men det vert ikkje enno.

1 innspel

  1. Simon

    Eg har fjerna søket att. Det var så godt som ingen som nytta det, og av ein eller annan grunn er berre rundt 40 % av sidene lagt i Google-indeksen. Eg har ny søkjemotor på arbeidslista mi, men det lyt eg ta etter eksamen. Til då kan du glytta i vevkartet. Her manglar òg eit par statiske sider, men dette er også på arbeidslista.

    Dei som har auga med seg, og ikkje nyttar IE, ser at Google-lysinga i Videoteket er borte. Det har ho vore lengje. Det vil seia, ho finst enno for IE-brukarane. Eg vurderer om eg skal leggja henne til på kvar einaste side… Noko må eg gjera for å få ned talet på vitjingar frå den forferdelege nettlesaren. Heile 47 % av dykk nyttar han. Kva faen feiler det dykk? Er de idiotar? IE syg, og de veit det! Nytt Opera, nytt Safari, ja, du kan til og med nytta Firefox. Men IE?! Nei, fy og spy.

    (Fungerte personåtaket? Vart eg kvitt eit par IE-brukarar?)

Gje innspel