Omrekningskursar og valuttakalkulator

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei mest brukte søkjeorda her på Boba.no, finn me «valuta-kalkulator» og «valuta-omrekning». Dei som søkjer på dette, finn fram til peikar-sida mi. Kanskje ikkje så nyttig, så eg tenkte at eg kunne vera litt snill med dei som leiter. Eg vil difor skriva nokre ord om to valutakalkulatorar.

Den valutakalkulatoren eg nytta meg av mest før var XE. Denne er ganske lett å nytta seg av:

Valuttakalkulatoren til XE
Resultatet til XE

Denne kalkulatoren held ganske oppdaterte kursar, men eg tykkjer det er lettare å nytta Google. Den vidgjetne søkjemotoren har nemleg ein innebygd kalkulator. Du skriv inn valutasøket rett inn i søkjefeltet, i formatet [tal] [valuta] in [målvaluta]. Veit du ikkje heilt kva ein valuta heiter, kan du nytta «[landets] money» eller «currency of [landet]». Sjå til dømes på desse søka, som alle gjev same resultat:

Søkjefeltet til Google
Resultatet i valuttakalkulatoren til Google

Snøgt og enkelt. Viss du skal kjøpa noko i utlandet, til dømes ein film, så er det også lurt å sjekka kva omrekningskursar som gjeld i tollen. Det finn du ut av på Toll.no. Der gjeld nemleg kursen ei heil veke, så pass på at sendinga di ikkje vert meir enn 200 kroner etter omrekningskursane til tollarane. 200-kronersgrensa gjeld utan frakt.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/08/omrekningskursar-og-valuttakalkulator/

1 comment

    • Simon on 23. oktober 2007 at 21:53
      Author

    Ein liten merknad til Google: du kan nytta han til omrekning mellom mange andre måleiningar: [tal] [eining] in [måleining]. Søkjer du til dømes «8 inch in centimeter», får du «20.32 centimeter» som svar. Eller du kan søkja etter «12 gallon in deciliter», og finna ut at det er «454.249416 deciliter». Alle som har sett Star Wars, har sikkert på eit eller anna tidspunkt lurt på kor langt tolv parsek eigentleg er. Google har svar. «12 parsec in kilometer» syner seg å vera «3.7028163 × 1014 kilometer».

Comments have been disabled.