Postboksbyråkratiet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje lett å vera gründer i Noreg. Eg har aldri sett makan til byråkrati; det er eit sabla skjemavelde. Skal eg på toalettet under eit oppdrag i firmaet mitt, må eg senda inn fem signerte skjema til tre fylker samt Statistisk sentralbyrå. Men det er ingen som fortel meg dette, så viss eg gløymer det bort, kjem det ein illsint kemnar og bankar på døra før eg får tid til å skylla ned. Nei, Noreg er ikkje den beste staden å starta eit nytt føretak.

Her om dagen skulle eg seia opp firmapostboksen. Firmaet mitt skal frå no ha postadresse ein annan stad. Eg leita opp nyklene, og sykla ned på posthuset. Eg tenkte at det berre var å levera inn nyklane og sykla heim att og tru at postboksen vart sagt opp. Så lett var det ikkje, nei. Eg måtte ha ei oppseiing med underskrift og ny postadresse. Men av di eg trudde dette var ei snøgg vitjing, hadde eg ein annan avtale eg måtte nå rett etter. Eg fekk difor ikkje tid til å skriva ei oppseiing og stå i den lange postkøen på ny.

Eg drog attende neste dag, med nyklar og ei skriftleg oppseiing med namnetrekket mitt og bumerket til firmaet. Eg hadde òg vald eit anna klokkeslett for å sleppa den verste køen. Men då det vart min tur, hamna eg hjå ein som ikkje visste heilt korleis ting fungerte. Eg har aldri sett honom der før, så han var sikkert ny. Han måtte same kva ha tak i ein av dei andre. Dei samtykka med meg om at dette måtte vera godt nok, så då skulle det vel vera i orden. Eg gjekk derifrå litt letta over at eg frå no slepp å henta tonnevis av stempel- og kontorstol-reklamar kvar dag.

Her skulle eg til vanleg tru at visa var slutt, men det var ho ikkje. To-tre dagar etterpå fekk eg ein telefon frå posthuset. Dei meinte at eg ikkje hadde oppgjeve adresseendring, på trass av at den nye adressa stod heile to stader i oppseiinga. «Ja, men du må senda inn eit eiga skjema for dette i tillegg til oppseiinga». Hrmf, kunne dei ikkje ha sagt det då eg var der nede den fyrste gongen?! «Ja, og så må du melda frå til Folkeregisteret». Folkeregisteret?! Me er jo eit firma, for svarte! «Ja, det hjelp ikkje. Men du lyt kanskje ringa til Posten sentralt», sa personen i andre enden av tråden, og gav meg eit telefonnummer.

Då eg ringte dette 815-nummeret (og høyrte kontantkortet mitt klynka), fekk eg etter mykje att og fram vita at eg måtte endra postadressa i Brønnøysundregistra, ikkje i Folkeregisteret. Det er berre eit problem: Det står ikkje oppgjeve noka postadresse i Brønnøysund av di me aldri har lagt ho inn. Den adressa som står der, er firmaadressa, og dette er ein annan stad enn postboksen. Det vil ikkje ha noko å seia om eg endrar denne, for posten vil ikkje få melding om postboksen då lell (og til gjengjeld vil eg få eit skjemahelvete utan like av di eg då måtte byta skatteherad).

Så no sit eg her. Eg har ein postboks, men ingen nyklar til å opna han, og heller ingen måte å seia han opp på. Den dagen eit slik byråkrati får fotfeste i privatlivet, så haikar eg med det fyrste romskipet bort frå denne planeten. Den dominante rasen her er eit darwinistisk mareritt: «survival of the dumbest».

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/08/postboksbyrakratiet/

2 comments

  1. Hmm. Ja. Det er mykje tull med det der. Eg synest alt slikt kunne det vore tenester på internett for; der du vert rettleia gjennom alt og fær melding på epost når du må gå gjennom noko nytt.

    Alt skal vera so vanskeleg heile tidi, eg fær ikkje sagt opp velmont.net (for flytting til ein annan plass) av di dei skal hava altslags skjema (dette er privat!). Eg meldte meg jo inn berre via internett!

    • Simon on 4. september 2007 at 14:48
      Author

    Ja, diverre smett skjemaveldet over på det private, men heldigvis er det enno mogleg å gå på butikken utan å måtte fylla ut skjema for handleløyve, lån av handevogn og bruk av fortauet. Då datamaskina fekk nye bruksområde, vart det spådd at papiralderen skulle taka slutt. Men no ser me at papiralderen berre var ein forsmak.

Comments have been disabled.