«

»

UFO

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

«Eg veit at dette kjem til å høyrast rart ut, men…» Slik opnar dei fleste soger om UFO-ar. Dette kjem av at dei fleste soger om UFO-ar ikkje er anna enn skrøner og fantasifoster. Men stundom kjem det ei og anna forteljing som faktisk ikkje er ei skrøne. Eg veit at dette kjem til å høyrast rart ut, men eg har faktisk sett ein UFO. Det er heilt sant. Eg var fjorten år gammal, og var på sykletur ein kveld. Klokka nærma seg ni. Dette var langt utpå hausten, så det var bekmørkt ute. Eg stod mellom Båsmo gymsal og Båsmo ungdomsskule då eg plutseleg var vitne til ein UFO over Loftfjellet.

Før eg går vidare i denne forteljinga, vil eg koma med eit språkleg innspel. UFO er kortord for unidentified flying object, altså ein svevande ting du ikkje veit kva er. Etter denne vesle definisjonen, er eit eple som nokon kastar på deg ein UFO heilt til du ser at det er eit eple (truleg sekund før du får veldig vondt av å få eit eple kasta på deg). Og det den same vesle definisjonen som gjer dei fleste soger om UFO-ar til skrøner. Viss nokon opnar historia si med at dei har sett ein UFO, og konkluderer med at dei vart bortført av romvesen, så er det jo underforstått at det dei såg var eit romskip frå ein annan planet, og dimed er det ikkje ein ukjend ting lenger! Og når det gjeld bortføringar av romvesen: dette er i høgste grad eit vestleg fenomen. Du høyrer aldri om ein zanzibarar, ein irakar eller ein japanar som er bortført. Dei fleste er amerikanarar, og dette aleine seier meg at desse historiane ikkje er anna enn løpsk fantasi. Viss romvesena hadde klart å laga eit romskip som kunne flyga i nær ljosfart, kvifor i alle dagar skulle dei halda seg til stort sett eitt kontinent på jorda? Dei kunne jo ha bortført ein amerikanar i New York etter forretten, ete middag i Oslo og hatt dessert i Brasil og sove middagsluren i Sidney. Med romskipet deira tek det jo berre rundt åtte minutt på ein distanse som tilsvarar frå jorda til sola, så dei kan dimed kryssa landegrenser og verdshava på berre nokre få sekund! Og dessutan ville det vore meir logisk at dei hadde bortført folk frå alle verdsdelane, sidan desse bortføringane tydelegvis er eit slags forskningsprosjekt dei har. Tenk på sommarfugl-samlarar. Dei samlar på så mange som mogleg sommerfuglrasar, men skaffar berre eit par døme frå kvar av rasene. For meg er det heilt logisk då at romvesena ville teke eit par døme frå kvar av folkeslaga. Når dette ikkje er tilfelle, så er det all grunn til å tru at historiene er usanne.

Hmm, kor var eg? Jo, i historia mi, som du vil sjå, er UFO-en min ukjend. Eg visste ikkje kva det var då eg såg det, og eg veit til dags dato ikkje kva det var. Det kunne vore eit fly, ein meteor eller ei radioaktiv og sjølvljosande ørn, det kunne vore kva som helst. Ja, og då meiner eg til og med eit romskip, for det er nemleg sånn at eg ikkje anar kva det var, det eg såg, og eg har aldri sett det att. Eg stod som sagt mellom gymsalen og ungdomsskulen, og glytta mot nattehimmelen over fjellet. Stjernene skein klårt, og lufta var kjølig og frisk. Du kunne væra at det ikkje var lengje før Kong Vinter kom (og den fyrste snøen kom faktisk to-tre dagar etterpå). Plutseleg fekk eg auge på det som eg fyrst trudde var eit fly. Utifrå retninga det kom frå, kunne det ha vore flyet frå Bodø til Nidaros, men eg tenkte sjølvsagt ikkje på flygerutene den gongen. Tingen flaug ganske høgt, eller i det minste høgare enn fjellet av di eg såg at han kom over der. Han hadde tilsynelatande same fart som eit vanleg fly, men det var noko rart med ljosa på han. Ljos på fly plar å vera knallraude og kvite. Dette ljoset var rosa, og dekte heile tingen. Eg la òg merke til at han ikkje hadde vingar, men var nesten som ei kule. Så byrja flygebanen hans å verta litt rart. Han flaug att og fram, på nordvest-himmelen, i svært irregulære baner. «Viss dette er eit fly, så kan det umogeleg vera eit rutefly», ville eg ha tenkt viss eg hadde visst om flygerutene, men det gjorde eg ikkje.

Eg var faktiskt så fascinert over det eg såg, at eg ikkje heilt visste kva eg skulle tenkja om det. Brått stogga tingen i lufta, og det var som om han berre svevde der. Som om nokon hadde festa eit tau til honom, og hengt han til ein sky. Men det var ein skyfri himmel den kvelden, og det er dessutan svært vanskeleg å hengja tau til skyar. Tingen svevde i alle fall der, heilt i ro. Sånn var det i bortimot eit halvt minutt før det hendte noko meir. Heile den tida stod eg berre å måpa. Eg vart ikkje mykje klokare på kva denne tingen var av det som no hendte. Det såg ut til at noko vart kasta ut or tingen. Tre mindre gjenstander, rosaglødande alle tre. Eg seier at det måtte koma ut or tingen, av di tingen såg ut til å vera akkurat like stor som før. Desse tre gjenstandene fall fyrst rett ned, men så såg det ut til at noko tok styringa, og to av dei skaut innover mot Selfors. Den tredje fall litt til, før han fór inn mot byen. Eg kunne ikkje sjå kor han hamna på grunn av eit par store grantre som stod i vegen. Den største gjenstanden, «Moderskipet» som han ville vorte kalla i mange UFO-skrøner, hang litt til i lufta, før han bråsnudde og flaug attom fjellet att.

Eg har ikkje den fjernaste aning om kva det var eg såg den kvelden. Men eg veit at det var ein gjenstand, og eg er bombesikker på at han flaug. Dimed var det ein UFO, ein ukjend flygande gjenstand (Eller, det var jo fire gjenstander, men det går for det same). Meteorar plar å ramla ned, fly plar ikkje å plutseleg snu og slettest ikkje å hengja i ro i lufta, fuglar plar ikkje å vera sjølvljosande. Og kva var det som vart kasta ut or tingen? Eg har spekulert på dette heilt sidan den kvelden, men eg er ikkje i nærleiken av å finna svar på det. Du undrar sikkert om eg trur det var eit romskip frå ein annan planet, men som eg skreiv ville eg då ikkje kunne nytta ordet UFO (viss eg hadde trudd at det var noko, så ville det ikkje lenger vera ukjend). Nei, eg trur ikkje det var eit romskip, men for alt eg veit, kan det henda at det var det. Bortsett frå at utanomjordiske romskip neppe eksisterer, i alle fall ikkje i dette solsystemet. Eg veit at dette høyrdest rart ut, men…

Gje innspel