«

»

cAPS lOCK

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har eigd ganske mange tastatur i gjennom åra. Alle hadde qwerty-oppsettet. For dei som trur at dei ikkje veit kva dette oppsettet er, kan eg fortelja at det er det vanlege oppsettet. Glytt ned på ditt eiga tastatur, og sjå på den øvste bokstavrada. Står tastane Q, W, E, R, T og Y attmed kvarandre der oppe til venstre, så har du òg eit slikt tastatur. Grunnen til at knappane er sett saman på akkurat det viset, er at dette gjer det fysisk umogleg å tasta noko over ei viss fart. Dette høyrast kanskje rart ut, men det stammar frå den maskinelle skrivemaskinen. Til å byrja med stod tastane alfabetisk. Etterkvart som folk lærte seg å tasta snøgt, såg dei ulempa med dette. Viss du nytta tastar som stod ved sidan av kvarandre, ville tastehovuda setja seg fast, og det vart eit sabla rot («abstrakt, mon tro» ville vera tilnærma umogleg å skriva snøgt). Løysinga på dette var å endra på tasteoppsettet slik at dei bokstavane som er vanligast å nytta etter kvarandre vart splitta opp. I dag, når tastaturar er til datamaskinar og dimed ikkje inneheld metallstenger og stempel, så er ikkje qwerty-oppsettet naudsynt. Faktisk stoggar oppsettet effektiviteten, sidan det bremsar farta. I tilleg er dei dei mest vanlege bokstavane plassert på venstrehanda. For høgrehendte personar, 80–85 % av folket i verda, er dette yttarlegare med på å bremsa farta.

Eg går sjølvsagt ikkje rundt kvar dag og irriterer meg over oppsettet på tastaturet mitt. Men eg irriterer meg daglig faktisk over eit par av tastane. På tastaturet eg nyttar no, har eg til dømes «Pause/Break». Eg kan telja på ei hand, nei, ein finger kor mange gonger eg har nytta akkurat den tasten på akkurat dette tastaturet. Det same går for den underlege tasten som står attmed Windows-tasten. Eg veit ikkje kva denne kallast, men han gjer det same som eit høgreklikk med musa. Men viss du allereie nyttar tastaturet i staden for musa, kan du ikkje berre nytta ALT, CTRL eller F-tastane? Det går mykje, mykje snøggare enn å trykka på denne høgreklikk-tasten for så å trykka på piltasten eit par tre gonger, og så på ENTER. Lat oss seia at du sit med eit tekstdokument føre deg. Du markerer eit avsnitt som du vil flytta til ein annan stad i teksten. Du kan då anten a) trykka høgreklikk-tasten, bla ned med piltasten til du finn «Klipp ut», trykka ENTER og så gjera det same att når du skal lima inn teksten (men no vel du sjølvsagt «Lim inn» i staden), eller b) du kan trykka tastekombinasjonen CTRL + X, og etterpå CTRL + V der teksten skal limast inn. Eller kva om du skal gjeva ei fil eit nytt namn? Du har merka fila, og no trykker du høgreklikk-tasten, blar ned med piltasten til «Gjeva nytt namn» og så trykker du på ENTER. Eller du kan berre trykka F2. Bortkasta tast, om du spør meg. Når det gjeld sjølve Windows-tasten, ser eg derimot ikkje heilt kvifor han er så hata. På det noverande tastaturet mitt er han heilt bortkasta, ettersom han er plassert heilt øvst til høgre. Men på det førre tastaturet mitt stod han mellom ventre CTRL og ALT, og då nytta eg meg av honom støtt. WINDOWS + E (opna Utforskaren) og Windows + K (køyr program) var praktiske tastekombinasjonar. Jamvel høyrer eg støtt folk som ikkje liker tasten.

Det finst ein tast som overgår alle andre tastane i bortkasta plass: Caps Lock. Kan nokon vera venleg å fortelja meg kva i alle dagar du skal med denne? Gjennom eit tiår og litt til no, har eg ikkje møtt eit einaste levande vesen som kan fortelja at dei har bruk for Caps Lock på fornuftig vis. Eg veit at det er mange som faktisk nyttar han, men det til irritasjon for seg sjølv eller for alle andre. Det finst dei som dristar seg til å nytta han i dataspel, men ein datamaskin nyttast ikkje utelukkande til speling (i så tilfelle er eigaren svært tåpen; høyrt om spelekonsollar? Playstation, XBox, Super-Nintendo, Sega Mega Drive, Atari… Ah, «a trip down memory lane»). Dessutan er ikkje argumentet «eg nyttar tasten til eit spesifikt spel» eit godt nok argument. For at tasten skal ha livets rett, må du kunne nytta han i kva program som helst i alle samanheng.

Det einaste bruken eg har sett elles, er det eg vil kalla misbruk. NÅR NOKON SKRIV MED BERRE STORE BOKSTAVAR, SER DET UT SOM OM DEI ROPAR. Det er irriterande. Det tek òg dobbelt så lang tid å lesa store bokstavar som små bokstavar. Dette gjer ikkje anna enn å gjera irritasjonen større. Ikkje berre må du «høyra» på ropet, men det tek lengre tid enn du forventar av eit tekststykke som er så langt (eller kort). Og eg taklar dårleg når folk roper til meg over lengre periodar. Det har eg ikkje tolmod til. Jamvel er det dei som insisterer på å nytta Caps Lock – stundom for å markera eit poeng, men som oftast berre ved eit uhell som dei ikkje leggjer merke til (!) før teksten er sendt ut på vev, e-post eller kor det måtte vera.

Eg er klar over at det finst dei som er avhengig av Caps Lock. Kanskje dei manglar ei hand eller på anna vis ikkje klarar å halda SHIFT inne lenge nok til å nå ein annan tast. Men løysinga ligg ikkje i å tvinga Caps Lock på absolutt alle brukarane berre for å gjera det enkelt for nokre få. Det finst faktisk veldig gode alternativ på somme tastatur (og du har òg programvare som kan hjelpa deg viss du ikkje har eit sånt tastatur). Desse tastatura har såkalla treige SHIFT-tastar. Det vil seia at du ikkje treng å halda inne SHIFT for å nytta han. Trykk SHIFT, og så vert den neste bokstaven du trykker på stor. Denne tasten fungerer dessutan òg på tal-tastane, noko Caps Lock faktisk ikkje gjer.

Hadde eg fått avgjort det, ville Caps Lock vorte fjerna frå tastaturet. Men eg vil òg godtaka at dei flytter han opp og vekk frå hovudarbeidsområdet. Han kan godt få stå attmed Num Lock og Scroll Lock (og sidan eg ikkje har desse lell, hadde dette vore ein vinn-vinn-situasjon for meg). Tenk på kor mykje nyttig me kunne ha hatt i staden for Caps Lock. Kanskje setja aksent-tasten der? Du har jo allereie A og E rett ved, dei bokstavane som har mest aksentar. Eller kanskje det hadde gjort seg med BACKSPACE der, som framlagt på CapsOff.org.

2 innspel

  1. Odin Hørthe

    Eg bruker Dvorak, som er ei betre plassering av tastone. Det er enklare på hendene.

    Caps Lock er hos meg ESC, sidan eg brukar VIM og difor trykkjer ofte på ESC (fyrr var det @ og /).

    So eg hev fiksa på alt som plagar meg i staden for å klaga 😉

    http://www.velmont.net/2005/07/22/eg-skriv-dvorak/

  2. Simon

    Det er ikkje ei løysing på problemet. Heller tvert om. Kva skjer når du nyttar eit anna tastatur, og du er vant med å ha ESC på Caps Lock-plassen? Du seier at du har «fiksa» det, men i realiteten har du berre skuva problemet under bordet og vona at ingen skal titta der. Dette er ei prinsippsak. Tastaturprodusentane kan ikkje forventa at alle som kjøper produkta skal leita opp skruvjarn for å pirka vekk (eller eit tredjepartsprogram for å mappa om) tastane når dei kjem heim. Caps Lock må bort. Og det er fabrikanten som skal gjera det, ikkje forbrukaren.

Gje innspel