Dårleg tid

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Gode lesar, kven enn du er, om orsak for at eg held deg på pinebenken. Eg veit du berre døy etter å lesa eit nytt fjasate innlegg mine om treffsikre stormtroppsoldatar eller kva eg ynskjer meg til bursdagen min, men diverre har lekamen min litt for snøgg fart bortover den fjerde aksa i det firedimensjonale kontinuumet me kallar universet. Med andre ord: eg mykje å gjera, og har difor dårleg tid.

Tid er noko me menneske trur me har greie på, men eigentleg har me ikkje peiling. Me traskar rundt med tidsmåleinstrument på armane våre, og nyttar mykje av tida vår på å halda oversyn over tida. Me fører detaljerte tidsplanar med alle gjeremåla våre. Til inga nytte. Alt er relativt, sa ein gluping ein gong, også tid. I følgje denne glupingen, Albert Einstein for dei som ikkje fulgte med i skuletimane, vil ikkje desse måleinstrumenta (for ordens skuld: eg talar sjølvsagt om klokker og sånt) vera nøyaktige. Dei fungerer berre viss dei alle har same fart. Og med fart tenkjer eg ikkje på kor fort visarane snurrer rundt – dét avhenger av kor stabil energikjelda deira er. Eit tomt batteri vil nok ikkje vera så veldig god hjelp på den faktiske målinga, men farta eg talar om er den stadige endringa i den romlege plasseringa til måleinstrumenta.

Viss eg hugsar formelen for tid rett, var det t=γt0. I eit tidlegare innlegg fortalde eg at γ = 1/√(1-(v/c)²), og det gjeld her òg. Av dette ser du at tid målast som eit tilhøve til ei anna tid (hugs kva glupe-Albert sa). Av formlane ser du òg at ljosfarta og di eiga fart spelar inn. Det er på tide at me tester dette. Lat oss seia at du nett har skaffa deg ein råtøff bil som kan køyra veldig, veldig snøgt. Farta er 200 000 000 meter per sekund, altså ikkje heilt opp til ljosfarta (me skal jo ikkje overdriva), men det går jamvel snøggare enn å sykla. For å gjera det enkelt, har eg etter sedvanen forenkla det til 2, og sameleis forenkla ljosfarta til 3. Du køyrer ned til butikken, og det tek deg heile fem sekund (favorittbutikken din er 100 000 mil unna, av di du bur i eit bokmålsstrøk der ingen har peiling på butikkdrift). Når du kjem fram, oppdagar du at det berre var du som opplevde tida som fem sekund. Kor mange sekund tok det for dei som stod og såg på den elleville bilturen din? Me reknar fyrst ut γ:
γ = 1/√(1-(v/c)²)
γ = 1/√(1-(2/3)²)
γ = 1/√(1-(0,67)²)
γ = 1/√(1-0,44)
γ = 1/√(0,56)
γ = 1/0,75
γ = 1,34
Me set så dette talet inn i tidsformelen:
t = γt0
t = 1,34 * 5
t = 6,71
Jøsses, seier du. For dei andre har det teke nesten sju sekund. Du har med andre ord mista bortimot to sekund. Kor dumt!

Som dette reknestykket viser, er altså tidsmåleinstrumenta våre heilt meiningslause. Men eit anna viktig poeng her, er at di snøggare du skal gjera ting, di lengre tid tek det (sett utanifrå). Kor sprøtt dette enn måtte høyrast. Kva er vitsen med å stressa med å få gjort noko så snøgt som mogleg, når dette lell vil føra til at du bruker meir tid enn naudsynt? Og då vert det endå meir bortkasta tid å planleggja tidsforbruket.

Som eg hinta til i starten av innlegget, har eg ramla i denne tidsfella som fysikken har laga for oss. Eg arbeider meg halvt i hjel for å få gjort mest mogleg, slik at eg skal ha betre tid til å gjera ting eg har lyst til å gjera seinare, men det viser seg at arbeidet hoper seg opp og eg får berre mindre og mindre tid til overs. Når eg endeleg får tid å slappa av, er eg trøyt. På denne tida av året er det for kaldt og rått ute til å henta energi frå ein god spasertur, og dimed får eg ikkje gjort dei tinga eg har lyst til seinare.

Eigentleg er eg ikkje så redd for dette, for seinare er jo alltid etter før, og før og seinare er aldri no. Eg er jo ikkje der før eller seinare. Eg er her og no. Men eg kjem nok dit før eller seinare, men då vil det vera no, ikkje då. Dimed finst ikkje før eller seinare, berre no. Tid ikkje er ein storleik, men ei retning – ein fjerde akse – i eit firedimensjonalt kontinuum som me kallar universet.

Sånn, då trur eg at eg har fylt opp fjaserikvota mi for ei tid framover. Gratulerer til deg som las alt; du har nok alt for mykje tid til overs.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/09/darleg-tid/