Filmmeldinga

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har lyst til å koma med ei oppmoding til alle som les her. I vår kom filmmeldinga, ei 140-siders stortingsmelding om ein ny filmpolitikk i Noreg. Denne stortingsmeldinga, Stortingsmelding nr. 22 (2006–2007), eller Vegvisaren som ho heiter, er ei tilråding frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Ho byrjer slik:

Film er et av vår tids viktigste kulturuttrykk. Filmen som kunst- og kulturuttrykk kombinerer på en unik måte andre kunstformer som musikk, drama og levende bilder. Film er både underholdning, et selvstendig kunstuttrykk og et medium som gjenspeiler både historien og vår samtid. Film handler også om identitet, fellesskap og tilhørighet. Vurdert i forhold til publikumsoppslutningen er film et av de mest brukte kulturtilbud i Norge. Det er derfor viktig at det legges til rette for at det kan produseres gode norske filmer som fremmer norsk språk, kultur og fortellertradisjon.

Kulturminister Trond Giske har fått mykje skryt for denne meldinga, både frå politikk-kollegaer og frå filmbransjen i inn- og utland. «Folk i Noreg er ikkje klar over kor fantastisk god kulturminister dei har», hevdast det. Og skrytet er ikkje utan grunn. Filmmeldinga er ein solid filmpolitikk, og vil føra til at me endeleg får ein norsk filmbransje (dei fleste filmselskapa i Noreg vert i dag lagt ned etter ein eller to filmar, og det er ikkje eit godt grunnlag til å skapa ein bransje i).

Eg oppmodar alle som bryr seg om framtida i norsk film, eller som i det heile teke liker film, å taka seg tid til å lesa filmmeldinga. Du kan anten lasta ho ned som PDF (4,1 mb stor), eller lesa ho på Regjeringa.no.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/09/filmmeldinga/

2 comments

  1. Jøss. Dette høyrast jo bra ut for kinokampanjen vår! Hadde det berre ikkje vore so mykje å gjera. Akk og ve og ve og akk. 😛

    Norsk språk ja. Og det er jo òg slege fast at nynorsk og bokmål båe er tvo sjølvstendige norske språk, – det burde vera enklare for oss å krevja nynorsk kinoteksting då! 😀

    • Simon on 31. mars 2008 at 20:27
      Author

    Det nye filminstituttet er opna.

Comments have been disabled.