Blindkopi

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg mottek stundom straumbrev som har mange mottakarar. Det er sjølvsagt hyggeleg å få straumbrev, men det hadde vore endå hyggelegare om ikkje alle mottakarane hadde fått tilskrifta mi. Det er lett å unngå denne tabben.

Du ser eit festleg bilete på Humor911 eller kva det no er folk nyttar arbeidstida si på desse dagane, og ynskjer å dela dette med åtte vener, derimellom meg. Du opnar straumpostprogrammet ditt, og limer inn biletet der. Så klikker du i «Til»-feltet og kopierer inn tilskriftene til dei åtte venene dine. Du tørrflirar for deg sjølv i det du klikker på send-knappen, og så går du attende til arbeidet ditt (men eigentleg berre meir Humor911 eller kva det no er folk nyttar arbeidstida si på desse dagane).

Kjenner du deg att? Då lyt du vita ei sak: eg er sint på deg. Du har nettopp sendt tilskrifta mi til sju andre personar som eg kanskje ikkje kjenner. Viss ein av desse på eit seinare tidspunkt får datavirus, så vil dette sendast til alle tilskriftene viruset kjem over, inkludert mitt. Sjølv om eg neppe kjem til å opna virusbrevet, så er det ille nok at eg i det heile teke har fått det. Og eg skuldar på deg. Ja, nemleg, deg. Hadde ikkje du sendt meg biletet, så hadde ikkje den andre personen hatt tilskrifta mi!

Du innser problemet, men har frykteleg lyst å senda biletet til dei åtte venene. Samstundes har du ikkje lyst å senda det åtte gonger. Kor freistande det enn er å lima inn tilskriftene til alle åtte i «Til»-feltet, så skal du ikkje gjera det. Det finst nemleg ei anna råd: «Blindkopi»-feltet.

Med Blindkopi slepp du å tenkja på dette problemet. Lim inn dei åtte tilskriftene i Blindkopi, send brevet og tørrflir gjerne litt medan du gjer det. Dei som får brevet vil ikkje få sjå dei andre sju mottakarane, og då vil heller ingen av dei kunne årsaka virusspreiding til dei andre sju.

Alle straumposttenester med respekt for seg sjølv har eit felt for Blindkopi, eller Bcc som det ofte heiter. Nyttar du MS Outlook Express, vil dette feltet diverre vera skjult. Men det er mogleg å henta det fram utan større problem. Nett no har eg berre ein engelsk utgåve tilgjengeleg. Når eg skriv ei ny melding, kan eg klikka «View – All headers». Då dukkar blindkopi-feltet opp. Det er ikkje naudsynt å gjera dette kvar gong, feltet vert ikkje skjult med mindre du kryssar det vekk i menyen att.

Det er berre eit problem med blindkopi, og det er at stundom vil veldig sinte bosspostfiltre vil reagera på dette. Grunnen er at mottakartilskrifta vil stå som «Undisclosed-Recipient» i staden for den ordentlege tilskrifta til mottakaren. Dette er dårlege bosspostfilter, blindkopi er ikkje boss. Reagerer filteret ditt på dette, lyt du hiva det ut vindauget med ein gong. Kor som er, det er råd her òg. Når du sender blindkopiar, kan du oppgje ei tilskrift i til-feltet. Dette kan til dømes vera di eiga tilskrift:
Til: di_eiga_tilskrift@gmail.com
Frå: di_eiga_tilskrift@gmail.com
Blindkopi/BCC: Simon; Kari Nordmann; Jens Fjellanger; Alan Smithee; Mr. X; Jane Doe; NN; Deep Throat;

Når eg får brevet ditt, så vil avsendartilskrifta vera di_eiga_tilskrift@gmail.com. Denne tilskrifta vil òg stå som mottakar. Eg ser ikkje at du har sendt brevet til Kari, Jens, Alan eller dei andre. Når Alan, som den kløna han er, seinare får virus på maskinen sin, vil korkje eg, Jane, NN eller dei andre få viruset frå Alan. Og Mr. X, som er djupt involvert i ein massiv samansverjing om å skjula den kommande utanomjordiske koloniseringa av verda, kan ikkje nytta tilskrifta mi til noko lugubert og slemt, til dømes å posta henne på e-postlister eller vevsider med skummelt utanomjordisk innhald.

I morgon, sånn rundt klokka kvart på matpausetid, når du flakkar rundt på veven for å få tida til å gå og kjem over noko festleg, så kan du nytta blindkopi-feltet til å kopiera inn tilskriftene til dei åtte venene du har. Grunnen til at du ikkje har fleire vener, er at du ikkje nytta blindkopi før. Men no veit du betre, ikkje sant? Elles får du snart berre sju vener!

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/10/blindkopi/

4 comments

Skip to comment form

  1. Heilt einig. Eg hev eit gamalt sint brev eg sender til folk kvar gong dei drit seg ut. Hadde vore moro å gjera det litt snillare og leggja det ut på veven; men no treng eg vel ikkje det sidan du hev gjort det.

    Likevel hev eg masse Windows-drittkasting og anna som er tøft og kult. Det manglar her. Er vel av di du er ein Windows-mann sjølv.

    • Simon on 4. oktober 2007 at 23:07
      Author

    Windows-mann og windows-mann, fru Blom («X og X, fru Blom» stammar forresten frå stykket Karusell frå 1955 av Alex Brinchmann, og var opphavleg «piller og piller, fru Blom». Du har no fått festleg men heilt gagnlaus informasjon i bogeteikn – nett det bogeteikna er til for!). Eg nyttar operativsystemet, men hjelper gjerne til med å lempa dritt. Gammalmaskinen min hadde Mandrake, BeOS og Windows 98 (heilt fram til siste helvta av 2005). På fangvarmaren («laptop», bærbar datamaskin, lett-tølva eller kva du kallar det) min har eg nett installert Windows Vista, av di eg får det gratis gjennom skulen. Det er 5000 kroner eg slepp å betala. Jada, eg er klar over at mange OS er gratis, men med Vista får eg brukarstøtte på både programvaren og maskinen min gjennom skulen.

    Eg vil gjerne sjå brevet ditt. Komplett med ilska, drittkastinga og anna som er tøft og kult. Om ikkje her, så kanskje du gidder å senda som straumbrev?

    Same kva, dette handlar om blindkopi, som finst i all slags straumposttenester og gjeld ikkje berre Windows-brukarar. Straumpost sendt gjennom Gmail, Hotmail eller anna vevbasert straumpostklient lyt òg nytta blindkopi til slikt, men det er då vel ikkje vits i å trekkja inn Microsoft i eit sinnabrev til dei som ikkje nyttar blindkopi. Det er eit heilt anna ordskifte.

  2. No fekk eg seriøst lyst til å springa inn på Humor911 og senda eit eller anna til deg. Ikkje at eg veit kvifor, eg fekk berre lyst til deg. Hoho.

    • Simon on 13. oktober 2007 at 14:40
      Author

    Hyggeleg. Så lengje du ikkje sender det som kopi til sju andre samstundes utan å nytta blindkopi, så skal du berre senda i veg. No stoggar bosspostfilteret rett nok det meste sendt derifrå, då men det er no så…

Comments have been disabled.