«

»

Blokker boss i Opera

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Som de kanskje forstår, er eg veldig glad i nettlesaren Opera. Han er snøgg, liten og smart. Han tolkar koden på vevsidene mine rett, i motsetnad til Internet Exploderer som ikkje kan ein dritt. Opera har mange kjekke funksjonar som Firefox og IE gjer sitt beste på å herma etter. Eg har fortald om snøggsøk før, og har så vidt vore innom bossfilteret.

Her om dagen spurte Thingvoll meg om eg visste korleis han kunne fjerna boss effektivt frå verdsveven med bossfilteret. Det er så tungvint, tykte han, å måtte klikka på bossfilter-funksjonen kvar gong han kom over nytt boss, og han lurte på om det ikkje finst eit anna vis. Det gjer det sjølvsagt: urlfilter.ini.

Denne fila finn du i hovudkatalogen til Opera. For å finna ut kor det er, glyttar du berre i opera:about (viss lenkja ikkje fungerer, klikk i menyen: Hjelp -> Om Opera. Du må sjølvsagt køyra Opera). I fila urlfilter.ini kan du skriva kva tilskrift som helst. Tilskrifta vert då blokkert. Døme på innhald:

Opera Preferences version 2.1
; Do not edit this file while Opera is running
; This file is stored in UTF-8 encoding
 
[prefs]
prioritize excludelist=1
 
[include]
*
 
[exclude]
http://*.ad.aftenposten.no/*
http://*.emediate.dk/*
http://annonser.dagbladet.no/*

Som du ser, kan du nytta * som eit jokerteikn. Alle tilskrifter som liknar på desse, til dømes http://ad.aftenposten.no/RealMedia/ads/ eller http://ad1.emediate.dk/eas?cu=1754, vil verta blokkerte, og du vil ikkje sjå boss på Aftenposten.no og dei stadane som får slikt boss derifrå. Dette er jo kjekt, men det er fyrst viss me veit av ei liste over mykje slikt boss at dette vil vera effektivt. Ei slik liste kan du finna på pgl.yoyo.org/adservers. I rullegardinlista med merkelappen «list ad server hostnames», vel du «opera url filter». Du vil no få ei liste som inneheld 3000–4000 tilskrifter til boss. Kopier alt, og lim inn i urlfilter.ini.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å blokkera all bosset. Det kjem heile tida nytt dritt, og det finst langt meir enn det som denne inneheld lista. Men nyttar du deg av denne lista, vil du nok merka at veven ser mykje reinare og finare ut enn før. Når det er gått ein månad eller to, kan du henta ned den ferskaste lista derifrå på ny. For ikkje å mista eventuelle tilskrifter du sjølv har lagt til, kan du då velja ein dato (til dømes då du sist oppdaterte lista di) under rullegardinlista. Lista du då får opp, inneheld berre dei nye tilskriftene som er lagt til etter denne datoen, og desse limar du inn i urlfilter.ini.

Nyttar du Firefox, finst det ein del tilleggsprogram som kan blokkera boss på dette viset. Fordelen her er at lista vert henta inn automatisk. Ulempa er at det ikkje er integrert i nettlesaren, og utgjer dimed ein tryggleiksrisiko. Nyttar du Internet Explorer, kan du berre ha det så godt.

Gje innspel