Hairspray

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne omtala ligg òg ute på Metropolis.

God morgon, Baltimore!

Nikki Blonsky vaknar opp med den gladaste songen og det største gliset eg har sett. Ho speler Tracy Turnblad, ein stereotyp gladklump av ei ungdomsjente. Turnblad er kort, rund og glad. God morgon, syng ho medan ho dansar seg til skulen. Skuletimane er lange og keisame, men med det same klokka ringjer, er Tracy og veninna Penny Pingleton klar med dansefoten føre fjernsynet. Dei må jo få med seg dei nyaste dansane på «The Corny Collins Show» (sponsa av Ultraclutch hårspray). Og sjølvsagt for å få sjå kjekkasen Link. Det er nett vorte ein ledig plass på danseprogrammet, og Tracy ynskjer å verta med. Den slemme sjefen for fjernsynskanalen, Velma Von Tussle, lét henne ikkje ein gong prøvedansa. For kort, for feit og tilhengar av integrasjon. Nei, fysj, dei kan jo ikkje ha med nokon som faktisk liker negrar! Tracy er heldig, og får vera med lell etter å ha dansa ein dans ho lærte av Seaweed. Men på grunn av den rasistiske leiinga får ho ikkje dansa den med honom. Urettvist, men einskilde pesonar kan vel ikkje utretta noko, eller?

Denne filmen er basert på Broadway-stykket med same namn. Eg er ikkje så veldig kjend med det, men har høyrt ljodopptak frå det. Eg vart ikkje veldig imponert over Marissa Jaret Winokur, som spelte Tracy der. Ho song ikkje, ho knurra. Eg skal jamvel ikkje dømma teaterstykket før eg faktisk har sett det. Filmen, og teaterstykket, er sjølvsagt òg basert på den originale John Waters-filmen Hairspray frå 1988. Eg diggar John Waters. Filmane hans er fantastiske. Dei er herleg kitsch. Hairspray (den frå 1988) er kan henda ikkje den som er mest «der ute» blant filmane hans, men det er jamvel tydeleg at det er ein John Waters-film. Då eg såg nytolkinga, vart eg litt skuffa. Det var mykje eg sakna frå originalen. No skal det seiast at filmskaparane har gjort sin flid på å tona ned den «verste» John Waters-åtferda. Dette var kanskje ikkje så dumt, men denne nedtoninga er heilt feilslått.

Nedtoninga fører til eit stort problem med somme rollefigurar. Eg har størst problem med Tracy. Ho har ei ståpåvilje og ublyg framferd, følgjer motebiletet, høyrer på den nyaste populærmusikken og legg ikkje merke til at folk flirer av dei runde formene hennar. Vekta er ikkje eit problem, og det er denne naiviteten som er drivkrafta for plottet i filmen. Dette fungerer ikkje heilt for meg. I originalen – då Ricky Lake hadde rolla – fungerte det av di det passa inn i Waters-universet. Men etter at dei har tona ned dette, er personlegdommen til Tracy malplassert. Ho har ei oversjenert mor og ein sosialt uintelligent far. Når ho i tillegg er så overvektig som ho er, så ville det vore meir på sin plass at ho var litt meir tilbakedregen. Eg trur at filmen hadde vorte mykje betre om ho starta som tilbakehalden og blyg, men at me såg ei karakterutvikling mot til den glade, tøffe Tracy Turnblad me er kjend med. Dette hadde gjort at rollefiguren vart djupare, men då måtte heile filmen endrast. Slik filmen er no, er han nemleg heilt blankpolert og skrubba gullande rein. Enda til skurkane er som teke ut av noko frå ein politisk korrekt ikkje-kontroversiell barnefilm. Ja, det heile kjennest mest som ein Disney-film.

Konflikten i filmen er røynleg nok. Fyrst spør me oss sjølve om Tracy får dansa på fjernsynet. Dette løyser seg ganske snøgt, og den verkelege konflikten er om raseskiljet vert oppheva slik at svarte og kvite kan få dansa saman. Ein slik konflikt er ei gullgruve for god dramatikk, men også dette er nedpolert. Me høyrer til dømes aldri eit vondt ord om Seaweed og dei andre, og det einaste verkelege rasistiske utsegna var sponsormeldinga på negerdagen (glimrande levert av Queen Latifah, forresten). Rett nok finst raseskiljet i filmen, men det såg eigentleg ikkje ut til å vera til stor bry for dei involverte. Mot slutten av akt to er det eit protesttog mot negernektet i fjernsynet, men det er ikkje eit einaste sint fjes i mengda. Nokre er alvorsame, andre nøytrale, men dei fleste går rundt og smiler hjartevarmt! Kva farken?! Kva i alle dagar er poenget med eit protesttog når ingen protesterer? Kor vart det av hjelpeløysa og dei fortvila andleta, dei rasistiske styresmaktene eller dei fengjande slagorda? Igjen, dette er nærmast som skapt for Disney Channel (og det hjelper ikkje på inntrykket at Zac Efron er med).

Reinskrubbinga gjer at filmen kan sjåast av alle, til og med av kristenfundamentalistar som elles meiner filmmediet er vulgært og gudsspottande. Men reinskrubbinga gjer òg at filmen er dønn keisam, og særskilt for oss som er glade i gammal-filmen. Dei fargerike karakterane er vorte grå og blasse. Sjå berre på Prudy Pingleton, mora til Penny. I originalen var Prudy hysterisk i den opphavlege tydinga av ordet (dette skulle vera sinnssjukdom som berre råka kvinner. «Hystera» er gresk for «livmor»), men i denne nye filmen var ho berre litt konservativ og småfordomsfull. I eit verdsleg samfunn som USA er ny-Prudy langt mindre farleg enn den steingalne original-Prudy, og dimed heilt uinteressant. Ta òg Velma Van Tussle, som i originalen var berre eit bannord frå å vera ein fullblods terrorist! Mangelen på desse og dei andre «sjuke sidekicks» (for å sitera gruppelæraren min), gjorde dette til ein skuffande film!

Men heilt ille var han ikkje. Songane er til skikkelege gladsongar. Har du lyst å koma i godt (og barnsleg, men politisk korrekt) humør, så er dette ein flott stad å starta. Du treng nesten ikkje lika musikalar for å digga desse songane. Du treng heller ikkje vera glad i den originale John Waters-filmen, men er du det, så er det litt snadder her til deg òg i form av gjesteroller. Du finn mellom anna Ricky Lake som talentspeidar, og John Waters stiller sjølv opp som blottar. Det som fungerte aller best i filmen, var John Travolta som Edna Turnblad. Han var langt i frå like interessant som Divine i originalen, men rollefiguren hans passa mykje betre inn i denne Disney-aktige versjonen enn det original-Edna ville gjort. Edna er no ei søt og sjenert dame, og hadde det ikkje vore for at eg kjenner att fjeset til Travolta, så hadde illusjonen om at det var ei dame vore komplett. Travolta spelte dimed utruleg godt, og dette aleine er verdt ein titt.

Til sist: få med deg rulleteksten. Dei tre skodespelarane som har hatt Tracy-rolla – Nikki Blonsky frå denne filmen, Marissa Jaret Winokur frå Broadway og Ricky Lake frå den fyrste filmen – syng saman på songen «Mama, I’m a Big Girl». Harvey Fierstein, som spelte Edna i Broadway-versjonen, syng òg ei lita line mot slutten av songen. Og for dei som sakna at Amber påstod at Tracy var full av lus, så er det ein song som heiter «Cooties» der òg. God grunn til å få med seg rulleteksten, altså. Men heilt ærleg tala, det finst mange musikalar og dansefilmar som er mykje betre enn dette. Har du lyst å vita historia, så lyt du sjå originalfilmen. Er du berre ute etter musikk og dans, tykkjer eg du skal sjå Grease.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/10/hairspray/

5 comments

Skip to comment form

    • Simon on 7. november 2007 at 11:44
      Author

    Eg har visst vunne ei veketevling med denne på Metropolis.

    • Synnøve on 8. januar 2008 at 23:21

    Eg tykte ikkje at filmen var dönn keisam:-)

    Men so har eg ikkje sett originalen heller.

    • Simon on 9. januar 2008 at 0:07
      Author

    Tja, eg har godhug for musikalar, så heilt borte er han ikkje for meg. Men det er heilt klart ein fordel å ha sett originalen. Den skitne, sære John Waters-humoren vert sakna.

    • Synnøve on 9. januar 2008 at 18:04

    Ho eine eg bur med snakka om aa leiga han. Eg vonar ho gjer det.

    Den originale filmen er ikkje ein musikal, altso?

    • Simon on 9. januar 2008 at 19:58
      Author

    Nei, musikal-versjonen er ein ganske ny vri. Songane debuterte på Broadway i 2001 eller 2002. Originalen, frå 1988, er ein heilt vanleg film frå John Waters. Men det hadde vore utruleg kult å sjå ein musikal frå honom! Eg såg «Serial Mom» (eller «Massemor», som han heiter på norsk) for ein månads tid sidan, og då slo det meg kor genial fyren eigentleg er, sjølv om den seinaste filmen hans, A Dirty Shame, ikkje fell heilt i smak hjå meg.

Comments have been disabled.