Kva hender med vondskapsfulle imperium?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Veit du kva som hender med vondskapsfulle imperium? Det veit eg. Dei tapar i høgsterett mot EU.

Darth BallmerKeisar Bill

Det finst så mange mykje betre alternativ. Kvifor held folk fast på dei store, ekle og dødelege programvarane til det vondskapsfulle imperiet?

Eg køyrer diverre eit operativsystem frå dette imperiet. Men eg gjer mitt beste for å ikkje stø deira øydeleggjande programvara. Verdsveven ser eg med Opera, ikkje Internet Exploiter, og dokumenta mine er skrivne i OpenOffice, ikkje M$ Of-fis. Kvifor? Tja, bortsett frå desse programma er mykje betre, så er Opera og OpenOffice faktisk gratis. Og kva med det vondskapsfulle imperiet sine alternativ? IE er nesten berre tilgjengeleg om du eig eit operativsystem frå dei. Det er bortimot 5 000 kroner. Og kontorprogrampakken deira? 5 000 raske der òg. Så du må altså ut med 10 000 kroner for noko som er dårlegare enn det du får gratis frå Opera og OpenOffice.

Internet Exploiter

Gjer deg sjølv ei teneste, kvitt deg med dårleg programvare. Viss du ikkje allereie har gjort det, så kan du til dømes lasta ned Opera og OpenOffice. Knus det vondskapsfulle imperiet!

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/10/kva-hender-med-vondskapsfulle-imperium/

6 comments

Skip to comment form

    • Ola on 5. oktober 2007 at 21:24

    Nett kva er dårlegare med MS Office enn OpenOffice? Eg kjem på ein ting: Filformatet. Kva meir?

  1. Proprietært, lukka kode, fungerer berre i eit operativsystem (nei, mac-versjonen er ikkje det same), filformat som du sa, at nokre vonde monopolistiske stygge beist hev full kontroll yver det og ikkje minst ekstremt yverprisa. Tja. Mykje er vondt med MS Office.

    Det er òg bloat. Men det er OO.org òg. Sjølv brukar eg ikkje OpenOffice, men abiword og gnumeric.

    • Ola on 6. oktober 2007 at 11:46

    OK, mykje er dumt med MS Office. Men er det dårlegare i praktisk bruk enn OO? Det er eg ikkje so sikker på, og difor vil eg ha svar på det.

    • Ola on 6. oktober 2007 at 11:49

    Eg meinte: OK, mykje er dumt med MS Office. Men er det dårlegare i praktisk bruk enn OO? Det er eg ikkje so sikker på, og difor vil eg ha svar på det.

    • Simon on 6. oktober 2007 at 19:22
      Author

    Ja, i praktisk bruk er MSO så absolutt dårlegare. MS Office 2007 har noko med det dummaste, teitaste, mest klønate brukargrensesnittet eg har prøvd i eit program. Eg vil ikkje påstå at OpenOffice har eit genialt grensesnitt, så langt i frå, men det er i det minste mogleg å forstå seg på ved fyrste rundtur. MSO2007 er ikkje det mogleg å forstå seg på utan lang opplæring, eller slik eg gjer det, med timesvis av prøving og feiling. Det er ille, ille, ille. Det hjelper ikkje på at programpakken er 5000 kroner. Det er ein svinpris. Særskilt når du veit at alternativet OpenOffice er gratis. Og det hjelper i alle fall ikkje at filformatet er kryptert og kjeldekoden er løynd, og du dimed aldri kan vita om mottakaren av filene dine får sjå det du vil at dei skal få sjå. OpenOffice kan alle i teorien sjå heilt korrekt, då teksten er lagra som XML. Prøv sjølv, opne ei OpenOffice Writer-fil i eit pakkeprogram (WinZip eller liknande), og hent ut content.xml. Opne denne i ein enkel teksthandsamar (Notepad eller liknande). Det du ser no, er teksten din med den formateringa du gav honom i OOW. Alle teksthandsamarar i heile verda kan lesa dette, det handlar berre om vilje. I MS sitt tilfelle: uvilje. Dei nektar å stå OpenOffice-formatet. I staden held dei fast på sitt krypterte, løynde format som ingen andre teksthandsamarar enn MSO Word kan opna utan å øydeleggja formateringa. Og det hjelper ikkje om du sit med MSO2007 og trur at MSO2003 kan lesa det. Nei, nei, dei har jo sjølvsagt endra den løynde koden mellom kvar programversjon, og dimed du oppgradera (les: gå i raudt på banksaldoen din) for å i det heile teke kunne lesa dokumenta slik dei er meint å lesast. Eller du kan berre droppa MSO heilt, og gå over til eit alternativ. Det einaste eg enno ikkje får til ordentleg med OOo som MSO klarar betre, er database. MSO Access fungerer godt, det gjer ikkje OOo Base. Men så nyttar eg ikkje korkje Access eller Base, så det gjer meg ikkje så mykje.

  2. MS Office, i hvert fall hos meg da jeg hadde det på min iMac Intel, gjorde en masse rare formatteringsforandringer når dokumentene startet å bli godt over 5-10 sider. Gjerne ble forandringer gjort lengre opp i teksten og vekk fra området jeg skrev.

    Har alltid hatt problemer med MS Office helt siden jeg startet med data og Windows 3.11 kom ut. Mulig jeg gjør noe feil som forårsaker dette fenomenet… men skal det nå være slik? Skal ikke dette programmet være intuitivt og «slik at mor selv kan bruke det»?

    OpenOffice (eller Mac-porten NeoOffice) fungerer prikkfritt. Den tar stort sett alle .doc-filer fra MS Office selv om den rekke formatteringsfeil oppstår. Best av alt: Den gjør ingen merkelige formatteringsforandringer uten at du selv aktivt tar ansvar for disse. Du kan også lagre i PDF uten for mye stress (har ikke testa de nye MS Office-pakkene siden Windows 2000 kom ut). Livet er herligere med NeoOffice – får samtidig gratis oppdateringer (og valgfrie varslinger om disse).

Comments have been disabled.