«

»

Faste teigar?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det har vore langt mellom innlegga mine no på seinhausten. Noko av grunnen til dette er at eg tykkjer det er keisamt å skriva innlegg. Hovudgrunnen til at eg i det heile teke har ein vevlogg, er at eg tykkjer det er skrekkeleg artig å skriva koden. Det er difor vevloggen ikkje er hjå vevtenesten Blogspot eller nyttar seg av publiseringssystemet WordPress.

Ikkje misforstå, eg tykkjer Blogspot er eit godt alternativ for dei som berre vil ha ein vevlogg men ikkje bry seg om det tekniske, og sameleis WordPress for dei som er litt tekniske med ikkje giddar å starta heilt frå botn av. Det er ikkje for meg. Eg liker det tekniske. Eg liker å fundera på databasestrukturen, på kva den beste måten for PHP å prata med databasen er, og på mikrosekundsforskjellen mellom echo og print. Artig. Men no nærmar vevloggen min seg teknisk perfeksjon (til mitt bruk, altså; eg tviler på om vevloggen ville fungera godt for andre brukarar med andre referansar for korleis ein vevlogg skal fungera). Eg er tilfreds med det eg har utretta med kodinga mi, og kjem ikkje på fleire funksjonar eg har lyst å leggja til. Diverre syner dette seg i at frekvensen til innlegga gjeng ned, då eg på ein måte ikkje er sluttbrukar men utviklar.

Dette til trass, eg har fått til over 100 innlegg på eit år og fem månader, og det er jo knall. Om lag eit innlegg kvar fjerde dag. Eg ynskjer å halda oppe dette, og kjem ikkje til å gå attende til den gamle vevstrukturen med statiske sider. Eg kjem til å fasa ut dei gamle tekstane, som er restar etter denne strukturen. Eg kjem til å føra dette innhaldet inn i vevloggen, i alle fall dei tekstane eg tykkjer er vits i å taka vare på (dei tekstane som framleis får treff).

Eg har kvidd meg frå å ha faste teigar her. Som filmdagboka syner, får eg ikkje til å halda oppe frekvensen når eg avgrenser meg til eit tema. Kanskje løysinga lell er å ha faste teigar? Dette vil kanskje verta motivasjonen eg manglar, no som kjeldekoden ikkje gjer at veven min brytar saman heile tida. Problemet er at eg er i ferd med å skifta til eksamensmodus no, og då hjelper det ikkje kor stor motivasjon eg har til veven.

Eg må tenkja på dette…

4 comments

Skip to comment form

  1. Odin Hørthe

    Eg slit med mykje av det same. Eg synest det er vekselvis keisamt å skriva. Problemet mitt er at eg ofte vil skriva medan eg er i selskap eller ute og gjer noko. Nett då fær eg stor skrivehug; men ikkje elles.

    Tel du med Nytt i DVD-samlinga som innlegg? Forresten likar eg ikkje at innspel og vevlogg er i same nyhendekjelde, men eg ser no at eg faktisk kann splitta dei opp. Bruker visst den gamle URL-en… So eg fær splitta det opp no (endeleg!)

  2. Simon

    Eg tel ikkje med DVD-ar som nye innlegg, nei. Dei er ikkje ein gong i same database (men eg held på med eit prosjekt no der dei hamnar i same database). Grunnen til at dei er med i infokanalane er «because I can». Hehe.

    Når det gjeld innlegga, ser eg at det går i rykk og napp. Stundom har eg kjempemykje på hjartet, og må kladda ned og spara det til ein dårleg dag, og stundom er det skrivetørke fleire veker i strekk. Og så finst det jo ymse tider av året der eg av logiske årsaker ikkje skriv så mykje. Eksamenstida (typisk frå midt i november til midt i desember og frå midt i april til midt i mai) er nemnt. Eg plas ikkje skriva så mykje i ferietider heller. Jola går med på å eta og sjå film, påska går med på å lada opp batteria, sommaren går med til sommararbeid og sommarkino. Elles i året har eg ingen orsak til å ikkje skriva, men då stundom ikkje veldig stor ihug til å skriva.

    Eg har mange halvferdige kladdar av innlegg, men det vert ofte at kladden berre vert sletta. Det hender seg at eg startar på ein kladd, men så føler eg ikkje at eg veit heilt kvar eg vil med han. Då vert det ikkje til at eg fullfører, og så gjeng det så lang tid at bodskapen har forsvunne frå meg. Eg har til dømes ein kladd om russefeiring på Nesna. Eg fekk ikkje ferdig det innlegget i mai, og no i november ser det innlegget berre dustate ut.

  3. Ola

    Nei, no hadde det vore ekstra artig, vil eg seia.

  4. Odin / Velmont

    Einig med: Ola.

    Forresten skulle eg skriva at eg hev 20 (!) uferdige kladdar på netsida mi. Nokon av desse er yver 2,5 år gamle…

Gje innspel