«

»

Dei beste jolefilmane

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Endeleg desember! Trass i at eg skyr vêret i denne årstida, så er dette favorittmånaden min. Meir no dei siste åra enn tidlegare, merker eg. Det er skikkeleg koseleg å koma heim att. Heim til eit makelaust etegilde som hybelkaninane mine og eg elles berre kan drøyma om på eit studentbudsjett. Heim til ljos og varme i det kalde vintermyrkret. Heim til jolefilmane mine!

Omgrepet jolefilm har noko sentimentalt og klissate over seg, og det er nok av di mange filmar om jol er sentimentale og klissate sukkersøte. Men så er jo jola høgtid for sukkersøtleik, så kanskje det ikkje gjer så mykje lell? Eg har leita i filmhugsen min, og kome fram til ein rekkje filmar eg tilrår (og eit par eg frårår) deg å sjå i jol. Eg skal prøva å gjeva ei breidde på filmane, med litt komikk og skrekk innimellom alle melodramaa, slik at du ikkje må fram med insulinsprøyta heile tida.

Det er bortimot eit halvår sidan den førre topp ti-lista, og for å gjera opp for den lange ventetida, vil dette innlegget innehalda meir enn ti filmar. Det er litt dumt, eg innrømmer såpass, men det er difor eg har titulert innlegget utan å nemna talet 10. Men eg ynskjer å halda på tradisjonane, så av alle filmane her har eg vald ut dei ti beste og rangert desse.

Dei dårlegaste jolefilmane

Før eg kjem til dei gode jolefilmane, må me få unnagjort dei dårlegaste. Tevlinga om denne tittelen er hard, men dei følgjande fem har utmerkt seg som ekstremt ekle, stygge, keisame, fæle, gruelege, vederstyggjelege og tvers gjennom dårlege, sjølv når du er høg på sukker:

#5: Elf

Det kan henda eg er litt lite objektiv med denne, men så er jo alle av desse listene mine personlege meiningar som alt anna eg skriv her på veven. Er du ikkje samd i valet mitt her, så legg gjerne att eit innspel. Kor som er, eg klarar berre ikkje Will Ferrell-komediar! Eg plar å seia at ein film er vellukka viss han gjer det han skal, uavhengig av om eg liker han eller ikkje. Elf prøver veldig hardt å vera artig og småkoseleg, men er berre irriterande. Eg har betre ting å gjera i desember enn å irritera meg grøn over den teite, grøne drakta til Ferrell.

Elf

Ferrell: «øhøhø, sidemål syg!»

#4: Christmas with the Kranks

Dottera i huset skal ikkje feira jol heime i år, så Luther og Nora Krank vil spara pengane til ein sydentur i staden, og droppar difor jolefeiringa. Men plutseleg er dottera på veg heim, og familien Krank må skunda seg å skapa jolestemning. Dette gjeng sjølvsagt ikkje utan problem. Viss eg vil sjå farse, ser eg heller Den spanske flue på NRK. Tim Allen er ikkje artig, har aldri vore artig og kjem aldri til å verta artig!

Christmas with the Kranks

Draumejola for handelsstanden og straumleverandørane

#3: The Santa Clause-serien

Serien handlar om at ein fyr drep nissen med eit uhell, og på magisk vis vert han arvtakaren hans. Stopp. Gå attende. Står det verkeleg «ein fyr drep nissen»?! Nei, nei, nei! Dette er ille. Og gjett kva? Det er Tim Allen som speler hovudrolla! Det at han er representert på plass nummer tre og fire seier deg kanskje noko om kor glad eg er i han. Eg er ikkje aleine. Han var til dømes nominert til to razziar for Santa Clause 3. Tim Allen ? artig

The Santa Clause

Allen: «Hmm, kanskje eg skal urinera på nisseliket, berre for å fullbyrda smakløysa?»

#2: Santa Claus Conquers the Martians

Dette er ein film det er lett å mislika, og han florerer på slike botnlister. Dette kjem truleg av at han faktisk er veldig dårleg. Marsbuarane, som ser ut som mennesker med teite hattar og grøne fjes, flyg til jorda og kidnappar (eller heiter det bortfører i såkalla UFO-terminologi?) nissen av di det ikkje finst nokon på Mars som lagar leiker til ungane deira. Dette skal vera vitskapsdikting og jolekos i eit, men kvasivitskapen er talentlaus (roboten Torg er vanvyrdnad for alle som liker vitskapsdikting. Korleis vågar dei å spotta namnet til Gort?!), og eg får meir jolestemning av å stikka hovudet mitt i skittentykorga mi!

Santa Claus Conquers the Martians

Kan ikkje Tim Allen drepa denne nissen òg?!

#1: Star Wars Holiday Special

Dette er den absolutte verste jolefilmen som finst. OK, dette er eigentleg ikkje ein jolefilm, jf. innlegget eg har skrive om den, men den har mange element av jolefeiring. Me finn mellom anna eit digert joletre med mot slutten, Malla – kona til Chewbacca – bakar jolekaker, Luke har klyppa håret og sminka seg så flott, Chewbacca har ein fin og raud jolekjole på seg, og både Bea Arthur og prinsesse Leia syng kvar sin song. No klarte eg å få meg sjølv til å gråta, så ille er dette…

Star Wars Holiday Special

Ingen wookieejol utan wookieekaker

Litt betre jolefilmar

Etter sånt møker, treng me å sjå gode filmhistorier. Eg kjem til dei beste om litt, berre ha tolmod. Sjølv jediriddarar må taka seg tid til å eta! Eg storkoser meg med dette innlegget no, og har tenkt å nytta mange dagar på det. Filmane som følgjer no er i urangert rekkjefølgje:

Flåklypa Grand Prix

Denne filmen finst ikkje spott av jol i, men eg assosierer den med høgtida av di familien min plar å sjå han kvar jolaftan. Dette er ein skikkeleg koseleg familiefilm, og utan tvil ein av dei beste filmane i den norske filmhistoria. Jolefilm eller ikkje, alle lyt sjå han.

Flåklypa Grand Prix

«Jasså, dykk sit og glor?»

Batman Returns

Det er jol i Gotham, og Max Shreck (er han oppkalla etter skodespelaren i Nosferatu?) legg skumle planar saman med Pingvinen. Kan Lynvingen hamla opp med den dødelege duoen? Og kva med Kattekvinna? Flaggermus + katt = gneistar. «Mistletoe can be deadly if you eat it», flørtar Lynvingen som den nerden han er. «A kiss can be even deadlier if you mean it», svarar Kattekvinna oppmodande. Tim Burton briljerte med fyrstefilmen, og denne oppfølgjaren skriv seg inn i på eksklusiv liste av oppfølgjarar som faktisk er betre enn fyrstfilmen. Dei er få, men gode. Du får kanskje ikkje den beste jolekjensla av filmen, men dæven døtte for nokre fantastiske visuelle inntrykk du får.

Batman Returns

Jolestemninga er på topp i Gotham

Serendipity

Før Kate Beckinsale var råsexy vampyr i Underworld, og før John Cusack spelte i mykje dritt, spelte dei saman i denne koselege filmen. Mann møter kvinne. Mann forelskar seg i kvinne. Kvinne forsvinn. Mann leitar etter kvinne. Ganske standard oppskrift på denne typen film, men Hugh Grant speler i det minste i den! Jola har rett nok berre nokre få minutt av speletida.

Serendipity

Sjekketriks: teikn eit stjernebilete mellom føflekkane til dama

Lethal Weapon

Ein svært stemningsfull film frå Richard Donner. Verdt ein titt, om ikkje for anna enn superprestasjonen av Mel Gibson då han framleis var god.

Lethal Weapon

«I’m too old for this shit!»

Kiss Kiss Bang Bang

Fantastisk god film med eit fantastisk godt manus, fantastisk god regi og fantastisk godt skodespel. Regi og manus er av Shane Black, som skreiv manuset til Lethal Weapon. Viss eg skulle rangera desse nesten-filmane, ville denne vore på topp. Så kvifor er han ikkje på topp? For lite jol.

Kiss Kiss Bang Bang

«I call it my faggot gun.»

Reisen til Julestjernen

Denne har vel alle sett, men om det finst nokon som ikkje har det: her er ein god norsk jolefilm.

Reisen til Julestjernen

Leikefabrikken drivast av slaveungane til nissen

Black Christmas

Eit systerskap ved høgskulen har den siste tida fått ekle og etter kvart slibrige telefonsamtalar. Når plutseleg ei av jentene forsvinn sporlaust, byrjer telefonsamtalane å verta meir aggressive og skumle. Dessutan luskar det nokon rundt i huset, og jentene vert drepne ei etter ei. Det seier seg sjølv at dette ikkje er filmen du ser for jolestemninga. Med unnatak av filmtittelen og litt glorete jolepynt i kulissane, så er det ingenting om jol i filmen. Men for ein film det er! Genialt skrive, utruleg godt handsama og tvers i gjennom spennande. Dette er den beste filmen eg har sett innan den såkalla «slasher»-sjangeren, og det til trass av at det er svært lite grafisk vald. Psykisk terror, derimot, er det meir enn nok av. I fjor kom ei nyinnspeling av denne filmen. Sjølvsagt kan ikkje nyinnspelinga måla seg med denne. Eg meiner, kva farsken var vitsen med å gjeva antagonisten ei bakgrunnshistorie og eit namn? Heile poenget med originalfilmen var at me ikkje visste kven mordaren var, men her får me frå starten av vita at det er ein pasient med tragisk barndom som nyleg har rømt frå sinnsjukehuset for å dra attende til barndomsheimen sin. [sarkasme]Hmm, kor har eg sett det før?[/sarkasme] Det er overtydeleg at regissør-manusforfattaren er meir inspirert av Halloween enn den originale Black Christmas. Men ny-filmen er verdt ein titt lell. Michelle Trachtenberg (ja, det er systera til Buffy, for dei som er nerdate for den serien) speler jo i han.

Black Christmas

«Let me lick your pretty pink cunt.»

Edward Scissorhands

Dette er eventyret om kvar snøen kjem frå. Her har du Johnny Depp før han selde seg til Bruckheimer/Disney, Winona Ryder før ho vart kleptoman og Anthony Michael Hall før han vart borte frå filmverda. Og Tim Burton presenterer ein svært spennande visuell stil: ein pastellhelveteforstad med eit gotisk slott som bakgrunn. Det er utruleg artig å vera filmtittar når regissørar vågar å satsa på kulissar som skil seg ut.

Edward Scissorhands

Vincent Price hjelper til med jolebaksten

Jingle All the Way

Dette er ein av dei meir materialistiske filmane i dette innlegget, berre slått av den med marsbuarane. Men i motsetnad til den ekle filmen, er denne litt løye. Han handlar om ein travel far som går glipp av alle høgdepunkta i livet til sonen. For å gjera opp for dette, lovar han å gjeva honom den tøffaste, råaste, stiligaste og mest populære leiken på marknaden: Turbomann-figuren. Det er berre eit problem. Det er jolaftan, og ingen leikebutikkar har figuren på lager lenger. Faren spelast av ingen ringare enn Arnold Schwarzenegger. Det filmen manglar i jolestemning, tek han att i terminator-vald mot brutale kjempenissar, små nissedvergar og levande reinsdyr! Ikkje like spennande og rå som grizzly-bjørnkampen i Hercules i New York, men Arnold-hugfolk vert ikkje skuffa. Og det er umogleg å ikkje lika Phil Hartman (for meg mest kjend som Troy McLure og Lionel Hutz i The Simpsons). Som ein ekstra liten kurositet, speler Jake Lloyd sonen, og filmen var truleg bidragsytar til at Lloyd fekk rolla som Anakin Skywalker i Star Wars: Episode I – The Phantom Menace seinare.

Jingle All the Way

«Put that cookie down. NOW!»

National Lampoon’s Christmas Vacation

Dette er filmen dei fleste familiane kan kjenna seg att i. Det er snart jolaftan, og stresset med jolegåver og slitsame familiemedlemer tek på. Du har sett standarden alt for høgt, og i arbeidet med å få til den perfekte jola, gløymer du bort at jola ikkje handlar om pynten eler treet. Når attpåtil jolebonusen vantar, er du i ferd med å gå frå vettet før jola ringjast inn. Slik er det i alle fall for familien Griswald, men pappa Clark prøver så godt han kan å taka det heile med eit smil.

National Lampoon's Christmas Vacation

Uff, floken på joletreljosa er vrien å få opp.

Miracle on 34th Street

Trur du på nissen? Det gjer ikkje vesle Susan. Men så møter ho Kris Kringle, ein gammal mann hevdar at han er den ordentlege nissen. Kjem Susan til å få barnetrua si? Og kva med mamma Doris, ulukkeleg gift og skilt att, og som no fostrar dottera si opp til ei verd der fantasi og eventyr ikkje høyrer heime? Eller psykologen, sjefen for kjøpesenteret Macy’s og den kjekke (og single) advokatnaboen til Doris og Susan? Dette er eit moderne eventyr, og eg tek meg sjølv i å glisa mange gonger utover filmen. Det er ein riktig fin film om barnetru. Dette til side, tykkjer eg ikkje at jola handlar utelukkande om nissen – og særskilt ikkje ein kjøpesenternisse i Coca-Cola-nissedrakt. Difor har eg alltid litt småproblem med denne filmen. Dei mange nyinnspelingane har eg ikkje sett.

Miracle on 34th Street

Utruleg nok lansert i mai det året han kom ut. Respekt til marknadsandsvarleg i Fox!

Dei beste jolefilmane

Endeleg er me framme hjå topp ti-lista. Det er så mange filmar men akk så liten plass. Men når det er berre skal vera ti i ei topp ti-liste, så må eg berre finna meg i dette. Eg skal ikkje utsetja det meir. Her er dei ti beste jolefilmane:

#10: Bad Santa

Herleg svart humor av Terry Zwigoff (Ghost World). Filmen handlar om den miserable Willie som saman med dvergen Marcus ranar kjøpesenter i jola. Dei tek seg dekkarbeid som nisse og nissehjelper, og så, etter stengjetid på jolaftan, stikk dei av med alle pengane i pengeskapet og så mange dyre varar som dei kan få med seg. Problemet er at Willie, som speler nissen, er ei alkoholisert og avdanka orsak av ein mann, utan livsglede. Dette er ikkje heilt heldig for dekkhistoria viss nissen stinker sprit, piss og oppkast på jobben, og fleire vanskar er i vente når vaktsjefen på årets kjøpesenter er på sporet, og ein feit og sosialt utilpassa gutunge blindt trur på at Willie er nissen. Du får neppe så mykje av den varme, hjartelege kjensla som til vanleg kjem med jolefilm, men til gjengjeld får du sjå boksing mellom ein dverg og ein feit unge, og ein bartendar som knullar nissen!

Bad Santa

Gode barneminne

#9: Love Actually

Romkom (romantisk komedie) er ein filmtype eg til vanleg vert svært arg av. Eg veit eg stundom kan uttala meg ganske krast mot romkom med Hugh Grant, men denne er ikkje ein av dei. Kanskje av di Grant ikkje har så stor ei rolle, men mest av di filmen er velskriven og godt utført. Dessutan er jo Bill Nighy, Alan Rickman, Liam Neeson, Emma Thompson, Martin Freeman, Keira Knightley og Laura Linney her for å dempa Hugh Grant-faktorane litt. Frå spøk til amor, denne filmen kan få den mest kyniske av oss til å kjenna varmen og kjærleiken.

Love Actually

«Christmas is all around us»

#8: Gremlins

Dette er filmen du elska då du var born, hata då du såg han på ny i vaksen alder, men som til slutt grodde på deg og no digger du honom. Filmen handlar om det ultimate kjæledyret: ein mogwai. Men du må passa på, han toler ikkje skarpt ljos, han må ikkje vera i kontakt med vatn og du må aldri, aldri mata honom etter midnatt. Sjølvsagt brytast alle reglane i filmen, og kaos følgjer. Så kor er jolestemninga? Overalt! Skjønt litt kitsch. Men det er nett difor han står så høgt hjå meg. Filmen er full av utruleg håret handling og dialog, til dømes når Kate fortel at ho oppdaga at nissen ikkje finst av di faren hennar, iført nissedrakt, hadde knekt nakken i det han skulle klatra ned pipa då ho var ni år. Haha, makelaust! Eller når ei husmor oppdagar ein gremling på kjøkenet. Ho kan velja og vraka mellom knivar, gaflar, kjevler, steikepanner og andre skarpe/harde kjøkengjenstander som våpen, men kva gjer ho? Ho hiv utysket inn i mikroen, og ser på når det eksploderer i eit einaste grønt gørr. Fantastisk!

Gremlins

Jolemusikk…

#7: Simpsons Roasting on an Open Fire

Homer fekk ikkje jolebonusen sin i år, og dimed heng både jolemiddagen, joletreet og jolegåvene i ein tynn tråd. Må han synka så lågt som å verta kjøpesenternisse for å tena ekstra pengar? Dette er den fyrste episode av The Simpsons, og kanskje også den beste.

The Simpsons S01E01 - Simpsons Roasting on an Open Fire

… og jolesong.

#6: The Nightmare Before Christmas

Denne filmen er på eit vis ein kritikk mot jol i handelsstanden (m.a. jolebrus og jolegodt i butikkane i oktober), men er samstundes ei hylling til jola som familietradisjon. Sjølv om det er Henry Selick som har regien, så står Tim Burton kreativt bak (filmen baserer seg på teikningane og diktet hans). Og når Burton står bak, er det aldri keisamt for filmtittaren.

The Nightmare before Christmas

Er det ikkje litt tidleg å gå jolebukk 1. november?

#5: Sagan om Karl-Bertil Jonssons julafton

Med si halvtime lange speletid, klarar denne satiriske kortfilmen å få fram både jolekos og jolehumor langt betre enn dei føregåande filmane på lista. Kortfilmen handlar om ein gut som stel jolegåver frå dei rike og gjev til dei fattige – til glede for mange og irritasjon for den kapitalistiske, høgrevendte Herr Jonsson, faren.

Sagan om Karl-Bertil Jonssons julafton

Herr Jonsson: «Jag har närt en kommunist vid min barm!»

#4: The Muppet Christmas Carol

Dette er Muppet-versjonen av den kjende joleforteljinga åt Charles Dickens. Det er nesten umogleg å ikkje ha med ein einaste film basert på Dickens. Du kan nesten ikkje gjera feil med forteljinga om Ebenezer Scrooge. Eg har berre vald ut ein film, men det er på ingen måte eit bodskap om at resten er dårleg. Sjå dei òg, om du vinn. Filmen eg har vald, Muppet-versjonen av Eit jolekvad, klarar å spleisa jolestemninga hjå Dickens med den litt småsære humoren til muppetane på eit vidunderleg vis.

The Muppet Christmas Carol

Froskar, grisar, kaninar, rotter, rare forskarar og griske forretningsmenn et kalkun til jolemiddag

#3: Die Hard og Die Hard 2

Er du lei av sentimentalt kliss, set du på ein av desse! John McClane er den hardbarska samtidshelten alle digger, og i dei to fyrste filmane forstyrrer dei stereotypiske terroristane jolefeiringa hans. Ingen kødder med joleferien til McClane ustraffa!

Die Hard

«Yippee-ki-yay, motherfucker»

#2: Home Alone og Home Alone 2

Eit fantastisk manus av John Huges, eit herleg skodespel frå mellom anna Joe Pesci og Macaulay Culkin, og utruleg artig fysisk komikk. Bløtkakehumor fungerer som berre det! Men gjer deg sjølv ei teneste: ikkje sjå nummer 3, og sky nummer 4 om pesten. Dei to fyrste er dei beste i serien.

Home Alone

No tennast tusen joleljos

#1: It’s a Wonderful Life

George Bailey er på randen av konkurs, og livet ser myrkt ut for honom og familien hans. George skulle ynskja han ikkje hadde funnest, då hadde alle rundt honom hatt det betre. Ein vingelaus engel kjem ned til jorda på jolaftan for å hindra George å taka sjølvmord, og tek honom med til ei alternativ verd der han aldri vart fødd. Dette meisterverket av Frank Capra er myrk og trist, og grip verkeleg tak i hjarterota. Eg var budd på mykje sentimentalitet og kliss (og dimed keisemd, trudde eg) då eg såg filmen fyrste gong, men den meisterlege regien drog meg inn i historia, og gav meg rundjuling for å ha tvilt. Trass i mitt barske og maskuline ytre og mitt kyniske misantropiske indre, så storgret eg den gongen, og gav meg ny tru på menneskja. Ikkje minst klarte filmen å vekkja jolestemninga mi etter at ho hadde vore nærmast i koma dei fem førre åra. No ser eg filmen kvart år, og har fått jola slik eg hugsar henne frå barndommen attende. Er ikkje filmmediet vedunderleg?

It's a Wonderful Life

God jol!

13 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Odin / Velmont

    Haha. Herleg lista. Må sjå denne beste filmen.

  2. Simon

    Ja, det vonar eg du får høve til å gjera. Det er ein sånn film som alle rynkar litt på nasen og/eller gjer narr av før dei faktisk har sett han, men som tek det attende når dei faktisk ser han. Han figurerer forresten i Home Alone-filmane. I den fyrste sit familien og ser han med franske røyster (dei er i Paris), og i den andre er det spanske røyster (dei er i Florida. Eg er ikkje heilt stø på geografi, men Florida er vel ein engelsktalande stad, er det ikkje?). Den er òg i den fjerde. Då på engelsk, av di han er produsert av Disney, og dei er så politisk korrekte av seg at dei ikkje ein gong vågar å gjera narr av ein klassisk film.

  3. Synnøve

    Eg ser at du ikkje likar Will Ferrell-komediar. Har du sett «Stranger than Fiction»? Ferrell spelar ein keisam rekneskapsførar som ein dag finn ut at han er hovudperson i ein roman som held på å verta skriven. Diverre syner det seg at forfattaren (Emma Thompson) har for vane å ta livet av karakterane sine… Veldig kul film!

  4. Simon

    Eg kom nett på ein film eg har gløymt heilt bort: Med Grimm og gru, som òg går under titlane Rock’N’Roll Wolf og Ma-Ma. Filmklubben sender han i morgon, og eg gler meg som ein unge på jolaftan. Kanskje ikkje så mykje jol, men så absolutt familiehygge og jolekjensle, jf. Flåklypa. Basert på eventyret om ulven og dei sju geitekillingane, og stappfull av grandiose song- og dansenummer. Mommy’s home!

    Synnøve: Nei, eg har ikkje sett Stranger than Fiction. Ganske enkelt av di eg styrar unna filmar eg ser Ferrell speler i. Men eg har høyrt at filmen ikkje skal vera ein typisk Ferrell-komedie.

  5. Synnøve

    Eg trur ikkje eg har sett nokon «typiske Ferrell-komediar», so det er litt vanskeleg aa svara paa, men StF er i alle höve ein god film, som eg trur det kan vera verd aa bryta Ferrell-boikotten for…

  6. Simon

    Med Grimm og Gru sendast klokka 20.00 på NRK3 litlejolaftan! Hurra!

  7. Simon

    Og klokka 11.00 på NRK1 om morgonen på nyttårsaftan… Dobbelhurra!

  8. Odin / Velmont

    Er det lurt å sjå dette? Kva er det?

  9. Simon

    Det er ein russisk-fransk-rumensk rockemusikalversjon (med engelsk tale) av eventyret om ulven og dei sju geitekillingane. Les omtaler hjå Filmforumet, Filmklubben, programsida åt NRK og IMDb.

  10. Simon

    Rotten Tomatoes har laga ei liste med jolefilmar. Godt å sjå at mange av mine favorittar finst der, og dei hadde eit par overraskingar. Og sjølvsagt eit par eg er heilt usamd i (t.d. Elf).

  11. Simon

    Film School Rejects har laga ei liste med dårlege jolefilmar. Tim Allen ≠ artig er nesten ei matematisk sanning.

  12. Jamie

    Jeg kjøpte faktisk It’s A Wonderful Life til min mor for hennes bursdag noen dager siden.
    Dette var en flott liste. Slikt som dette får meg i julestemning, men jeg må si jeg er veldig uenig i at Santa Clause er en dårlig film. Etterfølgerene derimot er helt elendig. Min personlige favoritt julefilm er nok Gremlins.

  13. Karl Ove Hufthammer

    Her burde du nemnt Scrooge frå 1970 – musikalversjon av «Ei julefortelling» («Eit julekvad»), med Albert Finney i hovudrolla. Eg har sett mange versjonar av «Ei julefortelling», og eg synest få er serlig gode. Denne her er fantastisk på absolutt alle måtar, ikkje minst grunna hovudrolleinnehavaren.

    Det er kjempevanskelig å spela Ebenezer Scrooge på ein god måte, då han i utgangspunktet er ein veldig flat/eindimensjonal figur, som startar som ein ekstremt og urealistisk sur grinebiter, får besøk av nokre skrømt, og plutselig er blitt snill. Ganske urealistisk. Albert Finney klarar kunstykket å framstilla Scrooge og forvandlinga hans på ein fullstendig truverdig måte! Me trur på Scrooge og det som skjer med han. Og det i ein musikal!

    Nei, eg har berre godord å seia om denne filmen. Fantastisk skodespelarprestasjonar, fantastiske miljøskildringar, med skikkelig julestemning, og fleire fantastisk fengande songar. Eit par av scenane er til og med direkte rørande. Varmt anbefalt!

    Filmen finst for øvrig på DVD i Norge, med norsk tekst.

Gje innspel