«

»

Korleis leggja inn ein søkjemotor som hurtigtast i Opera

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Opera er verdas beste nettlesar. Den er mykje mindre, mykje raskare og langt betre enn Internet Explorer. Opera mange svært kjekke funksjonar som IE ikkje har. Opera kjem på nynorsk, og det er meir enn god nok grunn til å kasta Internet Explorer i søpla for godt. Ein annan svært kjekk funksjon i Opera er søkjemotorar som snøggsøk. Du skriv inn snøggsøket i adresselina, og vips vil Opera senda søkjeordet til søkjemotoren. Det følgjer med eit par snøggsøk frå før, men det er mogleg å leggja inn fleire sjølv. Tidlegare var det litt vanskeleg, men med Opera 9 fekk me ein innebygd funksjon til dette.

Korleis fungerer snøggsøk?

For å nytta snøggsøk, skriv du søket ditt rett inn i adresselina. Du skriv det slik: [nykel søkjeord]. I dette dømet har eg lyst å lesa i vevloggen min, men har gløymd adressa. Men eg hugsar at det var noko med «Boba» i, og eg hugsar at vevloggen hadde tittelen «Simon seier». Eg finn ut at eg skal prøva å søkja etter dette med Google. Snøggsøkenykelen til Google er g:

g boba "simon seier" vevlogg

Opera ser at du har skrive ein snøggsøkenykel i staden for vanleg vevside, og sender difor søkjeorda dine til søkjemotoren. Du får opp alle treffa:

Treffa i Google

Den nye måten

Det er ganske enkelt å leggja til søkjemotorar i Opera 9. Når du finn ein søkjemotor du vil laga snøggsøk av, høgreklikkar du i søkjefeltet. Vel «Lag søk…». I menyen du no får opp, skriv du inn kva snøggsøkenykelen skal vera, og vips er søkjemotoren lagt til. Vil du endra snøggsøka dine seinare, går du til menyen «Verktøy»–«Innstillingar…»–«Søk». No kan du endra, leggja til eller sletta snøggsøka dine. Vil du ha meir kontroll, lyt du sjå på den gamle måten. Denne er meir avansert, men gjev full kontroll.

Den gamle måten

I hovudkatalogen til Opera, som du finn ved å skriva opera:about i adresselina (i Opera, sjølvsagt!), ligg det ei fil som heiter search.ini. Denne fila kan du opna du i eit kva som helst tekstprogram (eg tilrår Notisblokk, Textpad eller tilsvarande). Pass på at nettlesaren ikkje køyrer når du skal lagra fila. I search.ini finn me alle snøggsøka. Her er til dømes Google:

[Search Engine 1]
Name=&Google
Verbtext=0
URL=http://www.google.com/search?q=%s&sourceid=opera&hl=nn&num=%i&ie=utf-8&oe=utf-8
Query=
Key=g
Is post=0
Has endseparator=0
Encoding=utf-8
Search Type=0
Verbtext=17063
Position=-1
Nameid=1632215285
Deleted=0

Eg skal ikkje gå inn på kva alle linene tyder, men eg vil forklara dei viktigaste av desse:

[Search Engine 1]
Dette er ganske sjølvforklarande. Dette er søkjemotor nummer ein. Men når du byrjar å leika deg med fila, er det viktig å passa på at søkjemotorane kjem i rett rekkjefølgje. Ingen av tala kan stå fleire gonger, og du kan heller ikkje hoppa over eit tal. Det neste snøggsøket altså vera «[Search Engine 2]», ikkje 3, 0 eller Æ.
Name
Det er også ganske sjølvforklarande at dette er namnet på snøggsøket. Du treng ikkje kalla Google «Google». Namnet synast berre i menyane dine. Merk at det står eit &-teikn der. Dette gjer det mogleg å nytta tastaturet til å velja snøggsøket når du er inne i menyane. Den bokstaven som kjem rett etter teiknet vil verta tastatursnarveg (her ALT + G). Du treng ikkje taka &-teiknet med, men gjer du det så kan det vera lurt å ikkje velja same bokstav to gonger.

Is post
Me kan senda søkjeord til søkjemotorar på to måtar. Den eine, som Google nyttar, kallast GET, og då vert søkjeorda lagt til adressa. Den andre kallast POST, og då vert søkjeorda ikkje lagt til adressa. Opera må vita om metoden er POST eller GET, som høvesvis har verdien 1 og 0 her.
URL
Dette er adressa til søkjemotoren. Viss metoden er GET, vil Opera sjå etter «%s». Når du skriv inn eit søkjeord, vil Opera byta ut «%s» i denne adressa med søkjeordet ditt.
Query
Viss metoden er POST: Her kjem verdiane som sendast til søkjemotoren. Opera ser etter «%s», og byt dette ut med søkjeorda dine. Er metoden GET, står denne tom (verdiane samt «%s» er jo allereie i URL då).
Key
Dette er snøggsøkenykelen. Dette kan vera kva som helst, men du kan ikkje ha same nykel to gonger. I dømet vårt er han «g», men eg kan like gjerne ha kalla han «s», «google» eller «1138» (du kan altså nytta bokstavar og tal, og kan nytta fleire teikn).

Me leita etter «g boba "simon seier" vevlogg», og då oppfatta Opera nykelen «g». Lesaren leita opp snøggsøket i fila, og fann ut at det nytta metoden GET. Difor leita lesaren etter «%s» i adressa «google.com/search?q=%s…». Så sette Opera søkjeorda inn i adressa, og sendte oss til «google.com/search?q=boba+%22simon+seier%22+vevlogg…».

OK, lat oss no leggja til eit nytt snøggsøk. Denne gongen ein søkjemotor som leitar i ordboka. I fila mi står det 32 snøggsøk frå før, så det nye snøggsøket må vera 33. Eg vil at namnet skal vera «Ordbok», at eg får tastatursnarvegen ALT + B i menyane, og at snøggsøkenykelen er «ord». Metoden denne søkjemotoren nyttar er GET:

[Search Engine 33]
Name=Ord&bok
Verbtext=0
URL=http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=%s
Query=
Key=ord
Is post=0
Has endseparator=0
Encoding=iso-8859-1
Search Type=0
Position=-1
Nameid=0
Deleted=0

Etter å ha lagra fila, kan me testa snøggsøket i Opera ved å skriva til dømes «ord snøgg» i adresselina. Hurra, eg fann adjektivet; Dette fungerte! Her er eit par andre snøggsøk du kan leggja til (alle med GET som metode):

  • IMDb: http://www.imdb.com/find?q=%s
  • WikiPedia: http://nn.wikipedia.org/w/index.php?search=%s
  • Wookieepedia: http://starwars.wikia.com/wiki/Special:Search?search=%s&go=Go
  • Filmdatabasen åt Medietilsynet: http://film.medietilsynet.no/Filmdatabase/Soek?SokTekst=%s
  • Telefonkatalogen: http://www.gulesider.no/tk/search.c?q=%s&x=0&y=0
  • Embla: http://embla.is/mm/embla/?s=%s&stype=normal
  • StarWars.com: http://www.starwars.com/search?query=%s
  • Play.com: http://www.play.com/Search.aspx?searchtype=allproducts&searchstring=%s&page=search&pa=search&go.x=0&go.y=0

Gje innspel