Nynorsksensur

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Då eg arbeidde med det førre innlegget her i vevloggen, fekk eg ein førespurnad frå redaktøren av tre nordlandsaviser. Han ville gje meg eit frilandsoppdrag som gjekk ut på å omtala jolefilmar etter eige val. Oppdraget vart grunngjeve med at eg er den redaktøren kjenner med «desidert mest peiling på film», og vona difor at eg kunne skriva teksten for dei.

Det kunne eg sjølvsagt ha gjort. Eksamensperioden nærma seg, men eg hadde jo allereie gjort førearbeid på vevlogginnlegget mitt, og hadde difor ein god stad å starta. Men så small bomba:

Dessverre må jeg ha dette på bokmål – jeg kunne godt hatt det på nynorsk om det hadde vært en kronikk, men som reportasje blir det litt feil her i Bodø.

Feil?! Det einaste som er feil, er å tru at nynorsk ikkje er eit brukande språk! Dei tre avisene høyrte til Rana, Bodø og Sortland, som alle er, saman med atten andre herad i Nordland fylke, målnøytrale! Kvifor skal nynorsk vera «feil» her då?

Viss dette hadde vore bokmålsherad, ville det likevel ikkje vera grunn til å påstå at nynorsk er feil. Det er nemleg slege fast i norsk lovgjevnad at «bokmål og nynorsk er likeverdige målformer» (mi utheving). Dette tyder at det spelar inga rolle om du held til i målnøytrale Rana, i nynorske Voss eller i bokmålsfælslege Lillehammer. Det er ikkje den stad i Noreg der nynorsk er feil.

Det er ufatteleg mange andre forhold i Noreg som gjer at den påstanden er både galen, provoserande og idiotisk. Det høyrer sjølvsagt til historia at eg takka beint nei. Sånne tåpelege haldningar nektar eg å finna meg i, og ikkje fanden om eg vil krypa i bokmålsstøvet berre for litt lommepengar.

Difor vonar eg at du, lesar av bloggen min, kosar deg ekstra mykje med jolefilmlista mi. Du får ikkje den nemleg ikkje i aviser i Bodø, Sortland eller Rana!

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/12/nynorsksensur/

2 comments

  1. Ja, off. Eg er so einig. Grrr. Eg fekk ikkje eksamenen min på nynorsk heller.

    • Synnøve on 12. desember 2007 at 0:21

    Jippi! Der fekk dei. Staa paa! 😀

Comments have been disabled.