Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
[important]Oppdatert med ny rettskrivingsnormal av 1. august 2012. Sjå innspel under innlegget[/important]
Her er ein kjekk tabell med personlege varaord1. Du finn både norsk og bokmål her.
Eintal |
Nemneform |
Objektsform |
Eigeform |
Kjønn |
|||
---|---|---|---|---|---|---|---|
norsk | bokmål | norsk | bokmål | norsk | bokmål | ||
Fyrste person | eg | jeg | meg | meg | min | min | Hankjønn |
mi | mi | Hokjønn | |||||
mitt | mitt | Inkjekjønn | |||||
mine | mine | Fleirtal | |||||
Andre person | du | du | deg | deg | din | din | Hankjønn |
di | di | Hokjønn | |||||
ditt | ditt | Inkjekjønn | |||||
dine | dine | Fleirtal | |||||
De eller Dokker | De | Dykk eller Dokker | Dem | Dykkar eller Dokkar | Deres | Høfleg tiltale | |
Tredje person | han | han | han, tidl. honom | ham | hans | hans | Hankjønn |
ho | hun | henne | henne | hennar | hennes | Hokjønn | |
det | det | det | det | dets | Inkjekjønn | ||
Fleirtal |
Nemneform |
Objektsform |
Eigeform |
Kjønn |
|||
norsk | bokmål | norsk | bokmål | norsk | bokmål | ||
Fyrste person | me eller vi | vi | oss | oss | vår | vår | Hankjønn |
vår | vår | Hokjønn | |||||
vårt | vårt | Inkjekjønn | |||||
våre | våre | Fleirtal | |||||
Andre person | de eller dokker | dere | dykk eller dokker | dere | dykkar eller dokkar | deres | |
De eller Dokker | De | Dykk eller Dokker | Dem | Dykkar eller Dokkar | Deres | Høfleg tiltale | |
Tredje person | dei | de | dei | dem | deira | deres |
- Varaord = pronomen [↩]
1 comment
Author
Frå 1. august 2012 kom ei ny nynorsk rettskriving. Endringane i denne tabellen er som følgjer:
Fleirtal andre person heita tidlegare: de – dykk – dykkar. No kan du velje mellom de – dykk – dykkar eller den nye dokker – dokker – dokkar. Det er (som alltid) viktig å vera konsis. Det går ikkje an å blanda formane!
Døme på bruk: «Har de fått med dykk alle tinga dykkar?» eller «Har dokker fått med dokker alle tinga dokkar?»
Eintal tredje person hankjønn heita tidlegare: han – honom – hans. No heiter det han – han – hans.
Kva form skal du velja? Det er fullstendig opp til deg sjølv.
I dialekta mi seier me: dåkk – dåkker – dåkkers, så det kan nok hende at eg kjem til å bruke dokker – dokker – dokkar. Men eg vil prøve å halda på de – dykk – dykkar. I personleg bruk kjem eg dessutan til å halda på honom, av di «han» i objektsform høyrast feil ut!