Varaord

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

[important]Oppdatert med ny rettskrivingsnormal av 1. august 2012. Sjå innspel under innlegget[/important]

Her er ein kjekk tabell med personlege varaord1. Du finn både norsk og bokmål her.

Eintal

Nemneform

Objektsform

Eigeform

Kjønn

norsk bokmål norsk bokmål norsk bokmål
Fyrste person eg jeg meg meg min min Hankjønn
mi mi Hokjønn
mitt mitt Inkjekjønn
mine mine Fleirtal
Andre person du du deg deg din din Hankjønn
di di Hokjønn
ditt ditt Inkjekjønn
dine dine Fleirtal
De eller Dokker De Dykk eller Dokker Dem Dykkar eller Dokkar Deres Høfleg tiltale
Tredje person han han han, tidl. honom ham hans hans Hankjønn
ho hun henne henne hennar hennes Hokjønn
det det det det dets Inkjekjønn

Fleirtal

Nemneform

Objektsform

Eigeform

Kjønn

norsk bokmål norsk bokmål norsk bokmål
Fyrste person me eller vi vi oss oss vår vår Hankjønn
vår vår Hokjønn
vårt vårt Inkjekjønn
våre våre Fleirtal
Andre person de eller dokker dere dykk eller dokker dere dykkar eller dokkar deres
De eller Dokker De Dykk eller Dokker Dem Dykkar eller Dokkar Deres Høfleg tiltale
Tredje person dei de dei dem deira deres
  1. Varaord = pronomen []

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/12/varaord/

1 comment

    • Simon on 2. august 2012 at 22:17
      Author

    Frå 1. august 2012 kom ei ny nynorsk rettskriving. Endringane i denne tabellen er som følgjer:

    Fleirtal andre person heita tidlegare: de – dykk – dykkar. No kan du velje mellom de – dykk – dykkar eller den nye dokker – dokker – dokkar. Det er (som alltid) viktig å vera konsis. Det går ikkje an å blanda formane!
    Døme på bruk: «Har de fått med dykk alle tinga dykkar?» eller «Har dokker fått med dokker alle tinga dokkar?»

    Eintal tredje person hankjønn heita tidlegare: han – honom – hans. No heiter det han – han – hans.

    Kva form skal du velja? Det er fullstendig opp til deg sjølv.
    I dialekta mi seier me: dåkk – dåkker – dåkkers, så det kan nok hende at eg kjem til å bruke dokker – dokker – dokkar. Men eg vil prøve å halda på de – dykk – dykkar. I personleg bruk kjem eg dessutan til å halda på honom, av di «han» i objektsform høyrast feil ut!

Comments have been disabled.