«

»

Blu-ray V.S. HD-DVD: The Final Battle

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Då er eg attende i Nidaros, og er på avvenning etter sukker- og feittoverdosen, også kalt joleferie. År 2008 starta med gledelege nyhende for HD-entusiastar. Den pågåande formatkrigen – eller bitchfighten som det heiter på bokmål – ser ut til å verta avgjort i løpet av året.

For dei som ikkje heilt veit kva som står på: tenk attende til då heimevideoen kom. Då stod det i hovudsak mellom Betamax, Video 2000 og VHS. Jamvel om Betamax var overlegent betre i biletkvalitet, stod VHS-lægeret som sigerherrar då slaget var over av di dei hadde fleire titlar i arkiva sine. Spol fram til 2007, og ein liknande formatkrig oppstår. DVD-formatet, som har gjeve forbrukaren mykje meir for pengane enn det VHS gjorde, har avtent lang og tru teneste i 10 år. Digitalt fjernsyn er i emninga, og det seljast breidskjermsfjernsyn med det merkelege klistremerket «HD Ready» på. To nye videospelarar vert lansert. Den eine speler eit format som kallast Blu-ray, den andre speler eit format som heiter HD-DVD.

For den gjenge forbrukaren, dei som ikkje heilt veit kva det vil seia at fjernsyna er «HD Ready», er forskjellen mellom desse formata heilt uvesentleg. Det einaste som er vesentleg her, er at båe formata ytar langt betre enn DVD. Med tanke på diskplass, tek HD-DVD om lag 30 gigabyte, og Blu-ray om lag 50 gigabyte. Det gamle formatet, DVD, tek om lag 8,5 gigabyta. Du kan altså få inn ein heil sesong X-files på ei Blu-ray-plate utan at det vert dårlegare kvalitet enn DVD. Dette tyder òg at om du kjøper ein film i ein av desse nye formata, vil han ha langt høgare oppløysing og sjå utruleg bra ut. DVD-biletet har 720×576 bileteiningar («pixel»), medan HD-formata har 1920×1080 bileteiningar. Viktig er det her å påpeika at HD i «HD Ready» og i HD-DVD ikkje har noko med kvarandre å gjera. Eit «HD Ready» fjernsyn får utnytta både Blu-ray og HD-DVD fullt ut, og båe desse formata er HD-format.

Før eg held fram, vil eg påpeika at eg nok er blant den gjengse forbrukaren. Eg er den fyrste til å innrømma at eg kanskje kjøper meir videoar enn gjennomsnittet i denne gruppa, men det fell meg ikkje inn å vera ein sjølvutnemnt ekspert på temaet. Snarare tvert om. Eg veit ikkje ein gong kva den såkalla optiske porten på DVD-spelaren min er god for, langt mindre kva alle tekniske forskjellane mellom dei ulike formata er. Men eg veit kva formatkrigen kostar oss: mangel på Star Wars i HD-format! George Lucas sa tidleg i fjor at han ikkje kom til å sleppa filmane i HD-formatet før han var sikker på kva format som kom til å vinna. Av di han fekk stor kritikk for å venta så lengje med DVD-slepp (heilt til i 2004, lengje etter at VHS mest var borte frå butikkane), har han sagt at han ikkje ynskjer å venta like lengje på HD. Viss Formatkrigen ikkje vart avgjort, kom Stjernekrigen berre til å sleppast på HD-nedlasting. Og ein kvar samlar er samd: det syg! No ser det ut som om me endeleg kan pusta litt rolegare, og forventa å sjå Skywalker-soga på arvtakaren til DVD om ikkje alt for lengje.

Eg sa heile tida at me kom til å få sjå vinnaren i laupet av jola. Og sant nok, rett før trettendagen (på fredag den 4. januar, tradisjonelt sett enno jol), kom Warner med ei pressemelding. Dei kom til å kutta ut HD-DVD, og satsa for fullt på Blu-ray. Og med dette byrja ballen å rulla. New Line tok sats, og hoppa på Blu-ray-toget saman med Warner. Frå før er giganten Sony med, som endeleg ser ut til å stø rett format (Betamax var deira attende i godegamledagane). Kjem Paramount til å byta? Kjem Universal etter? HD-DVD er formatet som Microsoft stør (i spelekonsollen X-Box), så det kan henda at HD-DVD ikkje forsvinn med det fyrste når det kjem til spel. Men for filmen sin del, ser det endeleg ut til å vera avgjort, så det er godt mogleg at eg ynskjer meg ein Blu-ray-spelar til neste jol.

Til sist vil eg halda entusiasmen litt attende. Sjølv om Blu-ray-plater kan roma meir enn HD-DVD-plata, så er Blu-ray også det formatet som handsamar forbrukarane dårlegast. Kopisperrar, soneinndeling og alt mogleg anna dritt gjer det litt vrient å faktisk sjå film. HD-DVD har ikkje soneinndeling, og det er så og seia avleggs no. Då DVD fekk soner, var det av to årsaker: 1) stogga import/eksport for å halda innkomene innanfor eit område, og 2) for å stogga at ein film vart tilgjengeleg på heimemarknaden ein stad før han kom på kino. Hugs, Dette var før Internett, og dette var før samstundes verdspremiere både på kino og video. Som sekundæroppgåve skulle dette stogga piratverksemd, men tida synte fram at det oppmuntra heller enn å stogga det. Og då kom kopisperrene, som gjorde at filmane ikkje kunne synast fram på mange spelarar på lovleg vis. Då blomstra piratverksemda. For kvar ny sperre, kom det hundrevis av nye piratar som lét seg provosera av at dei ikkje fekk lov til å sjå filmen dei på rettvist måte hadde kjøpt lovleg i butikk, berre av di spelaren deira som òg på lovleg vis var kjøpt i butikk, vart stengt ute av kopisperra. Kjem fadesen på ny med Blu-ray?

Kor som er, Star Wars i HD-format er ei fin lita gulrot, ikkje sant? The Digital Bits (gørrstygg vevside, men ein særs oppdatert og ofte påliteleg kjelde) fortel deg meir.

2 innspel

  1. Simon

    Ein liten tanke til: Mange uffar og æsjar seg over at det no kjem eit nytt videoformat. «Må me byta ut heile samlinga endå ein gong?» Svaret er nei.

    Det kjekke med DVD er at filmane ikkje vert dårlegare med tida. Der VHS vart skamdårleg etter ti-tolv framsyningar og heilt øydelagt til slutt, held DVD seg like godt frå den dagen du fekk plata. Ved normalt bruk, sjølvsagt – du kan ikkje forventa det same om du nyttar platene som kaffiunderlag, sendebrett eller liknande. I alle fall, dette tyder at det ikkje er vits i å systematisk byta ut samlinga du har. Enkelte filmar, kanskje, som du har kjempelyst å sjå i HD-format, men elles er det ingen god grunn til å kasta ut filmane.

    DVD-formatet er jo såpass god kvalitet på at du ikkje merker den store forskjellen på dei vanlege fjernsyna (fyrst når skjermen nærmar seg 50″, kanskje) med mindre du er svært kresen. Sjølv har eg ein 24″, og då ser eg ingen forskjell.

  2. Odin / Velmont

    Eg hev heldt med HD-DVD heile vegen. Formatet er billigare og som du seier, mykje meir brukarvenleg.

    Blu-ray treng ei eiga Java virtuell maskin i kvar spelar, slik at dei kann implementera heilt sjuke sperror for oss vanlege folk. Eg vert so jævla sint og sur på desse drittfolki som absolutt skal pressa den helvettes DRM-en inn på kvart jækla område dei finn. Eg er so ekstremt for DRM-forbod i lov at eg kann ikkje få sagt det.

    AACS eller kvasøren DRM-teknologien som er felles i HD-DVD og Blu-ray heiter er allereie cracka. Yey! Det tyder at eg kann sjå desse filmane i Linux. Dei gjer det langt frå enkelt, dei gjer det faktisk jækla vanskeleg; men likevel er det no mogleg. Blu-ray fungerer nett no, men dei hev eit ukjend ekstra tryggleikslag. Me veit ikkje kva dette er eller gjer endå, men det lover langt frå godt.

    Soner er berre mongo som du seier. Sony er mongo. Hekkan, dei er eit digert drittselskap som legg rootkits inn på CD’ar dei sel! Snakk um å vera teit!

    Ja, og HD-DVD er veldig mykje billegare å laga og implementera. Eg ser umtrent berre føremonar ved HD-DVD. Teite Blu-ray.

Gje innspel