«

»

Mission: Impossible III

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Tom Cruise er attende som agenten Ethan Hunt. Han tenkjer visstnok å trekkja seg ut or spionverda, og når me møter honom i denne filmen, er han trulova med ei fager kvinne. Men klarar han å skilja privatlivet frå spionlivet?

Den notoriske, sadistiske og gruelege våpenhandlaren Owen Davian er i ferd med å selja noko svært verdifullt. Truleg til bruk i terroråtak. Hunt og gjengen har eit oppdrag: stogg Davian. Men det vert lettare sagt enn gjort (dette er trass alt «Oppdrag: umogleg», ikkje «Oppdrag: lett»). Snart er Hunt att i ein farleg situasjon der det ikkje berre er livet hans det står om, men òg den kommande hustrua hans. Owen Davian viser seg å vera ein grum fiende.

Filmen framstod for meg som ein samanhengjande ljod av pistolskot og eksplosjonar frå start til slutt, og inntrykket eg sat att med var difor negativt. Ikkje berre var filmen svært lite oppfinnsam, men han var nesten keisam. Eg skriv «nesten», for det er oppdrag: umogleg å ikkje lata deg underhalda av ein slik film i THX-salen på Prinsen, i eit deilig sete – plassert midt i salen – som du kan lena attover og som har koppholdar i armlenet med ei iskald Cola i. Men fallhøgda var stor, og attsynet på hybelfjernsynet mitt var heilt bortkasta tid. Eg tipper at sjølv dei hardbarska tilhengarane av Mission: Impossible er skuffa (og då talar eg om tilhengarane av filmserien, ikkje fjernsynsserien. Hugfolka av fjernsynsserien var allereie skuffa over fyrstefilmen, der fjernsynsseriehelten plutseleg viste seg å vera skurk. Oops, der avsløyra eg visst den filmen…), men at yngre, usiviliserte fjortisar tykte godt om han.

Gje innspel