Species

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Hurra for det sinnsjuke hovudet til den sveitsiske kunstnaren H.R. Giger. Teikningane hans er kan best omtalast som «erotiske mareritt». Du får ein smakebit av kunstverka på vevstaden hans. Giger har medvirka i fleire filmar, mellom anna Alien og Alien³. Han vann oscar for den fyrste. Han står òg bak det fantastiske monsteret i filmen Species. Eit monster som er djevelsk tøft, dyrisk listig og hinsidiges sexy. Viss eg har noko å seia, er dette monsteret betre formgjeve enn Alien-monsteret.

Verda har endeleg fått prov på liv i verdsrommet: me har motteke ei melding – ei DNA-oppskrift. I eit løynd millitærlaboratorium klarar forskarar å smelta dette saman med eit menneske-DNA, og dimed dyrka fram ein hybrid. Hybriden, ei blond lita jente, syner seg å ha svært brysomme mareritt, og forskarane vil stogga prosjektet. I det dei skal til å tilinkjegjera henne, bryt ho seg ut av millitærbasen. På grunn av påskunda vekst, gjennomgår hybridjenta ein metamorfose og vert om til ei vakker ung kvinne. Ei ung kvinne som berre handlar på sitt dyriske driftar. Ho vil parra seg, og lèt ingenting stogga henne. Storbyen ventar!

Filmen har ikkje så veldig djup historie, men med skodespelarnamn som Ben Kingsley, Michael Madsen, Marg Helgenberger, Alfred Molina og Forest Whitaker i rulleteksten, er det ikkje så nøye. Store delar av filmen går ut på at Natasha Henstridge, hybriden, lauper rundt naken. No og då syner ho fram sitt verkelege seg (altså monsteret under mennesket), og dette er meir enn godt nok for meg. Som sagt, hurra for det sjuke hovudet til Giger.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/01/species/