Timecop

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det er vel ikkje ein løyndom at eg har godhug til vitskapsdikting. Og eit av dei artigaste ideane innan vitskapsdiktinga er tidsreiser. Dei kjem i alle formar og typar, og er alltid spennande. Ideen om å kunne reisa fram og attende i tid byr på mange fysiske, filosofiske og ikkje minst etiske spørsmål. Er det fysisk mogleg å reisa i tid? Kan ein person som er fødd i 1985 eksistera i 1977? Viss det var mogleg å reisa i tid, ville det ikkje då vera ei plikt å stogga terroråtaka på USA den 11. september 2002, eller vil dette vera uetisk og uforsvarleg av di det kunne få negative følgjer for den endra historia? Eg liker å filosofere over ideen om tid. Det er kanskje det mest abstrakte me menneske klamrar oss fast til som sanning, men som ingen heilt klarar å gjeva ei god definisjon på. Folk har dårleg tid, dei tek seg god tid, filmar tek tid å laga og det er ikkje lang tid att til oscarutdelinga; men jamvel om alle er kjende med slike utsegn, så har eg til gode å møta nokon som kan svara meg på kva tid er. «Tid er ei retning i eit firedimensjonalt univers.» Kva i svarte tyder det?

Nokre filmar prøver å gjeva svar på slike spørsmål, medan andre leiker seg med sjølve filosoferinga. The Time Machine, som i og for seg var ei dårleg nyinnspeling, synte ei artig vinkling. Tidsfararen fann opp tidsmaskinen etter at kjæresten hans vart overfalt og skote i parken, men viss han nyttar tidmaskinen for å reisa tilbake og redda henne, så vil han ikkje ha nokon grunn til å finna opp tidsmaskinen. Han reiser attende i tid fleire gongar for å redda kjærasten, men nett difor døyr ho på ulikt vis kvar gong. I Back to the Future klarar tidsfararen Marty McFly ved eit uhell å stogga mora si frå å treffa – og dimed forelska seg i – faren. Dette vil føra til at Marty til slutt ikkje finst lenger. Så har me Timecop, då.

Amerikanarane har funne opp ein måte å reisa attover i tid på. Av di dei har klara det, er det all grunn til å tru at fleire kan få det til òg. Dei opprettar difor eit løynleg tidspoliti som skal overvåka og hindra at nokon fer attende i tid med føremål om å endra framtida. Max Walker er ein av dei beste agentane dei har, men han ber på ei stor sorg. For ti år sidan vart kona hans drepen av terroristar. No må han hamla opp med den slemme senator McComb, som reiser i tid for å skaffa seg pengar til presidentkandidat­valkampen sin. Senator McComb nyttar skitne triks, og Walker må gjera alt han kan for å stoppa McComb.

Hovudrolleinnehavaren Jean-Claude van Damme er ein stut. Du set ikkje ein stut inn i ein film som frå før har eit svært svakt manus. I Back to the Future var sjølve tidsreisene utforma på eit sånn vis at tilskodarane var heilt med på ideen. Her feiler Timecop, og lagar berre meir krøll for seg sjølv. Kvifor i helvete reiser dei att i tid på ei slede, men dei reiser fram i tid med eit lite armbandsur? Korleis er det mogleg for dei å vita at nokon har reist att i tid? Og kva er dette «den same massen kan ikkje okkupere det same rommet samstundes»?! I filmen heiter det at viss du reiser bak i tid, og treffer deg sjølv, så vil både den yngre og den eldre utgåven av deg sjølv opphøra å eksistera av di du og deg er laga av den same massen. Dette er heilt ulogisk, sidan cellene våre vert fornya heile tida. Du har altså ikkje same masse i 1994 som du har i 2004. Og til sist: når byrja franskmenn å heita Max Walker? Nei, filmen er ein katastrofe frå start til slutt.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/01/timecop/